Jump to content

Jarmusch's filmanmeldelser


Jarmusch
 Share

Recommended Posts

Somewhere (2010)

http://www.fantasybookreview.co.uk/media/7-stars.gif

 

 

http://graphics8.nytimes.com/images/2010/12/22/arts/JPSOMEWHERE/JPSOMEWHERE-articleLarge.jpg

 

 

Uamerikansk og rolig

 

I 2003 slo Sofia Coppola (datter av Francis Ford Copppola) igjennom med”Lost in Translation”. Ho hadde allereie laga filmen ”The Virgin Suicides” og mellom anna vert skodespelar i ”Star Wars Episode I”, men det var ”Lost in Translation ho verkelig slo igjennom med. Ho blei den første kvinna til å vinne ein Oscar for beste regissør og filmen hennas vart i tillegg ganske populær. No er Sofia Coppola tilbake med filmen ”Somewhere” og den er så uamerikansk som du kan få det.

 

Filmen åpnar med ein øde vei. Så paserer ein ferari. Så etter litt kjem ferarien tilbake igjen. Og sånn fortsetter det, i vertfall tre minutt. Dette er eit godt eksempel på Sofia Coppolas uamerikanske, heller europeiske eller japanske regissør stil. Det er orginalt og rart, rolig og sært. Vel, ellers handlar filmen om Johnny, ein alt for kjent skodespelar og stuntmann som for mange har alt. Det render damer inn hos han heile tida, han har store mengder pengar og han er superkjent. Men Johnny er slettes ikkje lykkelig. Han er ein einsam, stille og fjern mann du i heile filmen sympatiserer med.

 

Det som mellom anna gjer denne filmen bra er korleis Johnnys problemar og ensamheit blir beskrevet. Sofia Coppola bruker lang tid på denne karakteren og det er som om heile filmen kunn er om han.

 

No, Johnny har ei dotter og det er ho som åpnar augo for han. Det som mellom anna er så bra med denne datera er at ho er heilt normal. Ho er ei heilt normal jente på 11 år. Alle ungar i amerikanske dramafilmar har det ofte veldig fælt eller ein grusom sjukdom. Ellers så er dei overnaturlig rampette. Dattera til Johnny er ein heilt normal 11 åring.

 

Stephen Dorff er avslappa i rolla som Johnny og det liker eg. Han har denne roen filmen har. Han passer i tillegg veldig godt til denne einsame, tafate mannen som så gjerne vil forandre livet sitt.

 

 

Som sagt så er filmen veldig uamerikansk. Alle dei rolige scenene, det faktum at det skjer veldig lite og dei normale karakterane er det som gjer filmen så uamerikansk. No, roen filmen har er veldig deileg, men dessverre treffer ikkje filmen meg heilt sånn som den ønsker. Altso, ”Somewhere” er ein fin film og den har ein flott ro, men imens den foregår treffer den meg ikkje skikkelig. Eg bryr meg om karakterane og eg tenkte litt på filmen når rulleteksten begynnte å rulle, men allikevel treffer den meg ikkje heilt. Den er liksom ikkje like fin som ”Lost in Translation” og ikkje så trist som den vil være. Den blir aldri direkte kjedelig, men er alikevel ikkje alltid like engasjerande og den er heller ikkje like deilig å sjå på som for eksempel den japanske filmen ”Megane” eller ein anna rolig japansk film.

Link to comment
Share on other sites

 
  • 2 weeks later...

Cowboys & Aliens (2011)

http://www.fantasybookreview.co.uk/media/5-stars.gif

 

Kunne blitt så mykje betre!

http://3.bp.blogspot.com/_5LZFBy22PXs/TU_ZjD6he8I/AAAAAAAAUJ8/TXKAlyQVHQE/s1600/cowboys_and_aliens_movie_image_daniel_craig_harrison_ford.jpg

 

Ein blanding av western og science fiction med Harrison Ford og Daniel Craig, høyres spennande ut. Vel…

 

Filmen opnar som ein western film. Ute i den øyde ørkenen ligger Jake Lonegarn. Et par minutt seinare slåss han mot eit par skurke aktige typar som om han var ein blanding av Dirty Harry og Indiana Jones. Ja, og appropo Indiana Jones, Harrison Ford spiller ein grinebitar på flott vis. No, filmen fungerar flott som western heilt til aliene begynner å angripe. Den blir ingen science fiction film av det, men heller ein stor budsjets actionfilm full av eksplosjoner.

 

Humoren i filmen fungerar ikkje i det heile tatt og dei dumme ”vitsane” karakterane serverer øydeleg berre for filmen. Eg skulle likt å sett filmen som heilt seriøs.

 

Daniel Craig fungerer godt som ”bad to the bone” actionhelt og sjølv om karakteren hans ikkje er verdens mest sympatiske mann, så heier me på han.

 

No, filmen har mange småting eg iriterer meg over. I ein scene begynner plutselig ein av flyene til aliene å gå. Blei dette plutselig Transformers eller? I ein anna scene ser det ut som om Daniel Craig har ein ny video på bloggen sin med webkamera. Eit mislykka forsøk på å skape ein klaustrofobisk følelse. Ja, også har aliene sjølvsagt verdens værste ”skjulested” planta mitt på jorda. Noko som liggner på borga til Jabba frå ”Star Wars – Return of the Jedi”. I tillegg ser aliene ut sånn som dei alltid gjer og dei har sjølvsagt stygge skytevåpe som skyter blå stråler.

 

Men dette er ein popcorn film og den oppnår vel kanskje sitt viktigaste mål, å underhelde. Men det som er synd er at den kunne blitt så mykje betre.

Link to comment
Share on other sites

 

You Will Meet a Tall Dark Stranger (2010)

http://www.fantasybookreview.co.uk/media/7-stars.gif

 

Enda ein fin og morosam Allen film

http://www.filmofilia.com/wp-content/uploads/2010/04/You-Will-Meet-a-Tall-Dark-Stranger-Photo-2.jpg

 

Woody Allen er kjent for sine dramatiske filmar om ekteskapsproblemer og andre intriger, men også sine komediar om ofte same tema. Allen har snart regisert femti filmar no og har i det siste komme med ein ny film kvart år. Han har no slutta å spille i filmane sine og fleire forskjelige nye karakterar blir presentert på lerette.

 

”You Will Meet a Tal Dark Stranger” handlar kort om to par sine problemer. Roy er ein forfattar som etter si første bok berre har skreve dårlige bøker som ikkje seljer. Han driver på med den nyaste boka si for øyeblikket, men blir veldig disterahert av den vakre nabojenta. Kona hans, Sally jobbar i eit kunst museum og merker at ho forelskar seg litt i sjefen. Mora hennas, Helena går til ei spåkone ofte og er besatt av tanken av at ho har levd før og andre spirituelle ting. Ja, også har med Alfie som skilte seg frå Helena for ei vertfall tretti år yngre kvinne.

 

Filmen bruker langt tid på å beskrive karakteranes problemer og det liker eg. Altso, filmen legger heile sjela si i desse karakterane. Og sidan filmen legger så mykje sjel karakterane, får med sjølvsagt servert flotte skodespelarprestasjonar frå mellom anna Anthony Hoppkins og Naomi Watts.

 

”You Will Meet a Tal Dark Stranger” drives av problemene til karakterane. Fristelsar og usikkerheit er også temaer i filmen. Alle lurer på kva dei vil med livet sitt og fristelsanne dei får. Og med all usikkerheita ender dei ofte til slutt opp med å gjere dumme handlingar.

 

Filmen har også ein fin gli og den flotte stemninga den bygger opp hjelpes godt av musikken. Også er denne filmen som dei andre nye Woody Allen filmane litt annleis i forhold til dei gamle. Ofte viser dei at ting kan ende godt og, og alt er ikkje berre intriger og vanskligheiter

 

No, ”You Will Meet a Tall Dark Stranger” er ein fin film, men den treffer meg ikkje skikkelig. Altso, for meg har den mange bra trekk utan at den blir veldig bra. Så den ender liksom opp med å være ein av dei fine, nyære Woody Allen filmane.

Link to comment
Share on other sites

 

The Tree of Life (2011)

http://www.fantasybookreview.co.uk/media/10-stars.gif

 

Perfekt perfektsjon av perfektsjonist

http://alenthony.files.wordpress.com/2011/07/tol.png

 

 

”The Tree of Life” er meir enn ein film. Den får meg til å tenke og gir meg ein spessiel følelse inni meg. Eg får frysningar av dei fantastiske bileta av universet, blir rørt av Brad Pitt som streng familiefar og undrar meg over den merkelige slutten.

 

Å oppsumere handlinga i filmen er vanskelig. Filmen handlar ikkje berre om ein familie, men om livet, døden og alt anna som finnes.

 

”The Tree of Life” er full av metaforar, bodskap og underlige ting. Eit tre står mitt i mellom fleire store bygningar, noko som viser korleis menneska har omtrent øydelagt naturens vakkerhet med maskiner og gigantisk bygg. Med får oppleve havet, universet, dinosaurar og alt det vakre naturen har å by på, på litt under 2 og ein halv time.

 

 

 

I tillegg er ”The Tree of Life” så utrolig bra gjennomført. Filminga er fantastisk, korleis kamera har fanga opp så mange flotte bilete av jorda, og korleis det beveger seg sakte rundt i Terrence Malicks fantastiske film. Men kamera beveger seg også fort i scener som trenger det, og det er med på å skape scenene enda betre. Musikken i filmen gjer det heile enda meir rørande og alle scener og alle detaljer er perfekt gjennomført av ein perfektsjonist. Det synes at Malick har lagt mykje arbeid i dette.

 

Også er karakterane så menneskelige. Dette er ikkje som ein vanlig amerikansk film med eindimisjonale karakterar, her har karakterane både sine positive og negative sider. Den strenge faren Mr. O’Brien som Brad Pitt speler er overstreng og tenker berre på seg sjølv. Han lar aldri nokon andre snakke og føler at berre han har noko viktig å komme med. Men han setter også stor pris på det han har og elskar både sønene og kona si.

 

I ”The Tree of Life” er Brad Pitt i si beste rolle hittil. Han er ikkje lenger den barske fyren som tørker blod frå munnen, men ein streng familiefar. Jessica Chanstain er og fantastisk i rolla som Mrs. O’Brien og dei tre som spiller sønene til Mr og Mrs. O’Brien imponerer. Sean Penn har ikkje så mykje å spille på her, men han gjer mykje ut av det. Eg elskar det forbause blikket han i gjennom heile filmen kaster rundt seg.

 

For meg er alt i filmen perfekt. Alt er perfekt gjennomført og det er sånn eg vil ha det. Altso, sjølvsagt er kanskje dei fantastiske bileta av universet litt betre enn ein del av det som skjer mot slutten i familien O’Brien. Men filmen blir aldri kjedelig og alt har sinn plass i historien.

 

Filmen stiller mage spørsmål, men gir få svar. Og det liker eg. Menneske har ingen skikkelig svar på kva som er i universet eller om det finnes ein gud. Eller kva som skjer etter med dør. Men menneske har tusenvis av spørsmål.

 

 

Skal du sjå ”The Tree of Life”, noko du burde, skal du sjå den på kino. ”The Tree of Life” er ikkje ein film, men ein opplevelse.

Link to comment
Share on other sites

 

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share

×
  • Create New...