Jump to content

Jarmuschs tiårsprosjekt


Jarmusch
 Share

Recommended Posts

Poenget med dette lille prosjektet er først og fremst å få laga lister over dei ulike tiåra. Men sidan smaken min stadig er i forandring og mange filmar må sjåast på nytt, kjem eg også til å skrive litt om filmane eg ser.

 

Dette er ikkje noko prosjekt eg forventer at heile forumet skal henge seg på, men heller eit personleg prosjekt der eg kjem til å jobbe meg gjennom dei ulike tiåra, får å få fullført listene. Men dykk er sjølvsagt velkommen med å komme med lister og visst dykk vil, gjere det same.

 

Eg veit ikkje kor lenge eg vil klare dette, men eg prøver i alle fall. Eg vil kanskje ta ein litt lengre pause etterkvart, men når interessen stiger igjen kan det hende eg returnerer til dette.

 

Så, då skyter eg i gong. Eg byrjer med to tiår, 70-tallet:

 

 

http://farm8.staticflickr.com/7019/6846727473_2e34c08f85_b.jpg

 

Og 2000-tallet

http://mannythemovieguy.com/images/top_10_best_films_of_the_decade_2000_to_2009.jpg

 

Listene vil komme etterkvart når dei er klare. Eg har framleis litt å sjå igjen før dei er det. Elles tok eg eit gjensyn med Høstsonaten i går, så den skal eg få skrevet om snart.

Link to comment
Share on other sites

 

Höstsonaten (1978, Bergman)

 

http://billsmovieemporium.files.wordpress.com/2009/05/autumn-sonata-001.jpg?w=500

 

Dei fleste av Bergmans filmar er tunge, dystre og depressive verker som er smurt fulle av død og elendighet. Höstsonaten er ikkje noko unntak, men veljar å sette sjukdom og død til sida, og heller fokusere på eit sterkt og komplisert forhold mellom mor og dotter. Døden er berre ein sidekarakter i Höstsonaten, i form av Liv Ullmans døyde son og sjuke søster.

 

Det er umulig å halde tårene tilbake når Liv Ullman fortel intenst om sin vanskelige barndom. Sin kompliserte barndom, som på overflata verka så uskyldig. Men som held på å boble opp på overflata og eksplodere. Korleis mor gav dotter eit dårlig sjølvbilete gjennom seriøs ironi. Gjennom å ignorere ho. Gjennom å skape eit bilete av at ho ikkje betydde noko.

 

Moras egoisme laga ein mur mellom ho og dottera. Ho forsto aldri at ho latterliggjorde eller ignorerte si eiga dotter. Ho forsto aldri at hennas eiga dotter eigentleg frykta ho. Hennas egoisme dreiv ho vekk frå si eiga dotter. Både på korleis ho aldri tok seg tid til ho, men også fordi det også handla om ho sjølv når ho faktisk var saman med dottera.

 

Men Bergman lar ikkje mora bli noko skurk i filmen, for hennas komplikasjonar og egoisme kan me igjen spore tilbake til hennas eigen barndom. Foreldre hennar brydde seg heller ikkje om ho. ”Dei tok knapt på meg” seier ho. Slik blei dermed hennas oppfatning av foreldrerolla. Inntrykk og påverking er store når man er barn, og dette var med på å danne ho som menneske.

 

Höstsonaten er ein av Bergmans mest undervurderte filmar. Man ser den sjeldan på nokre 70-talls topplister. På det meir tekniske imponerer filmen også. Først og fremst er jo dialogen perfekt ballansert mellom karakterane, men den ”metafilm” aktige tona filmen har, er eit friskt pust.

 

Men først og fremst er dette eit meisterverk fordi den er så observant, gjenkjenelig og realistisk i skildringa si av eit så tett forhold. Karakterane er så menneskelige. Dialogen så djup og poetisk.

Link to comment
Share on other sites

 
  • 4 months later...

Skreiv seg vel inn som ein av mine mange vellukka prosjekt det her ja... Men kan vel alltids poste top 20 lista for 2000-talet, sidan den har byrja å ta ein grei form no:

 

 

1. The Tree of Life (2011, Malick)

2. Caché (2005, Haneke)

3. Mulholland Drive (2001, Lynch)

4. Moonrise Kingdom (2012, Anderson)

5. A Separation (2011, Farhadi)

6. Punch-Drunk Love (2002, Anderson)

7. Lost in Translation (2003, Coppola)

8. Oslo 31. August (2011, Trier)

9. Le fabuleux destin d’Amélie Poulain (2001, Jeunet)

10. Shame (2011, McQueen)

 

11. No Country For Old Men (2007, Coen)

12. Polisse (2011, Maiwen)

13. Oldboy (2003, Park)

14. Requiem For a Dream (2000, Aronofsky)

15. Du Levande (2007, Andersson)

16. Play (2011, Østlund)

17. The Raid: Redemption (2011, Evans)

18. La pianiste (2001, Haneke)

19. Elephant (2003, Sant)

20. Holy Motors (2012, Carax)

Link to comment
Share on other sites

 

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share

×
  • Create New...