Jump to content

Spill prat


Jos
 Share

Recommended Posts

Ok, her er ein rant mot Mass Effect.

 

Når sant skal seiast, så veit eg ikkje heilt korleis eg skal byrje. Det er vanskeleg å argumentere mot at noko er bra, når ein ikkje forstår argumenta som talar for det. Mass Effect minner om generisk fantasy (og i mindre grad science fiction): Stappfullt av detaljar og bakgrunnsstoff, tomt for substans. Du kan bruke månadsvis på å setje deg inn i denne verda, men utanom ho har informasjonen du tek til deg ingen relevans. Utover å ha lært nok ei fiktiv verd å kjenne, har du ingenting att for strevet. Kven som helst kan skrive slikt så lenge dei tek seg tid til det.

 

Gamer.no skreiv seinast i dag at ”hovedhistorien [var] veldig solid i det første Mass Effect. Den var velfundert, dyp og tidvis full av valg der du måtte ta et oppgjør med deg selv.” No er ikkje eg ferdig med spelet (har nettopp kome til Virmire, etter å ha vore på Feros, Noveria og Artemis Tau), men eg kan ikkje seie at eg kjenner meg att i dette. Velfundert og djup? Dei einaste gjennomgåande tema eg har klart å finne i spelet er kulturskilnader og rasisme, og dei vert behandla på barnehagenivå. ”I don’t trust a turian!” Ikkje har eg måtta ta utfordrande val heller, trass i at eg har gjort praktisk talt alle sideoppdrag eg har kome over.

 

For å ta eit døme på eit enkelt, men forsøksvis vanskeleg val: I citadellet, svært tidleg i spelet, møter du ein indisk mann som har mist kona si. Ho var soldat, og vart drepen i felten. Problemet er at han ikkje har fått utlevert liket, og heller ikkje ei forklaring på kvifor. Sidan du har ein viss rang, lurer han på om du kan hjelpe han. Du går og snakkar med ein av dei ansvarlege, og får vite at dei studerer liket. Kvinna vart drepen av hittil ukjende våpen, og ved å granske såra, kan dei finne ut ting som kan redde liv på slagmarka seinare. Ser ein bort frå at det er eit opplagt overtramp å ikkje fortelje mannen hennar sanninga, er dilemmaet er openbert, men spelaren har ingenting med det. Dette er opp til mannen hennar, og han åleine. Når han så skal velje, har han berre éin ting å bry seg om: Kva ville kona hans ha ønskja? Veit han ikkje, så får han anslå. Merkverdig er det likevel at han aldri får ta dette valet, fordi det ikkje er mogleg å fortelje han heile historia. Alt du kan seie er at dei utfører testar på liket. Det kan virke som om Bioware ikkje eigentleg spør deg, så mykje som dei, ja, testar deg. Seinare i spelet må ein mellom anna ta stilling til kven som skal leve og døy, men slikt kokar til sjuande og sist ned til kven ein stoler på.

 

Men om ein så synest at desse vala er interessante, så er det påfallande at dei er fullstendig påklistra. Sjølv når du ikkje kan unngå dei, er dei ingen integrert del av historia, men uavhengig konstruerte dilemma som er putta inn for å skape ein illusjon av eit intellektuelt utfordrande spel. Det grovaste tilfellet eg kjenner til, har eg ikkje vore borti sjølv, men det er skildra på Rock, Paper, Shotgun: Spelaren vandrar rundt i citadellet, og kjem over ei kvinne og bror til den avdøde mannen hennar som diskuterer om ho skal føde det sjuke barnet som ho går med. Du får seie di meining, og svaret ditt vil avgjere valet hennar. Vips, så kan Bioware hevde å ha tatt opp abortspørsmålet, og hauste lovord for grensesprengande mot og ambisiøsitet. Å forfatte ein situasjon utan ein klar rett og gal utgang er ein svært enkel affære. Fortener Bioware nasegrus beundring frå presse og publikum for ei slik bragd?

 

Jamt over er historia i Mass Effect heilt ok, og ho prøver i det minste. Slik sett er spelet eit steg i riktig retning for bransjen. Samstundes tråkkar det djupt ned i salaten ved fleire høve.

 

Fox News lagde som kjend eit nummer ut av ei lita, uskuldig sexscene i spelet, og har fullt fortent blitt hengd ut for det. Interessant er det likevel at dei ikkje var så fjernt frå sanninga som framstillinga av saka kan tyde på. Vinklinga deira var bak mål, men Mass Effect er mannssjåvinistisk. Ikkje tvers gjennom, men på eitt bestemd punkt: Asariane. Å inkludere ein art utelukkande samansett av vakre kvinner i forsøksvis seriøs fiksjon er umogent og pinleg, sjølv om huda deira er aldri så blå. Likevel er det ikkje først og fremst dette som får meg til å setje ein slik nedlatande merkelapp på spelet. Det er nemleg slik at asariane kan formeire seg med ein kva for som helst art. Dette er sjølvsagt for å opne for mellomartslege romantiske forhold, og viss Bioware hadde stoppa der, skulle eg ikkje ha sagt noko. Viss. Dessverre greier dei ikkje å motstå freistinga for å gå eitt steg lenger. Asariane kan nemleg formeire seg med alle artar, inkludert sin eigen. Altså: Ein art utelukkande samansett av vakre kvinner som har sex med kvarandre. Dersom dette ikkje er å appellere til mange menn sine fantasiar rundt lesbisk sex, så kan de kalle meg ein stol (mao. kan de ikkje det). Og dersom Bioware nektar for dette, så lyg dei. Asariane framstillast rett nok som dyktige vitskapsfolk, men den definerande faktoren deira er sexappell.

 

Artane i Mass Effect er dessutan generelt deprimerande. I eit forsøk på å skape differensierte biologiar og kulturar, har Bioware nytta mange billige triks. Den eine arten er hovudsakleg vitskapsfolk, den andre kjøpmenn, dei neste krigarar, horer osv. I talen skil dei seg frå kvarandre gjennom det som opplagt er datamanipulasjon: ekko, forvrenging og toneendring. Snåle uttrykksmåtar er òg i bruk. Jo mindre menneskeleg ein art er, jo meir ser han ut til å trenge ein gimmick. Det er som om Bioware var for flaue over enkelte design som opplagt er ute av stand til å bli siviliserte, til å tore å stå inne for dei. ”Vi meiner det jo ikkje seriøst, då!” Samstundes klarte dei ikkje å forkaste dei, fordi det ville gå ut over variasjonen. Ei tvilsam avgjerd.

 

Til sist har vi karakterane. At dei har fleire sider, er det ingen tvil om. Wrex er ikkje så barbarisk som han først kan virke, og Ashley har svært personlege grunnar for å vere så rasistisk som ho er. Men er dei gode karakterar av den grunn? I Crash viser det seg at den rasistiske politimannen òg har svært personlege grunnar for å hate andre rasar, langt meir forståelege enn Ashley sine, men kven vil hevde at han er ein god karakter? Apropos dette, så synest eg nok at det er vel billig av Bioware å gjere den kristne jenta til den intolerante og mistruiske rasisten. Samspelet mellom karakterane lir under unaturlege replikkar og svakt skodespel. Gode døme på begge delar:

 

[Om ein forvirra person med dommedagsvisjonar.] “There is a fine line between genious and madness.” ”Is it madness to see the future? No, I am the only sane one left.”

[Konfrontasjon mellom ond mor og god datter] “What have you told them about me, Liara?” ”What could I say, mother? That you’re evil? Insane? Should I explain how to kill you? What should I say?”

[Om ein person som har tatt livet sitt.] “Pity! God only gives you one life.” ”Many salarians believe in the wheel of life. Your people call it reincarnation. My people have a similar philosophy.”

[Ashley og Liara kranglar.] ”Hostility is a common reaction to the unfamiliar.” ”Doctor, if you keep smartassing me, I’ll show you what my hostile reaction is like!”

[Etter at du har overtalt to fiendar til å leggje ned våpna og la deg passere.] ”It would have been quicker to just kill them.” ”Killing people isn’t always the answer.”

[Piloten på skipet ditt skryt.] ”The Normandy is probably too much to handle for your average pilot, commander. Lucky for you, I’m anything but average!”

 

Det vert hevda at Bioware verkeleg har tatt skodespelet på alvor, sidan dei har fått med seg folk som Seth Green og Marina Sirtis. Sidan når var desse dyktige skodespelarar?

 

Uruloki sine lovord frå eit knapt år tilbake er avslørande. Mass Effect er fantastisk fordi det refererer til 2001, Tarkovskij, Nietzsche og Quisling, og fordi det har eit opent forhold til sex og ei klar haldning til religion og klima. Er dette det beste spelet har å by på? Er det det beste spelbransjen har å by på? Det beste kunsten har å by på? Klart, dette var berre nokre kjappe døme frå Uruloki si side, små detaljar, men det er det einaste vi får. Om Mass Effect er så genialt, burde det vere nok av meir overtydande ting å ta av. Er det ikkje rimeleg å vente ei betre grunngjeving enn dette? Eg vurderte å kommentere det der og då, men på det tidspunktet hadde eg ikkje spelt spelet, og ville ikkje krangle for mykje om det.

 

Alt i alt er Mass Effect eit par hakk smartare enn dei aller fleste andre spel.

Link to comment
Share on other sites

 
  • Replies 1.8k
  • Created
  • Last Reply

Top Posters In This Topic

 
Okei, jeg tror jeg må svare i mårra, hvis det er greit. Så kan jeg heller svare litt mer grundig. Men alt i alt synes jeg du går inn for å være veldig pirkete, tar mye ut av sin sammenheng (dialoger f.eks, står sjeldent godt alene) og det skinner vel litt igjennom at du har en viss personlig vendetta her. Ikke at det er noe galt med det, jeg gjorde jo det samme med Fallout 3 for ikke så lenge siden, så jeg skal ikke arrestere deg. For øvrig bra at det kommer litt "forskjellige reaksjoner" på spillet. Men ja, jeg svarer deg mer utfyllende i morgen.
Link to comment
Share on other sites

 
Men alt i alt synes jeg du går inn for å være veldig pirkete, tar mye ut av sin sammenheng (dialoger f.eks, står sjeldent godt alene) og det skinner vel litt igjennom at du har en viss personlig vendetta her.

Nei, eg går ikkje inn for å vere pirkete. Eg leitar ikkje etter feil, dei er slåande nok som dei er. Dialogane står ikkje det grann betre i sin samanheng, og det gjer heller ikkje noko av det andre eg trekkjer fram. Ein viss personleg vendetta har eg kanskje, men han er fullstendig legitim. Eg ønskjer så gjerne å sjå spel utvikle seg til eit seriøst medium, og derfor går det meg på nervane at sjølv profesjonelle og respekterte journalistar ikkje maktar å gjennomskode billig liksom-kunst som Mass Effect og GTA IV.

 

Ja, du kan vente deg ein minirant mot GTA IV òg. Men slapp av, dette spelet har eg langt meir til overs for. ;)

Link to comment
Share on other sites

 

Kjapt om GTA IV:

 

Min kritikk mot GTA IV er ikkje retta mot historia og karakterane, som er solide, om enn ikkje så veldig kreative. Det er satiren eg reagerer på. Spelet harselerer med USA og løgna om «the American dream», men gjer det så overflatisk at det i beste fall er lite imponerande. Rockstar er ikkje interesserte i å drøfte og problematisere, men nøyer seg med å le av all idiotien som vi som kjend finn i landet. Det er som om dei såg litt for mykje på Jon Stewart og trudde at dette gav dei kunnskapen og innsikta til å kalle seg kompetente samfunnsdebattantar. Dei minner om sjølvtilfredse internettmeinarar der dei går laus på religiøse fundamentalistar, kapitalismeforherligande politikarar og reklame. Dei gir ikkje uttrykk for noko som helst som du ikkje må vere stokk dum for å protestere mot. Det er tannlaust. Er dette satire som er verdig det mest kritikarroste spelet gjennom tidene? I løpet av sekund etter at du startar GTA IV, forstår du kva Rockstar prøver å seie: «USA skulle vere Vesten si høgborg, symbolet på fridom og menneskeverd, og sjå kva som hendte!» Utgangspunktet er for så vidt greitt, men dei utviser inga utstrekt forståing for temaet. Dei berre tværer på denne setninga i det uendelege, bankar inn i hovudet ditt at i USA, der er det pengane som rår, medan folket må leve i usle kår.

Link to comment
Share on other sites

 
 
 
Vil du påstå at dette er en grunn til å ikke spille spillet?

Mass Effect eller GTA IV? Vel, same kva for eit spel du tenkte på, så vil eg sjølvsagt seie nei, ikkje så lenge det elles freistar deg. Det er heller ikkje nødvendig for at kritikken min skal ha verdi.

Link to comment
Share on other sites

 
Tenkte på GTA. Selv finner jeg det ganske underholdende, og det ville vært kjipt om du oppga muligheten til å være komplett bajas i en fantastisk visuell by med nydelig soundtrack, på grunn av "dårlig satire".
Link to comment
Share on other sites

 
 
 

Starta opp med Metal Gear Solid 4 igjen for ei uke siden eller noe sånn, jeg ble vel litt skuffa første gang, gikk lei etter et par timer, men nå bare føltes det så rett. Forventningene litt skrudd ned, og så videre. Ble ferdig i natt, og sov 1 time før jeg skulle til frisøren, måtte jo bare bli ferdig. UANSETT, bra, veldig bra. En god konklusjon på serien. Jeg liker ideen med den legendariske actionhelten som er blitt gammel og grå i håret, med røykehoste og dårlig rygg, et fossil som prøver å leve etter gamle bragder. Det er "noe annet". Gameplaymessig bra, ikke revolusjonerende, irriterer meg for eksempel fortsatt over de utallige usynlige veggene, at man ikke kan hoppe, slike ting. Men det veies for så vidt opp av vidunderlige boss-fights og generelt oppfinnsomme kampsituasjoner. Det er jo en vanvittig nostalgirunk dette her, med henvisninger i hytt og pine, referering til alt som har skjedd før, små in-jokes, og det er jo fint for oss fans.

Gjensynet med Psycho-Mantis for eksempel, en høydare.

Spillet flyter veldig fint, historien utarter seg bra, noe kanskje cutscene-motstanderne her vil si seg totalt uenig i, for du sitter vel nesten like mye og ser på film som du faktisk spiller selv. Plager ikke meg nevneverdig. Jeg savner dog litt uforløsthet. De to foregående spillene vant mye på å la en del henge i luften selv etter spillene var slutt, cliffhangers, uoppklarte hendelser, man hadde ikke helt "oversikten", det var noe mystisk og konspiratorisk ved det. I firern skal dog absolutt alt forklares ned til minste detalj, og det er jo kanskje forståelig, som det siste spillet i serien, og det sies jo, "nå er det back to the real world", men det er en del forklaringer som gjerne kunne vært utelatt, "jeg kjøper det ikke helt". Mot slutten blir det kanskje i overkant mye schmaltz.

Hele sisteakt kunne for eksempel vært kuttet ut for min del. Hadde vært en mye mer fantastisk slutt om Snake faktisk blew his brains out. Unødvendig.

Eller, kanskje ikke alt mot slutten, for de siste par timene inneholder jo også de beste delene/scenene.

Mikrobølgekorridoren for eksempel.

MESTERVERK.

 

Alt i alt et riktig bra spill, forventningene måtte bare skrus litt ned. 10.0, som så mange har gitt det, er jeg nok ikke helt enig i dog.

Link to comment
Share on other sites

 
Peggle Nights, Best Fever: 753600. Kun de fire siste utfordringene igjen nå! Dette er mye vanskeligere, og bedre, enn det originale Peggle. Tidenes mest geniale spill.
Link to comment
Share on other sites

 
Nokon som vil tilråde Sins of a Solar Empire? Impulse har tilbod på det no. Har høyrd mykje bra om det, men demoen overtydde meg ikkje, trass i at det er stort, nytenkjande og flott. Tittelen er dessutan truleg den beste i spelhistoria. Eg er berre ikkje sikker på om eg gidd å lære meg spelet. Er det verdt det?
Link to comment
Share on other sites

 
Nokon som vil tilråde Sins of a Solar Empire? Impulse har tilbod på det no. Har høyrd mykje bra om det, men demoen overtydde meg ikkje, trass i at det er stort, nytenkjande og flott. Tittelen er dessutan truleg den beste i spelhistoria. Eg er berre ikkje sikker på om eg gidd å lære meg spelet. Er det verdt det?

 

 

Prøvde å lære meg det, men det ble rett og slett for mye, og jeg ga opp. Men det er sinnsykt artig å kunne slike spill. Avhengighetsskapende som f...

Link to comment
Share on other sites

 
  • 2 weeks later...

Steampunk-Disney, gitt.

 

http://www.dagbladet.no/spill/blogg/wp-content/uploads/2009/09/goofy_zombie-245x439-custom.jpg

 

http://www.dagbladet.no/spill/blogg/wp-content/uploads/2009/09/2hi022s.jpg

 

http://www.dagbladet.no/spill/blogg/wp-content/uploads/2009/09/sea_transport.jpg

 

 

Dette kan jo bli noe.

Link to comment
Share on other sites

 

Det så ganske kult ut egentlig.

 

Min tetrismani har vist kommet tilbake. For dere som har mac kan jeg varmt anbefale Quinn, men dere har sikkert bemerket dere denne ganske sexy versjonen med hendig ctrl-z funksjon til bruk i stressa øyeblikk. Spille online kan man også. Slår jo såklart ikke tetris på gameboy da men HVA gjør vel det?

 

http://www.infinitelives.net/wp-content/uploads/2009/02/quinn_network.jpg

Link to comment
Share on other sites

 
  • 2 weeks later...
 
 

Peru. Har du fått testet ut Scribblenauts enda? Hva synes du?

Jeg syntes det så ut som tidenes kuleste spill da jeg hørte om det, og var lenge på tankene å kjøpe en Nintendo DS bare for å spille det. Kritikkene har dog vært litt varierte. Noen mener det er et mesterverk, mens andre synes det er overhypet. Har du noen tanker?

 

S,

Link to comment
Share on other sites

 
 
 

Jepp, jeg har det.

Kritikken har noe for seg, samtidig som den ikke har det. Dvs, poengene er fair nok: Kontrollen er litt klundrete, du får aldri spilt det som noen platformer og man kunne kanskje ønske seg at man kunne bevege figuren rundt med d-pad. Og ja, du kan løse alle brettene på en ganske kjedelig måte, finne noen formler som kan løse veldig mange utfordringer.

 

Men man må jo bare ha litt selvdisiplin. Potensialet er der, utfordringene er vriene og kan løses på veldig mange kostelige måter. Men man må vri hjernen sin litt og like å tenke litt 'lateralt', for å få noe ut av det. Samtidig har jeg blitt positivt overrasket over "puzzle mode". Action mode er der du skal komme deg til stjernen, i puzzle mode presenteres andre oppgaver, som å få en katt ned fra et tak (som et eksempel på et veldig tidlig brett). De har brukt databasen sin smart til å lage veldig mange morsomme og varierte utfordringer.

 

Og lovnaden om at alt kan skrives inn stemmer. Som så ofte før er en så radikal ny spillmekanikk presentert i en ganske "bar" innpakning, men fortjener like fullt stor kudos for å våge og å lykkes. Utgangspunktet de har lagt i denne databasen MÅ jo kunne videreføres til andre spill, sjangre og opplevelser.

Link to comment
Share on other sites

 

Jeg spiller mye spill fortida, og det er nok fordi det er høstferie! Nettop vært nede i Danmark og kjøpt "Assassin's Creed" og "The Godfather II" til PS3, til en snau tohundrings hver. Ikke fått spilt de enda, nå for tiden går det mest i "GTA IV", for det spillet er ekte rock n' roll!

 

"Battlefield: Bad Company" har jeg også spilt veldig mye de siste måntene, men det står godt i hylla nå, og der skal det stå en god stund også. Det er bra altså, men man blir lei av det når det spilles hele tiden. Gikk også på en bomtur og kjøpte "Tom Clancy's: EndWar" til PS3, for det var noe ekte møkk. Et typisk spill jeg heller kunne sett for meg på PC. "Lost: Via Domus" har jeg også, kjekt om du er lost-fan, men du kommer igjenom det etter en snau uke med lite spilling.

 

På det neste punktet på ønskelista nå står FIFA 10, fikk ikke med meg 09 så må hvertfall ha det. Foretrekker "FIFA" foran "Pro Evolution Soccer". I nær framtid må jeg også satse på noe Guitar Hero eller Rock Band. "Rock Band" har alltid de beste sangene, men "Guitar Hero" har designet og instrumentene, så jeg er veldig i tvil. Så foreløbig må jeg nok spille på Les Paulen.

Link to comment
Share on other sites

 

Rock Band by far. For det første føles ikke Guitar Hero LIKE finjustert, men det er kanskje en smakssak. Hva mener du med at Guitar Hero har instrumentene?

Rock Band har ihvertfall et mye bedre låtutvalg, spesielt på nedlastinsgsfronten er de veldig flinke til å få ut mye variert musikk hver uke.

Link to comment
Share on other sites

 
  • BadSmile changed the title to Spill prat

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share


×
  • Create New...