Jump to content

Jarmuschs skrekkfilmkavalkade


Jarmusch
 Share

Recommended Posts

JARMUSCHS SKREKKFILMKAVALKADE
http://cache.io9.com/assets/images/8/2008/11/reanimator_01.jpghttp://24.media.tumblr.com/tumblr_lr4w5yn9ZW1qmr448o1_r1_500.png

Køyrer ein filmjournal med eit bestemt tema eg og. Målet med denne journalen er houvedsaklig at eg pløyer meg igjennom alle ulike skrekkfilmar, frå realistiske filmar om forrstyrande seriemordarar, til tøysete og humoristiske splatterfilmar stappa full av blod og gørr. Her vil du kunne lese om alt frå: ”The Texas Chainsaw Massacre” til ”Braindead”.

Har du tips til skrekkfilmar eg kan gafle i meg, er du meir enn velkommen til å komme med dei. Eg tar veldig gjerne imot alle slags tips.

Første man ut vil bli Tobe Hoopers ”The Texas Chainsaw Massacre” frå 1974. Skal prøve å få sett den i helga, så det kjem vel ein omtale snart. Men då er i det minste min journal endelig i gong. Gleder meg til å ta fatt på denne gøyale sjangeren.

Omtaler:

The Texas Chain Saw Massacre (1974)

Scream (1996)

The Descent (2005) & Drag Me to Hell (2009)

Bird with the Crystal Plumage (1970)

Martyrs (2008)

Eraserhead (1977)

Black Christmas (1974)

Friday the 13th (1980) & REC (2007)

Rosemary's Baby (1968)

The Cabin in the Woods (2011)

À l'intérieur (2007)

The Innkeepers (2011), A Nightmare on Elm Street (1984) & Eyes Without a Face (1960)

 

Haute Tension (2003)

 

The Aboniable Dr. Phibes (1971)

 

The Woman in Black (2012)

 

Fright Night (1985), The Omen (1976), Saw (2004) & The Messengers (2007)

 

Profondo Rosso (1975)

 

The Conjuring (2013)

Link to comment
Share on other sites

 

The Texas Chain Saw Massacre (1974, Hooper)

 

http://www.film.org.pl/images2/tcm_hooper/tcm_img5.jpghttp://postyourlists.com/wp-content/uploads/2010/03/texas_chainsaw_massacre__1129298879_4808-12.jpghttp://www.filmpunkten.se/bilder/c3846.jpg

 

Skittent, kornete fotografi. Fem ungdomar køyrer rundt i ein blå bil dei siste første 30 minuttane av ”The Texas Chain Saw Massacre”. Kjedelig? Nei, dette er ein av grunnen til at filmen er ein av dei største innan sjangeren. Filmen trenger den sakte bevegande, nesten småkjedelige byrjinga, for at den skal kunne eksplodere. Den trenger ein viss ro og at omtrent ingenting skjer, for at med seinare skal kunne føle frykt og avsky, og for at med skal kunne bli sjokkert.

 

Det skitne fotoet fungerer dessutan svært godt. For det første gjer det eit overraskande virkningsfullt og realistisk dokumentarpreg, som gjer at med blir dratt enda meir inn i historia. Måten filmen blir filma på og det grove, kornete bilete gjer ein skitten og realistisk følelse. For det andre står denne filmen nært andre ”Grindhouse” filmar frå same periode. Det kornete bilete minnar om desse filmane, på ein god måte. Og sjølvsagt var budsjettet til filmen knapt, men filmen spelte faktisk inn 700 gonger sitt eige budsjett (350 millionar kroner).

 

Men det som skil ”The Texas Chain Saw Massacre” frå dei andre ”Grindhouse” filmane frå 70-talet er kor nært den knyter seg til virkelgheten. Kor realistisk dens beskriving av ein gjeng psykopatar er. ”Grindhouse” filmane hadde nemlig lite historie, og sex og vald (mykje gørr og blod ofte) var det som sto i fokus. Mens denne filmen derimot, unngår meiningslaus vald (ikkje at det nødvendigvis er noko gale med det), og fortel ein intens historie på ein heilt egen måte.

 

Det filmen også gjer bra, er at oppbygningen er rolig, men blir aldri kjedelig. Kvifor? Fordi filmen har ein del spennande kamerarbeid blant anna.

 

http://wac.450f.edgecastcdn.net/80450F/mix941kmxj.com/files/2011/05/hqdefault3.jpg?w=300&h=200&zc=1&s=0&a=t&q=89http://www.film.org.pl/images2/tcm_hooper/tcm_img1.jpg

 

Og når filmen først eksploderer, så gjer den det verkelig. Frå å være ein stilleståande sommarfilm om nokon venner som køyrte rundt i Texas i ein blå bil, til å bli ein barsk, grim og knallmørk skrekkfilm om ein gjeng sinnsjuke menneske med farlige hensikter. Den siste delen av filmen held den seg slik, så mørk og hard, heile vegen, og den blir aldri snill igjen. Og nettopp derfor er oppbygningen, den rolige starten så viktig for filmen.

 

Og kanskje nettopp fordi filmen stiller seg så nære virkelegheten, blir man skremt av dette. Eigentleg er filmen smålig inspirert av seriemordar Ed Gein, som drap folk og brukte kroppsdelane deira til å lage ulike møbler. Men uansett om dette er sant eller ikkje, så er det skremmande, fordi det kan skje. Her er skilje mellom realiteten og filmen langt mindre enn man eigentleg ynskjer. Man får denne mørke filmen pressa inn på seg.

 

Lydsporet fortener også heilt klart å bli nemnt. Noko av det som får filmen til å bli så effektiv som ein forstyrrande skrekkfilm er det bråkete lydsporet som står i bakgrunnen.

 

”The Texas Chain Saw Massacre” var ein stor positiv overraskelse for meg. Den er ein hard beskriving av sterkt psykologisk forstyrra menneske, og briljerer som skrekkfilm. Og slutten: er fantastisk!

Link to comment
Share on other sites

 
 
 
 
 
  • 2 weeks later...
 
 

Scream (1996, Craven)

 

http://3.bp.blogspot.com/-vVrGTSCnA2s/ThV89GG1L9I/AAAAAAAAAN4/gHlTYuXpbbo/s1600/tumblr_lawxerBMfa1qzftcho1_500_jpg.jpeg

 

Skrekkfilmsjangeren har vert igjennom mange fasar: tysk ekspresjonisme på 1920-tallet, Universal monster perioden på 1930-tallet, grindhouse perioden på 1970-tallet og slasher perioden på 1980-tallet, mellom anna. I 1996 introduserte Wes Craven og Kevin Williamson eit nytt sjangertrekk for oss: parodien på skrekkfilm.

 

Kven er vel ikkje møkk lei av alle dei som påstår at Jason var mordaren i den første ”Friday the 13th” filmen? Vel, kutt dei opp og heng dei i eit tre, seier Craven og Williamson. Her overlever ikkje kunnskapslause folk som kallar seg skrekkfilmfans. ”Scream” er av den klassiske typen skrekkfilm: hovudpersonen er ei jomfru med ei mørk fortid som overlever det utroligaste, men resten av karakterane i filmen blir slakta ned alle som ein. Folk er usedvanlig dumme, har total mangel på sidesyn og snikker seg inn på kvarandre som om dei sjølv skulle vært mordaren. Og det er akkurat derfor ”Scream” er så god. Den er ein parodi på sjangeren den samtidig hyller den.

 

Karakterane lever i ein verden av film. Dei referer sine egne liv til ulike filmar, og samanliknar alt som kan samanliknas med film. Dette er ein skrekkfilmfans våte drøm, i tillegg til at den gjer narr av sjangeren.

 

Men er dette ein reindyrka komedie? Nei. Filmen har godt kameraarbeid som gjer dette til ein like vellykka skrekkfilm, som parodi. Filmen benyttar seg av klisjear, både veldig tydelig og litt mindre tydelig, men den har liksom lov til det, sidan det alltid ender opp med å bli morosamt, enten man småflirer over noko man kjenner igjen eller ler høgt.

 

Filmens blanding mellom dens virkelighet og "Halloween" er artig, og enda artigere er filmens parodi på "look behind you" klisjeen.

 

I tillegg til ein god skrekkfilmkomedie, er dette også ein spennande psykologisk film. Replikkar som ”Don’t blame the movies” er på sin plass samtidig som mann forstår at film faktisk kan være påverkande (men det kjem sjølvsagt ann på person, inntrykk og slikt også). Psykologisk sett svært god, men filmen gjer ein liten feil.

 

(SPOILER) At Billys fortid blei prega av Sidneys mor er eit typisk og unødvendig trekk, i ein elles flott film. (SPOILER OVER). Ein anna ting eg reagerer litt på, er filmens merkelige og upassande bruk av musikk. Det blir så overdramatisert med episk musikk til heilt feil samanheng. Men dette kan også tolkas som nok ein parodi på skrekkfilmsjangeren, så eg lar det (hallvegs vertfall) sleppe igjennom.

 

Vist man ser bort i frå eit par småfeil (som er ganske små), var dette ein overraskande god film. Burde eg fortsette ut i Scream-universe, eller held det å ha sett denne?

Link to comment
Share on other sites

 

Jeg ville sett alle fire, selv om konseptet føles litt slitt i toeren og særlig treeren. Den fjerde filmen likte jeg veldig godt, den føles mer inspirert og frisk. Den tar metaelementene til det ekstreme (på både godt og vondt, kanskje) og er full av blod, gørr og fin humor.

 

For øvrig en fin omtale.

Link to comment
Share on other sites

 

Jeg ville sett alle fire, selv om konseptet føles litt slitt i toeren og særlig treeren. Den fjerde filmen likte jeg veldig godt, den føles mer inspirert og frisk. Den tar metaelementene til det ekstreme (på både godt og vondt, kanskje) og er full av blod, gørr og fin humor.

 

For øvrig en fin omtale.

 

Okey, då ser eg nok dei andre og. Bibiloteket her eg bur har i alle fall nr. 2 og 3. Fireren hørtes forøvrig ut som ein herlig film, etter din beskrivelse. Noko av det som gjer nr. 1 så bra, er jo at omtrent alle karakterane slaktes som fluer med ein fin mengde blod.

 

Jo, takk for det.

Link to comment
Share on other sites

 

Moderne skrekkfilm er ein kritisert sjanger, og det er jo forståelig. I ein haug med amerikanske remaker, prequels og oppfølgarar, er det, dessverre, eit stykke mellom godbitane. Men likevel, vist man leiter godt, finner man eit par gode, moderne skrekkfilmar som er eit godt teikn på at det framleis er eit lite lys for sjangeren. Ofte i andre land, men man kan også finne nokon i USA, som elles er landet som for det meste har skylda for sjangerens dårlige rykte. Så eg tok meg rett og slett eit lite moderne skrekkfilm maraton (veldig lite).

 

Første man ut var The Descent (2005, Marshall).

 

http://cdn.screenrant.com/wp-content/uploads/the-descent-part-2-image11.jpghttp://cinemafantastique.net/IMG/jpg/thedescent1.jpghttp://www.unificationfrance.com/local/cache-vignettes/L300xH200/Coffret_blu-ray_The_Descent_1_7-b84c2.jpg

 

Ein skrekkfilm i ganske typisk stil. Ikkje særlig skremmande, smålig forutsigbar og rett og slett ganske klassisk hantverk. Monsterra ser ok ut, men skremmer meg heller ikkje særlig mykje. Likevel er denne filmen vert å få med seg. Kvifor spør du? Vel, først og fremst på grunn av filmens praktfulle lysbruk. Blod har aldri sett tøffere ut, i ein lekker raudfarge omgitt av mørke. Dei elles ”heilt ok” monsterra piffas opp med ein stilfull grønfarge, og filmens elles smålig uinteressante oppbygning blir eit par hakk kulare med ein lekker gulfarge frå diverse lykter. Filmens oppbygning er kanskje ein smule utdratt, men filmen følas meir klaustrofobisk enn eg hadde trudd, når (SPOILER) det følas utrolig befriande når hovudpersonen kjem ut i frisk luft. (SPOILER OVER) Slutten var overraskande bra (i forhold til kvar eg trudde filmen ville gå).

 

 

Neste man, og den siste (eg sa det var eit lite maraton), var Drag Me to Hell (2009, Raimi).

 

http://thefilmstage.com/wp-content/uploads/2009/03/drag-me-to-hell-300x200.jpghttp://www.cinemafantastique.net/IMG/jpg/Drag_me_to_Hell.jpghttp://www.klownsasesinos.com/images/peliculas/d/dragmetohell/dragmetohell4.jpg

 

Denne var det derimot skuffande lite futt i. Eit par artige scener der Raimi returner til noko av det som var så tøft med ”Evil Dead” filmane hans, men elles ein ganske slapp film. Det var nok ikkje Raimis hensikt å skremme publikum, men heller å få dei til å hoppe i stolen. Men heller ikkje det klarer han, sidan nesten alle av ”kveppescenene” er alt for forutsigbare og typiske i oppbygningen. Det blir i tillegg ganske slitsamt med alle desse elles ganske misslykka ”kveppescenene”, når Raimi bestemmer seg får å køyre på med dei i eit einaste køyr. Det verkar som han koser seg med å lage ein ny ”tulleskrekkfilm”, og det smittar over på filmen, noko som er fint. Men elles var dette skuffande.

Link to comment
Share on other sites

 
  • 3 weeks later...

Bird with the Crystal Plumage (1970, Argento)

 

http://www.slantmagazine.com/images/film/birdwiththecrystalplumage.jpg

 

I debutfilmen til Dario Argento gjelder dei same tinga som i hans andre filmar. Mannen har både svake og sterke sider, og i dei filmane hans som verkelig er gode, gløymer man mannens svakhetar. Argentos sterke sider ligger heilt klart ved spenningsoppbyging og stemning. ”Suspiria” er eit prakt eksemplar på ei briljant stemning skapt med god musikk og lekkert bruk av fargar. ”Profondo Rosso” er eit flott eksempel på mannens nervepirrande spenningsoppbyging. Svakheitene til Argento ligger oftast i klipp og skodespel.

 

Men i ”Profondo Rosso” til dømes, gløymer man heilt at noko av klippen og skodespelet er litt svakt, fordi filmen elles er så god. Det filmen prøver på, lykkes den med. Det same kan dessverre ikkje seies om ”Bird with the Crystal Plumage”. Ikkje misforstå meg, det er ein god film, men ikkje god nok til å dekke over sine eigne svakhetar.

 

http://4.bp.blogspot.com/-Qe-nwuxt5mE/T0RJ1swjHOI/AAAAAAAAFPw/EvflT4YBFXc/s1600/The-Bird-with-the-Crystal-Plumage-1.jpg

 

Klippen er ein smule ujevn og skodespelet ein smule svakt. Begge deler er småting, som ikkje betyr så veldig mykje for filmen, men ”Bird with the Crystal Plumage” pirrar meg heller ikkje på same måte som ”Profondo Rosso” gjorde.

 

Klart filmen er spennande, med sitt Hitchock liknande mysterium og spenningsoppbyging. Men den treffer ikkje den same intense tona som ”Profondo Rosso” hadde og er dessverre ikkje like engasjerande.

 

Likevel er dette ein god giallofilm . Den har den klassiske stilen som Argentos andre giallofilmar har. Ein mordar med lærhanskar myrdar ei rekke kvinner, mens ein mann prøver å finne ut av det heile. Filmen har fint kamerabruk og er alt i alt ein spennande og underheldande film. I tillegg introduserte den oss trossalt til Argentos gialloverd, det skal den ha.

Link to comment
Share on other sites

 

Martyrs (2008, Laugier)

 

Inneheld spoilers! Men vist du vil vite kva eg synst om filmen utan å få den spolert, les siste avsnitt.

 

http://2.bp.blogspot.com/_PPgU44tBL8E/TF0w4D4Ct6I/AAAAAAAACxU/1oE_pFNfKt4/s1600/martyrs3.jpg

 

I 2004 sparka James Wans Saw torturporno sjangeren i gong, og sidan den gong har skrekkfilmsjangeren i stor grad handla om å overgå kvarandre med den mest grafiske og brutale filmvalden. Ved første augekast kan Martyrs virke som ein av mange unødvendige og overdrivne torturporno filmar, men når man kjem litt inn i filmen og den fortel oss kva den vil, blir eg overraska over kor smart filmen eigentleg er.

 

http://img12.nnm.ru/2/f/1/3/2/0c59a5d18356ca9031eb9acfda8.jpg

 

Eg vil dele Martyrs opp i tre delar, der alle delane er gode av sin eigne grunnar. Den første delen: hevndelen inneberer ein av filmens aller beste scener og ein oppvisning i korleis det klassiske overraskingselementet skal gjennomførast.

 

http://s51.radikal.ru/i134/0904/c1/4fb7d441c91a.jpg

 

Filmen køyrer på med den klassiske ”15 år seinare” og me befinner oss hos ein familie. Ein lykkelig familie. Ved første augekast kan dette verke som vår tidligare hovudperson, Lucie, som har fått eit betre liv. Og derfor blir overraskinga enda større når det heile vrir om, etter at Lucie plutselig dukkar opp på døra til denne familien og blåser alle i fillebitar. Det heile vrir om på ein så overraskande og briljant måte, og er verkeleg ei liten perle i skrekkhistorias augeblikk.

Den andre delen i filmen, er den psykologiske delen. Filmen følast lenge som ein monsterfilm, og noko overnaturlig ligger lenge i lufta. Samtidig aner med ein indre psykologi heile vegen, og når filmen kjem til den psykologiske delen, utforskar den menneskets indre psykologi på ein flott måte. Scenen der me ser at Lucie blir skjært opp av monster frå hennas perspektiv, men frå Annas (og truleg verkelegheitas) perspektiv er det Lucie som skjærer opp seg sjølv er eit flott eksempel på filmens utforsking av psykologi. Djupt, men ganske enkelt å tolke, men framleis ikkje overforklart.

 

http://image.bayimg.com/dapmmaacc.jpg

 

Den tredje delen er den vitskaplege delen, og den delen der filmen verkeleg vrir om på ein briljant måte. Heile vegen ligger det store spørsmål i lufta: som kva er det eigentleg som foregår?, kvifor torturerer desse folka folk? og spørsmålet om filmen er realistisk eller ein monsterfilm. Når filmen skal forklare seg, i den siste delen, overforklarer den seg dessverre ein smule, men forklaring og historia som kjem fram er framleis spennande.

 

http://video-online.com.ua/uploads/posts/2009-03/1236462699_vlwig4u51v.jpg

 

Men når filmen kjem til slutten derimot, er den ei stor positiv overrasking. Den siste delen fungerer godt, først og fremst fordi den skildrar mørkt og dystert om Annas opplevingar nede i torturkameret og korleis ho blir meir og meir øydelagt. Dette skildras realistisk, brutalt og repiterar seg ofte, og nettopp derfor fungerer det. Me byrjar etter kvart å føle at me er der saman med Lucie. Men mot slutten, når ho har sett ”beyond” døden, føler eg verkeleg at filmen treffer sitt vitskaplege klimaks på ein briljant måte.

 

http://divinations.files.wordpress.com/2009/04/running0005.jpeg

 

Og dermed ender Martyrs opp som ein av dei beste, moderne skrekkfilmane, og ei god blanding av hevn, ultravald, psykologi og vitskap. Filmen er djupare enn man forventer, både på det vitskaplege og psykologiske, og det er først og fremst det som gjer den så bra. I tillegg er den knallmørk, skitten og skikkeleg brutal. Filmen har eit par små svakheter, som eit par skrekkfilmklisjear, litt overdrevne karakterer (med store frakkar og slikt, som liksom skal få fram stil) og litt overforklaringar, men først og fremst er den eit sterkt bidrag til skrekksjangeren.

Link to comment
Share on other sites

 
  • 1 month later...

Eraserhead (1977, Lynch)

 

http://www.wallchan.com/images/thumbs/70776.jpghttp://www.grand-ecart.fr/wp-content/uploads/2011/01/eraserhead-bebe.jpghttp://www.sinemadevri.com/ssler/sinemadevri_com_eraserhead8.jpg

 

Så dystert. Så mørkt. Så atmosfærisk. Eraserhead er eit knallmørkt mareritt ulikt noko anna. Ei oppvising i atmosfære. 85 minutt i eit paradisaktig helvete.

 

Lynchs imponerande debut er også eit godt eksempel på ein vellukka skrekkfilm. Så ulik den klassiske skrekkfilmen. Her finnes det ingen svartkledde seriemordarar, men heller eit så atmosfærisk og forstyrrande univers. Ved hjelp av eit irriterande og verkeleg verkingsfullt lydspor av rein støy og eit kornete bilete med dystre fargar, ender Eraserhead med alle sine absurditetar og overraskingar opp som ein fråstøytande, men samtidig så tiltrekkande skrekkfilm.

 

Ei anna ting som driver den elles briljante Eraserhead framover er dens refleksjonar til verkelegheita. På overflata handlar filmen om frykta for ansvar og store svingingar i livet. Henry skal bli far, møte svigers og gifte seg, og han er livredd. Når dette pakkes inn i Lynchs mørke, forstyrrande, dystre og herlig absurde univers får man Eraserhead.

 

Når man først har slått på Eraserhead og blitt slukt inn i dens univers, er det ingen veg tilbake. Men til gjengjeld vil man få ei fantastisk oppleving som ikkje kan samanliknas med noko anna.

Link to comment
Share on other sites

 
  • 1 month later...

Black Christmas (1974, Clark)

 

http://cinemafantastique.net/IMG/jpg/black1-5.jpghttp://cinemafantastique.net/IMG/jpg/blach2.jpg

 

Gjensyn med Bob Clarks juleklassikar. Omtalen kan inneholde enkelte spoilers.

 

”Black Christmas” er eit meisterverk av ein skrekkfilm, ein sjangerbevist ”slasher” som for alvor sparka i gong denne typen film. Sjølvsagt kan man spore biter av ”slasher” sjangeren lenger tilbake, som til Alfred Hitchcocks ”Psycho” til dømes, men ”Black Christmas” var filmen som verkeleg skaut startskote for ”slasher” filmane.

 

Ved å putte saman eldre skrekkfilmklisjear skaper Bob Clark den ultimate ”slasher” med ”Black Christmas”. Ikkje berre raserte filmen julestemninga den sjølv bygga opp, men skapte også ein ny sjanger innan skrekkfilmen ved hjelp av ein kombinasjon av ulike skrekkfilmtrekk.

 

Filmen presser den nervepirrande spenninga til eit høgt nivå ved bruk av mordarens synsvinkel og bruker ei sakte og dvelande oppbyging som er på veg til eit hårreisande klimaks. Filmen daner seg ein skremmande mystikk ved å holde mordarens identitet hemmelig, men drar publikum inn i filmen og gjer oss om til små etterforskarar ved å legge ut små ledetrådar.

 

Det hjelp ikkje kor mange gonger eg fortel meg sjølv at augeblinken vil komme der mordaren vil slå til i dei sekunda før filmen byggjer seg oppover mot ein eksplosjon, ”Black Christmas” klarer uansett kor mange gonger eg har sett den frå før å riste eit like godt tak i meg kvar gong.

 

Men der Bob Clarks julemareritt kanskje lykkes aller best, er der den leiker seg med skrekkfilm sjangeren på slik ein fantastisk måte. Kamerabruken i drapsscenene er ikkje noko anna enn ytst briljant. Og saman med kvikk og smart redigering ender miksen mellom kjapt scenebytte og intenst kamerabruk i enda meir intense situasjonar som ein av dei største drivkraftande i ”Black Christmas”. Scenen der Margot Kidders karakter myrdas, til hurtig kamerasvingingar og blod som på lekkert vis spruter opp i både sakte og fort film, er rett og slett skrekkfilmkunst. Kall meg gal om du vil, men drapsscenene i ”Black Christmas” er ein fyrd å få være med på.

 

Og det er kanskje også grunnen til filmens tynne karakterar. Dei trenger ingen djup forklaring eller personleghet, dei er der for å dø, simpelt hen. Men, som ein liten ekstra drivkraft presenterer ”Black Christmas” oss for nokre få interessante karakterar til gjengjeld, som representerer den meir humoristiske sida i filmen.

 

I tillegg er dramatikken mellom Jess og kjæresten hennar overraskande god. Den er djup, interessant, diskutabel, realistisk og kanskje til og med ein smule gjenkjenneleg.

 

Filmens mørke fargar lyst opp av fyren frå peisen gjer tona i filmen enda meir grim enn den allereie er, og gjer også filmen filmatisk enda flottare å sjå på.

 

Innblikka i mordarens galskap gjer filmens tone og stemning enda meir ekkel, men samtidig interessante. Filmen har det gøy med skrekkfilmsjangeren, samtidig som den byggjer opp ei ekkel tone.

 

Tida med tilbringar på politistasjonen og i leiteaksjon er ikkje like interessante som filmens høgdepunkt, men me får til gjengjeld eit par artige og spennande augeblink der også. Og eg har ikkje eit hjarte til å trekke filmen så mykje for sine litt mindre interessante augeblink, til tross for at den verkeleg er briljant når den først er på topp.

Link to comment
Share on other sites

 

Friday the 13th (1980, Cunningham)

 

http://www.criticnic.com/wp-content/uploads/2011/10/friday400.jpg

 

Ein lavbuddjetts skrekkfilm av klassisk varemerke med urealistisk dumme karakterar (som hjelper mora til Jason å slakte dei som sauer), eit ynkeleg simpelt lite plot og ein fin ”body count”. Men alt dette er jo ein del av sjarmen, men likevel føler eg ikkje at ”Friday the 13th” gjer meg noko nytt. Joda, kanskje var den med på å sparke i gong hytte/camping skrekkfilmsjangeren, men sett bort i frå det er ikkje filmen stort meir enn ein underholdande ”slasher” film. Og når den i tillegg dveler oppbyginga og spenningssekvensane eit par hakk for langt, ender den opp som ein smule uinteressant av og til.

 

Er dei andre filmane i serien verdt å sjå for underholdningas skyld?

 

REC (2007, Balagueró og Plaza)

 

http://surendils.files.wordpress.com/2010/10/rec_ban2.jpg

 

For å lage ein vellykka mokumentar skrekkfilm er det eit par kriterier man burde merke seg.

 

*Filmen burde ha eit realistisk og truverdig preg.

 

*Sidan man ikkje kan benytte seg av musikk, må man finne kreative måtar å bruke lydeffektar på.

 

*Man skyter ofte med eit kamera som gjer eit skurrette bilete og det er vanleg at kameraet vinglar rundt og viser lite, men man må framleis få til å vise/eller gje nokre hint om kva som faktisk foregår.

 

Sjølvsagt må man ikkje halde seg til alle desse punkta, men dei er framleis ganske viktige. ”REC” oppfyller alle desse kriteria og ender nettopp derfor opp som ein god mokumentar skrekkfilm. Den er ingenting nytt, men gjer det som har blitt gjort før på ein god måte.

 

Ei hindring ”REC” møter på vegen er at den prøver å være realistisk med ei litt meir fjern handling. Den handlar nemlig om zombiar. Men også her lykkes filmen med å skildre handlinga si overraskande realistisk gjennom sjukdom, smitting frå dyr og virus. Filmen hinter litt til ei religiøs forklaring mot slutten, men eg vel å sjå på dette som eit kristent syn på det heile og held sjølv trua på det vitskaplege (sidan det er det filmen først og fremst trur på sjølv).

 

”REC” har eit par unødvendige overforklaringar mot slutten, men er likevel alt i alt ein intens og vellukka skrekkfilm som fungerer som den skal.

Link to comment
Share on other sites

 

Friday the 13th (1980, Cunningham)

Er dei andre filmane i serien verdt å sjå for underholdningas skyld?

 

Jeg elsket serien da jeg var yngre, men vet ikke om jeg i dag vil si at mange av filmene er voldsomt severdige. Jason får ikke den karakteristiske hockeymaska før i den tredje filmen, så den er kanskje verdt en titt av den grunn. Ellers mener jeg å huske at film fire, seks og syv skiller seg positivt ut, i sistnenvte får Jason bryne seg på en jente med telepatiske evner. Bra underholding, men hvis du etterlyser at filmene skal bringe "noe nytt" til bordet, bør du holde deg langt unna.

Link to comment
Share on other sites

 

Bra underholding, men hvis du etterlyser at filmene skal bringe "noe nytt" til bordet, bør du holde deg langt unna.

 

Nei, etterlysa oppfølgerene for underholdningas skyld. Meiner å ha sett at ein del folk foretrekker nokon av oppfølgerene framfor originalen for underholdningas skyld og kor useriøse dei er. Og at "Friday the 13th" ikkje ga meg noko nytt betydde ikkje så mykje, det var meir det at den hadde eit par dødpuntker av og til som trakk den ned.

Link to comment
Share on other sites

 
  • 1 month later...

Rosemary’s Baby (1968, Polanski)

 

http://25.media.tumblr.com/tumblr_lflvnenclB1qf7r5lo1_500.gifhttp://farm4.static.flickr.com/3426/3758764583_ff13fc9c72.jpg

 

Det ligger ein så intens nerve og mystikk gjennom heile Rosemary’s Baby som stadig er på veg til å eksplodere, men alltid vert held tilbake. Polanskis skrekkfilm er ein så spennande film nettopp fordi den nektar å fortelle publikum det den skjuler. Me som publikum får verkeleg ta del i hovudpersonens angst, som berre streker seg lenger og lenger. Alle satanistane og djevlane er berre ein metafor som skal få oss til å føle på Rosemfrykt og mistenksamheit. Polanski fangar så godt alle dei sterke kjenslande og frykta ein graviditet inneheld. Alt er så fjernt, men samtidig så gjenkjenlig. Rosemary’s Baby er på ein måte som Eraserhead. Den tar tak i dagligdagse og mennesklige følelsar og situasjonar og setter dei i eit fantasifullt, mareritt prega univers, slik at me verkeleg skal forstå dei.

 

http://pull.imgfave.netdna-cdn.com/image_cache/1282010822279069.jpeghttp://26.media.tumblr.com/tumblr_m1tg2qb39r1r0hwpdo1_500.jpg

Link to comment
Share on other sites

 

Friday the 13th (1980, Cunningham)

 

Er dei andre filmane i serien verdt å sjå for underholdningas skyld?

 

Smak og behag. Dette er ikke en serie man trenger ta seriøst, som jeg tror er litt av problemet med endel av kritikken den får. Ettersom serien går og går, desto mindre seriøst tar den seg selv. I f.eks. Jason Takes Manhattan er der en fantastisk scene, hvor Jason bokstavlig talt slår av hodet på en fyr. Stor underholdning!

 

Jeg anbefaler å se flere av dem, gjerne hele serien for shits and giggles. Mange regner toern, treern, VI og The Final Chapter som de beste. Freddy Vs. Jason, som kommer litt utenom, anbefales også for shits and giggles. Ganske underholdende.

Link to comment
Share on other sites

 

The Cabin in the Woods (2011, Goddard)

 

 

http://www.scifinow.co.uk/wp-content/uploads/2012/09/Cabin-In-The-Woods-sequel1-300x200.jpghttp://bloximages.chicago2.vip.townnews.com/chieftain.com/content/tncms/assets/v3/editorial/7/6d/76d9ac68-850f-11e1-acfe-0019bb2963f4/4f878dceabad7.preview-300.jpghttp://www.dreamagic.com/jeff/CIW.gifhttp://www.scifinow.co.uk/wp-content/uploads/2012/09/the-cabin-in-the-woods-girl-mirror-300x200.jpg

 

Kan innehelde enkelte spoilers!

 

Ein nyskapande skrekkfilm. Kva er ein nyskapande skrekkfilm? Kva er det dagens moderne skrekkfilm treng som den ikkje har? Kvifor var skrekkfilmen så mykje betre før?

 

Sjølvsagt er dette gode spørsmål, men så må me jo heller samtidig ikkje gløyme at det finnes mange gode, nyskapande moderne skrekkfilmar. The Cabin in the Woods er ein av desse. Ikkje fordi den er veldig original, tvert imot, heller fordi den er så herlig sjangerbevist.

 

The Cabin in the Woods er nemlig ein utruleg sjarmerande blanding av ein haug med ulike, 80-talls skrekksubsjangere. Heilt frå første møte med hovudpersonane våre ser med kor godt handtert klisjeane i filmen er. Frå typisk moderne ”high-school” skrekkfilm, til hytteskrekkfilm i klassisk stil, til overtruisk djevelritual klisjear og i gjennom haugevis av klassiske skrekkfilmmonstre.

 

Filmen topper seg sjølv og beviser ein gong for alle kor useriøs, men sjarmerande og gøyal den er, når alle dei ulike monstra (eller subsjangrane om du vil) blandas saman til ein stor, herlig blodig og utruleg underheldande eksplosjon.

 

Men det betyr framleis ikkje at The Cabin in the Woods er ein perfekt film. Ei heller ein perfekt skrekkfilm. Mystikken kunne garantert ha vert handtert langt betre, sidan heile plottet ramlar frå kvarandre ganske fort. Eg kan unnskylde det med at hovudfokuset ikkje står på dette ”spelet”, sidan det har blitt gjort så mange gonger før og for så vidt er ganske uinteressant i seg sjølv. Men mystikken speler på den andre sida ei viktig i den første delen av filmen.

 

Men sjølv om The Cabin in the Woods er eit stykke frå å være den ulltimate skrekkfilm, er den framleis eit friskt pust i sjangeren og representerer ein av dei tinga som er nødvendig for å løfte denne elles veldig spennande sjangeren.

Link to comment
Share on other sites

 

À l'intérieur (2007, Bustillo & Maury)

 

ihttp://4.bp.blogspot.com/-3uUK6g7Fr_0/T5rcoM_blNI/AAAAAAAAAWo/LUAgkgXbe3I/s1600/inside.jpg

 

 

 

Franske Inside køyrer eit veldig klassisk skrekkfilmkonsept, som inneberer ei einsam, gravid, ung enke som lever i frykt etter å ha mista mannen sin i ei bilulukke og som no har ei mystisk dama utanfor huset sitt. Framleis er den ein overraskande vellukka skrekkfilm, mellom anna fordi den er ganske bevist på sine eigne klisjear. Den er også av typen skrekkfilm som verkelig klarer å få til ein stor mengde stilfull og elegant vald som fungerer som framdrift i underholdninga i filmen.

 

Men det som er så fint med den europeiske nye bølja av ultavaldlige skrekkfilmar, er at dei under overflata og all valden alltid har noko å komme med. I første omgang skulle man tru at Inside ikkje var noko meir enn ein typisk graviditets skrekkfilm i Rosemary’s Baby stil. Men sjølv om den også er det, er den, til slutt, noko meir. Filmen pressar oss ganske nært inn på kor tett man som mor blir knyta til sitt eige barn i perioden man er gravid og kor mange sterke kjensler dette inneberer.

Link to comment
Share on other sites

 
  • 2 months later...

The Innkeepers (2011, West)

http://studentview.com.au/wp-content/uploads/2012/09/The-Innkeepers-300x200.jpghttp://www.theindustrymole.com/wp-content/uploads/2012/06/The-Innkeepers-2011-Movie-03-300x200.jpg

http://cf.badassdigest.com/_uploads/images/27746/image-innkeep__span.jpg

 

Med The Innkeepers viser Ti West seg som ein veldig stabil regissør innan skrekksjangeren. Han dveler oppbygginga langt ut og lar det ikkje verkelig skje noko før etter over ein time. Men West kan kunsten å bygge stemning og spenning, og lar det frå første stund ligge noko mystisk i lufta. Mange av dagens skrekkfilmar sliter med tynne plott som gjer oppbygginga ekstra keisam, men heldigvis klarer West å skape karakterar som er interessante nok. Mange sjokkeffektar blir nytta, som i dag ofte kan bli ein uting, men som heller ender opp som svært effektive her. Joda, kanskje ein smule simpelt, men The Innkeepers handlar i grunn om skrekkfilmsjangerens enkle trekk som kan gjennomføras ved god oppbygging. Det er også forfriskande å sjå The Innkeepers, av fleire grunnar. Den er ein av dagens få skrekkfilmar som verkelig lykkes i å auke sjåarens hjarterytme og skyte inn fleire adrenalinfylte scener. Det er også fint å sjå West sitt tydelig skrekkfilm inspirerte filmspråk. Hotelet fangar ei god 60-tals stemning, men korridorane og romma mangla for min del litt atmosfære. Det er også godt å sjå ein skrekkfilm som prioriterer stemning over vald, og lykkes med det.

 

A Nightmare On Elm Street (1984, Craven)

Fin blanding mellom intens mystikk og klassisk 80-talls slasher moro. Foto og fargar ser bra ut. Eit fengande soundtrack gjer filmen litt ekstra tøff.

 

Eyes Without a Face (1960, Franju)

Franske Eyes Without a Face dveler seg sakte framover mot intense klimaks i all sin mystikk. Klimaksa kunne kanskje vert enda meir sjokkerande, men det er ingen tvil om at oppbygginga er godt gjennomført. Regissør Fanju lar oss kjenne godt på hovudpersonane sin smerte, både mannen som gjer alt han kan for å skjule den og dama som av og til slepper den ut. Me føljer også deira ansiktslause dotter, som utforskar det foreldra driv med. Det dei gjer for ho. Handlingar både egoistiske og omtenksame. Fanju viser også at han beherskar både kunsten å skjule og å vise. Han skjuler lenge ansiktet til dottera, som ein del av den nervepirrande oppbygginga. Men han viser avskjering av ansikt i lange tagningar, for å få oss til å verkelig forstå kor kyniske handlinga til foreldra er. I slike scener, får filmen fram ei forstyrrande og iskald stemning. Men det finnes også magiske augneblikk i Eyes Without a Face, godt hjelpt av eit praktfullt soundtrack. Det er ein stemningsrik film, samtidig som den er så stille og tom.

Link to comment
Share on other sites

 
  • 4 weeks later...

Haute Tension (2003, Aja)

http://media.avclub.com/images/53/53797/16x9/627.jpg?3955

Smålig unødvendige oppbyggingssekvensar framhevar Ajas manglande evne til å skape truverdig dialog, samt klippens urytmiske rot. Oppbygginga manglar dessutan både nerve og spenning, og ender heller opp som situasjonar som berre ”er der” for å drive filmen framover. Valden er teikneserie liknande og grensar fleire gongar til slapstick, noko som i starten kjenst ufølsamt, men som etterkvart heller blir eit bidrag til filmens galskap. Eit stykke ute i filmen oppstår fleire meir nervepirrande situasjonar, tettpakka med klisjear, men framleis effektive. Twisten er klønete presentert, samt unødvendig overforklart. Men sjølv om det er eit simpelt strukturert, halvkopiert vendepunkt, er det ikkje først og fremst sjølve twisten som betyr noko, men heller kva den gjer filmen til. Ein vill skildring av undertrykt seksualitet og maskulinitet, som ikkje seier noko klokt eller menneskelig, men som kler denne valdsorgien fylt med galskap.

Link to comment
Share on other sites

 

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share

×
  • Create New...