Jump to content

Jarmuschs søk etter metaforar, symbol, skjulte bodskap, politikk og anna meiningsfulle og umeingsfulle grep i film


Jarmusch
 Share

Recommended Posts

http://unrealitymag.bcmediagroup.netdna-cdn.com/wp-content/uploads/2011/01/robocop-jesus-465x303.jpg

 

Skyter i gong ein journal til eg, håper det går greitt.

 

Uansett, eit basis grep når man vurderer ein films kvalitet, er å spørje seg sjølv spørsmålet ”får filmen til det den prøver på”. For i grunn er det ofte det det heile handlar om.

 

Me får sjå korleis dette utviklar seg, men poenget med journalen er uansett å ta eit djupdykk i film. Meining, bodskap, symbolikk osv osv…. Analysering med andre ord.

 

Eit døme kan vere den såkalla skjulte symbolikken i amerikansk hollywoodfilm. Peter Parker går igjennom puberteten i Spider Man, Batman er Bush i The Dark Knight.

 

Og slapp av, skal prøve å unngå å bli ein overanalyserande tulling i Armond White stil ala ”Drittfilmen G.I Joe er eit meisterverk fordi den går imot nihilisme og liberale hipstere, og presterer heller eit solidarisk moralsk bodskap i klassisk kvasikristen and”.

 

Omtalar:

 

Basic Instinct

 

Wreck-It Ralph

 

Spring Breakers

 

Back to the Future

 

Only God Forgives

Link to comment
Share on other sites

 

Basic Instinct - Paul Verhoeven

http://www.moviezya.com/wp-content/gallery/basic-instinct/39493.jpg

 

”So I like to try to go back and develop pure visual storytelling. Because to me, it’s one of the most exciting aspects of making movies and almost a lost art at this point”

-Brian De Palma

 

Den visuelle iscenesettinga regjerer i Paul Verhoevens sleazy og sensuelle neo-noir. Inspirasjonen kunne knapt vore tydeligare, herlig smaklaus og gjennomført med bittersøt ironi, stor sjølvsikkerhet og eit modernistisk auteurpreg.

 

Basic Instinct er ein stødig sjangerfilm, med tydelige grep frå klassiske noirfilmar. Lekre femme fatales, raske bilar og eit alkoholisert dophovud av ein depressiv og fortapt detektiv.

 

Samtidig er den ein endelaus sjangerkonvensjon, som balanserer hårfint mellom å vere kitchy og seriøs. Som ei kryssing av Body Double og L.A Confidential, men ein dæsj horror på toppen.

 

Gjennomføringa er behagelig. Fargane mjuke, klippen stabilisert og rolig, fotoet akkurat passe leikent, utan å bli overflødig.

 

Ok. Så filmen er godt gjennomført. Men så då? For kva er det eigentleg som gjer De Palma og Verhoeven til to av dei mest spennande filmskaparane i dagens amerikanske filmindustri? Jo, det må vere den ekstreme sjølvsikkerheten. De Palmas fokus på å visuelt briljere utan å vere redd for å stå fram som overflatisk narrativt. Verhoevens miks mellom ærlig trash, samfunnskritikk og velkomponert, blodig underhaldning.

 

I Basic Insticnt kryssast dei to regissørane. Verhoeven lagar sin De Palma film. Hm. Lurar på om me nokon gong får sjå De Palmas Verhoeven film?

 

Den er ein homage, klart. Men dei tydelige referansane bærer noko meir ved seg. Verhoeven kommenterer De Palmas smaklaushet, i det han kopierer heisscena frå Dressed To Kill (som igjen var ein tydelig ”rip-off” og ultrareferanse til dusjscena i Psycho).

 

Same med Hitchcock. Vertigo, heilt klart. Plotet sentrerer rundt det same konseptet Hitchcocks thriller bygga på. Besettelse. Den mystiske, blonde kvinna med det oppsette håret iført den kvite kåpa. Den besette, blindt forelska detektiven som febrilsk luskar rundt etter målet sitt.

 

ihttp://www.carolinedaily.com/1129077-1021.jpg?20130320http://woman.brigitte.de/asset/Image/briwoman/1-leben-lieben/1-6-liebe-sex/zu-schnell-verlieben/sharon-stone-basic-instinct.jpg

 

Plottwistar og overraskande vendingar er amerikanarane glad i. Det som skillar den standardiserte hollywoodproduksjonen frå den hugsbare, supersmarte, imdb topp 250 filmen, er kor godt slutten sitter. Kor godt man hugsar det heile.

 

De Palma og Verhoeven har komme eit skritt lenger. Dei har forstått det. Det er ikkje kva vendinga fører til som betyr noko, men korleis den gjennomførast. Oppbygginga er viktig.

 

Basic Instinct er ein leik med publikum. Uføreseielegheitas kunst. Karakterane er stadig i forandring. Man skulle nesten tru dei var schizofrene alle saman. Høgdepunkt etter høgdepunkt byggast opp. Antiklimaks etter antiklimaks.

 

Avslutningane på De Palmas gaillo Dressed To Kill og Verhoevens noir Basic Instinct er identiske. Nei, ikkje nødvendigvis prikk like, men narrativt byggar dei på same prinsipp. Det er ikkje lenger kva som fortelles man bryr seg om, men korleis. Dette er eit teikn på at auteuren har fått makt. Han er blitt mester over sitt eige verk. Ikkje lenger ein slave som er avhengig av noko smart.

Link to comment
Share on other sites

 

Du er blitt voldsomt mye flinkere til å skrive om film. Det er en skam at de færreste av innleggene dine blir møtt med noen form for respons. Jeg har ikke sett Basic Instinct og velger derfor å ikke lese akkurat dette innlegget særlig nøye, men virker som du er innom mye interessant. Ser frem til flere skriverier i denne journalen.

Link to comment
Share on other sites

 

Jeg er helt enig med paah, det er synd at dine skriverier ikke får mer oppmerksomhet. Du har vokst mye, og jeg synes det fortjener respons.

 

De Palma og Verhoeven er to regissører jeg har mye respekt for, som begge har vært "gateway"-regissører og gitt meg filmopplevelser der har ført til bredere smak. Men når det kommer til Basic Instinct, så har ikke jeg -såvidt jeg husker- sett den siden den kom ut. Jeg minnes vagt, Husker at jeg ikke var noen fan. Oppfattelsen bar nok veldig preg av å elske Robocop & Total Recall, to langt mer røffere filmer.

 

Det jeg kanskje bet meg mest fast i her, er hvor "spennande" disse to er pr dags dato i USA. Er de? Verhoeven ser ut til å ha vendt hjem, mens De Palma startet å snuble mot slutten av åttitallet. Endel av det han har gjort senere er flott, jeg liker spesielt den undervurderte Raising Cain, som tar hatten av for Argento. Men sånn jevnt over har det vært litt meh, og han begynner å gå litt opp i seg selv. Hva med regissører som Duncan Jones, tar ikke han tilbake litt av den friskheten vi knytter til De Palma?

Link to comment
Share on other sites

 

Tusen takk for tilbakemelding, folkens! Det varmar. Og fett at du er tilbake for fullt, paah.

 

Morty: Joda, du har eit poeng. Har forsåvidt berre sett fire Verhoeven filmar, men nei, han har vel ikkje laga så alt for mykje "spennande" i det siste. DePalma følger eg framleis med ganske stort engasjement då, til tross for at hans siste var ein skuffelse. Interessante at du trekker fram Duncan Jones. Kan godt vere noko der ja, lenge sidan eg såg dei to spelefilmane hans. Men Soruce Code spesielt, hugsar eg jo som ganske fint iscenesatt.

Link to comment
Share on other sites

 

Wreck-It Ralph – Rich Moore

http://img.gawkerassets.com/img/186iinthnr2qzjpg/original.jpg

 

Rive-Rolf og abortspørsmålet.

 

La oss først få det unnagjort: Første timen av Wreck-It Ralph er god, gammeldags, herlig fornøyelig underholdning stappfull av spel- og –poppkulturreferansar, der humoren sitter perfekt og karakterane driv historia leikent og lett framover.

 

Andre akt kunne lett punktert resten av filmen, i det det klassiske og erketypiske bodskapet ala ”vær deg sjølv” blir ynkelig prestert. Tidlegare har man kunne halvegs unnskylda Disney for å vere ein smule sukkersøte og kvasimoralske, men med åra har det heile stått fram som meir oppbrukt og slitsamt, enn sjarmerande.

 

Dessutan er jo dette eit område Pixar har vist seg ti gonger dyktigare på. Fordi dei tørr å fortelje meir opent, sårt og ærlig. Dei tar fleire sjansar, utfordrar sjangeren og publikum meir. Disney trives betre med å kjøre den gamle, enkle regla, om igjen, og om igjen.

 

Men, og det er eit viktig men her. Veljar man å sjå bort i frå filmens overflatiske trekk, kan ein heller legge fokuset på eit grep som gjer Wreck-It Ralph ei overraskande emosjonell kraft.

 

Sjå på forholdet som oppstår mellom hovudpersonen vår og denne glitchen (som jo sjølvsagt er nok ein liten spelreferanse). For ein glitch er eit slags handikap, i spelverda. Og det er nettopp det denne karakteren representerer. Ei fysisk handikapa jente, utstøtt av eit konservativt og trangsynt samfunn, i form av framandfrykt.

 

Til å byrje med kjenst filmen ein smule pro-abort, i det ein av karakterane presterer ein djup monolog som handlar om korleis handikapa alltid på sett og vis vil bli utstøtt og utelatt frå det ”normale” samfunnet, og at å hindre dei i å leve kan vere for deira eiga beskyttelse.

 

Etterkvart snur Wreck-It Ralph om. Hovudpersonen Rolf kan oppfattast som ein farsfigur, i det han i siste bilete ser stolt bort på denne såkalla ”dysfunksjonelle” dottera si som endelig fungerer i samfunnet og bruker sitt fysiske handikap positivt.

 

For Rolf innser nemlig gjennom filmen, at også denne jenta har sterke sider. Det handlar berre om å fokusere på det riktige.

 

Sjølvsagt inneheld denne vetle konspirasjonsteorien min eit par svake ledd, og kan nok lett argumenterast imot ettersom filmen mot slutten tar eit par vendingar som vender vekk frå dette. Poenget er uansett, at dette premisett bygga opp ein sterkt og smålig rørande karakterkjemi, og gav filmen ein kraft den elles aldri ville fått.

Link to comment
Share on other sites

 
  • 3 weeks later...

Spring Breakers – Harmony Korine

http://www.fromthesupermassive.com/wp-content/uploads/2013/06/spring-breakers-2.jpg

 

”A littles sun can bring out your dark side”

 

Modernistisk filmskaping

 

Ei fargefylt og sterk sol badast i eit krystallblått hav. Pupper, sprit og narkotika fyller skjermen. Skrillex eksploderer i lydsporet. Dette er moderne filmskaping. Vågalt. Ambisiøst. Eksperimentelt. Fuck narrativismen, det her handlar om oppleving. Filmen skal følast som ein rus.

 

For Godard sa nemlig ein gong: ”A movie needs to have a beginning, middle and end, but not necessarily in that order”. Word.

 

Den amerikanske drøymen=materialismen

 

Spring Breakers handlar om den amerikanske drøymen. Det er det liten tvil om. Den amerikanske drøymen sjølvdefinerer lykke. Nøkkelen til lykke: makt og pengar. Korleis får man makt og pengar? Våpen. Den amerikanske kulturen i eit nøtteskal.

 

Men ikkje missforstå, Korines film er ingen moralleksjon. Den handlar om menneske i stadig søk etter noko meir. Noko større. Å bryte livets rutine, ja. Til å byrje med. Men kva er godt nok?

 

Materialismen. Våre karakterar lever i dagens forbrukarsamfunn, dominert av materialisme. Utover filmen forsvinn dei sjølv inn i dette dragsuget. Dei hadde eigentleg berre planar om å feste og ha det kult. Men etterkvart erstattar dei menneske med ting. Materielle ting tenar dei meir, i søken etter evig ”lykke”. James Francos karakter har gjort dette. Han verkar einsam.

 

Amerikansk kultur

 

Joda, filmen handlar om baksida ved den amerikanske drøymen. Problemet ved å prøve å definere lykke. Men den handlar også om amerikansk kultur.

 

Spring Breakers er eit kollasj av moderne amerikansk kultur. Sex, vald, dop og videospel. Verkelegheitsflukt og drøym. Den er jo faktisk ganske behagelig å kvile augo på også, som god gamaldags underholdning.

Link to comment
Share on other sites

 
  • 4 weeks later...

Back to the Future – Robert Zemeckis


http://25.media.tumblr.com/tumblr_lzkq59QD6T1qmr448o1_r1_500.jpg



Kulturonani og overdrivingsironi



Den vellukka blockbusteren



”They sure don’t make ’em like this anymore”. Eller, med andre ord: Hollywood er på veg mot undergrunnen. I ein dekonstruksjon av seg sjølv, der humørlause effektstormar pesemiserer gleda og gløden ved filmen.



Back to the Future er den perfekte underhaldningsfilmen. Formelen kunne ikkje vore meir riktig. Humoren er aldri påtatt, sjarmen alltid tilstade og sjangerblandinga mellom eventyr, romantikk, spenning og komedie praktfull i det våre kjære karakterar driver filmen framover gjennom deira fantastiske kjemi.



Men, det som verkeleg gjer heile filmen, er den lidenskaplige kjærleiken for filmskapinga. Det ser man. Man ser at Zemicks og co har hatt det gøy. Og det smitter over.



Kulturdetaljane



Den balanserte blandinga og variasjonen er den vellukka oppskrifta. Aldri for mykje. Alltid akkurat passe.



Men den perfekte blockbuster trenger også det vetle ekstra. Slik at den ikkje glir inn saman med alle dei andre filmane.



Back to the Future er stappfull av detaljar og referansar. Både små og store. I opningsscena ser me at Lloyds karakter heng frå ein av klokkene. Twin Pines Mal blir til Lone Pine Mal når Marty i fortida kjører over ein av dei to trea. Dette er med på å gjere filmen tidlaus og gje den ein definitiv gjensynsgaranti.



Men, viktigare, det som verkelig gjer Back to the Future tidlaus, er korleis den omhandlar kultur. Filmen vil aldri gå ut på dato, fordi den konstruerer korleis kulturen og samfunnet stadig er i forandring. Tidsperiode vitsane står i kø.



Stereotypane



Slutten er ironisk. Den ironiserer over menneskets overflatiske og stereotypiske trek. Det handlar om rollene me har i samfunnet. Rollene som bestemmer kven me er og kvar me høyrer heime. Rollene me sjølv har gitt oss.



Alt blir snudd om. George mannar seg opp og overvinner Biff med makt. Dette snur heile livet hans. Før var han ulukkelig. Ekteskapet hans var ulukkelig. Så forandra fortida seg og snudde lykka i framtida om.



Menneska er skapt for å dominere over kvarandre. ”Den eines brød, den andres død”. Nokon må ha det vondt for at andre skal ha det godt.



Men, uansett, og først og fremst: Back to the Future er fantastisk koselig. Å reise gjennom filmens atmosfæriske univers i to timar (uansett kor mange gonger ein har vore der før), er ikkje noko anna enn ein rein glede.


Link to comment
Share on other sites

 
  • 4 weeks later...

Only God Forgives – Nicholas Winding Refn

http://lisathatcher.files.wordpress.com/2013/05/only-god-forgive1s.jpg

 

Eit gigantisk antiklimaks, som til slutt skapar eit stort, bredt og uendelig tomt spørsmålsteikn. Joda, Refn skal ha for originaliteten, både stil, form og rytme oser av ei eksperimentell og nyskapande stemme, og kva den visuelle identiteten angår er den ikkje noko anna enn kunst for augo. Det er ein modig film definitivt, som bryter med all forventing, knekker sjangerklisjeane totalt saman og oppnår ein type uforutsigbar og intens nerve i vendingane.

 

Men… Refn har laga nok ein film som kjenst litt som ein sirkel som aldri tar slutt. Kvar er enden på det heile, undrast eg. Endelaus utforsking og utdjuping av overflatiske premisser. Lause trådar fangast stadig opp. Det er sikkert masser av symbolikk her, men tomheita rår frå første til siste minutt, og kva er vel ein metafor utan innhald?

 

For kva i helvete handlar eigentleg Only God Forgives om? Eller, det var eit dumt spørsmål, for det trur eg ikkje ein gong Winding Refn sjølv er sikker på. La meg omformulere… ”Kva er det eigentleg Refn vil med denne filmen?”, trur eg heller me seier.

 

Spiritualismen møter ateismen. Verda har blitt skilt. Aust og Vest. Kulturtradisjonane er ulike og skapar dei store forskjellane. Only God Forgives breier om stor, interessante og viktig tematikk, men klarer aldri å utforske den. Alle dei ulike ledda blir berre hengande som lause, usikre og ujevne trådar.

 

Eit kaotisk og brutalt univers styrt av makt og egoisme blir konstruert. Overdrivi og kynisk vald går hand i hand med kjenselslaus og ufølsam seksualitet. Dei sterke utnytter dei svake. Eit klasseprega, liberalistisk samfunn styrt av maskulin dominans.

 

Er filmtittelen ironisk, i det den viser vondskap i søken etter tilgiving? Sjå på verda, kor urettferdig og jævlig den er, seier kanskje Refn. Sjå på menneska. Også kjem du her og forventar Guds evige tilgiving? Ein av filmens sterkaste sider er korleis den på overflatisk vis utforskar sine eigne stereotypiske trekk.

 

Her spelar valden ei sentral og viktig rolle. Totalt malplassert, grensar av og til nesten til det komiske. Refn er flink på valdsskildringar. Han får den så umenneskelig og ufølsam som den burde vere.

 

Likevel var det dette med det heilskaplige intrykket då. Eit eller anna boblar under overflata i Winding Refns nyaste verk. Av og til er han inne på noko, det skal han ha. Framleis kjenst han usikker. Til slutt går han seg vill i sitt eige tematiske kaos og filmen blir ei slags ironisk og lite sjølvbevist oppvisning i søken på eigen identitet. Only God Forgives tydeliggjer så alt for godt kor lite kontroll Refn eigentleg har. På ein måte verkar det som han vil det skal vere slik, å skape ei slags open utforsking av kjensler og karakterar. På den andre sida verkar han desperat. I det han til slutt i rulleteksten dedikerer filmen sin til Alejandro Jordovsky, står han ikkje fram som noko anna enn den wannabe filmsnobben han er.

Link to comment
Share on other sites

 

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share

×
  • Create New...