Jump to content

Mysteriet om Coen-brødrene – Nihilistisk ironisering eller moralsk konservativisme?


Jarmusch
 Share

Recommended Posts

Ein ting er i alle fall sikkert; filmane deira er meir enn berre lekker kinematografi og artige voldsforteljingar.

 

Spørsmålet er korleis ein veljar å tolke dei. For å halde fram med det eg påbyrja i overskrifta; analysering av Coenfilmar deler som regel folk i to. Det er dei som meiner verka deira er nihilistiske og fulle av ironisering rundt religion og verdiar, men også dei som tenker det motsette, at filmane har moralske bodskap om å bevare vår kultur og konservativisme.

 

Men blir ikkje denne splittinga litt for overflatisk? For som oftast ligg det vel ikkje i kunstens interesse å fremme ein spesifikk ideologi eller eit bestemt bodskap, men å ta opp og skape debatt rundt verkets tematikk.

 

I det eg prøver å forstå Joel og Ethan betre, byrjar eg med å ta utgangspunkt i O Brother, Where Art Thou?, som eg nylig såg opp igjen.

 

Filmen tar utgangspunkt i Odysseen av Homer. Det blir tydeliggjort frå starten av.

 

Clooney er Odyssevs, eller Ulysses, som han går under her. Men der Odysseen handlar om ein dominerande helt, kjem Odyssevs/Ulysses menneskelige sider fram i O Brother, Where Art Thou?.

 

Hans fåfengd og egoisme. Korleis han alltid fiksar håret og har dratt med seg ”mannskapet” sitt for å gjere eit personlig ærend, sjølv om han har forsikra dei om at alle tre skal bli belønna med ein stor skatt.

 

Er denne evige narsissismen eit gjentakande tema i Coen-brødrenes filmar? Clooneys karakter i Intolerable Cruelty lider jo av same problem, med dei skinnande kvite tenna sine.

 

O Brother, Where Art Thou? er stappfull av religion, kultur, verdiar og andre referansar. Det er vanskelig å bli klok på kva dei to filmskaparane eigentleg vil, men så langt veljar eg å sjå det slik:

 

Gløym splittinga. Dei prøver ikkje å framheve eit spesielt bodskap, men heller å ta opp kva kultur og verdiar er og betyr for oss menneske i fortida, dagens samfunn og framtida.

Filmen er full av ironisering rundt religiøse, overflatiske element; som dei to medfangane til Clooney som innbiller seg at dei er gode og reine menneske etter å ha blitt dyppa i vatn av ein prest. Etter å ha blitt frelst frå all vondskap og synd.

 

Slutten er ei slags satire over heile Odysseen. Der den slutter med at Odyssevs vinn tilbake kona si, er det ikkje slutten like fornøyelig for Ulysses. Kona hans vil ha ringen han kjøpte for lenge sida, som er gjenglemt på hytta, som igjen er veldig langt unna, og dessutan under vatn.

 

I Odysseen vender hovudpersonen heim og føler han hører til igjen. I O Brother veljar kona til Clooneys karakter verdiar framfor hans menneskelige aspekt.

 

Rase tas også opp i ”kultur og verdiar-samanhengen”, der folket veljar folkemusikkbandet til hovudpersonane framfor ku-klux klan presidentkandidaten. Dei veljar kultur framfor verdiar. Dei veljar moderne solidaritet framfor tradisjonsfylt konservativisme. Dei veljar å sjå framover i staden for bakover.

 

Men samtidig latterliggjer filmen Clooneys ateistiske livssyn like mykje. Hans mangel på spiritualitet og openheit. ”Alt har ei vitskapleg forklaring” osv…

 

For O Brother er full av magi og spiritualitet. Men også lada med ironi og satire. Og nettopp derfor er den så interessante.

 

Så folkens, hva tyckys?

Link to comment
Share on other sites

 

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share

×
  • Create New...