Jump to content

Visninger og Rop, runde 15: Being There


marlowe
 Share

Recommended Posts

Being there

Hal Ashby, 1979

 

 

http://cache2.allpostersimages.com/LRG/36/3633/EHMEF00Z.jpg

 

Being There var Peter Sellers si nest siste rolle (The Fiendish Plot of Dr. Fu Manchu var hans siste), og kom ut året før Sellers døydde i 1980, berre 54 år gamal, etter å ha falle i koma som følgje av ein serie med massive hjarteattakk.

 

Filmen er basert på Jerzy Kosiński sin kortroman med same namn frå 1971, og Peter Sellers fall for historia om den enkle gartnaren Chance med ein gong. Han identifiserte seg såpass med karakteren at han ganske kjapt etter utgjevinga sendte eit telegram frå Chance til forfattar Kosiński: ”Available in my garden or outside of it”. Dei påfølgjande åra pressa Sellers både forfattaren (og seinare manusforfattar) og komande regissør Hal Ashby på for å få boka filmatisert. Fleire gongar brukte Sellers Chance som pseudonym. Andre filmar som Hal Ashby har stått bak er Harold and Maude (1971) og Shampoo (1975).

 

Being There blir av mange sett på som Sellers’ svanesong. I ein filmografi beståande av først og fremst komiske roller, som inspektør Clouseau i The Pink Panther-filmane eller ein trio av karakterar i Dr. Strangelove, skiljer den stillferdige og underutvikla Chance seg ut. Han er rett nok ein karakter fylt av komiske aspekt, men i dei aller fleste tilfella er dette ubevisst gjort frå karakteren si side.

 

http://2.bp.blogspot.com/_b0f_EYQi0h4/TH6H1PcteQI/AAAAAAAAAGg/dfHlQBGDAJo/s1600/BeingThere.png

 

Når vi først møter gartnaren Chance i filmen, er vi vitne til hans daglege rutinar, alltid akkompagnert av hans einaste informasjonskjelde, TV-en. Han er kjenslemessig underdaning, uvitande om korleis ein oppfører seg i gitte situasjonar. Når hans herre gjennom mange år døyr, er han tilsynelatande uberørt, mest oppteken av kva som er å sjå på den flimrande skjermen. Når han så etterpå får beskjed frå advokatane som tek seg av eigedomsoppgjeret om å forlate huset han alltid har budd i, må han ut i verda.

 

Evnene til Chance er enkle, stort sett avgrensa til kunnskap om floraen, men i ei kynisk verd er desse enkle, men intelligente betraktningane kjærkomne. Chance oppnår ubevisst noko dei fleste av oss aldri kan oppnå, uansett kor mykje vi ynskjer oss det og kor hardt vi jobbar for det. Spyttar han på den amerikanske draumen?

 

 

Kvar kan du skaffe den?

 

Filmen kan fåast i fleire utgåver, sjølv har eg Being There Deluxe Edition frå 2009. Ekstramateriell er ein featurette (Memories from Being There) og ein trailer.

 

£4.99 hos play.com: http://www.play.com/DVD/DVD/4-/7871259/Being-There-Deluxe-Edition/Product.html

 

£4.99 hos amazon.co.uk: http://www.amazon.co.uk/Being-There-Deluxe-Peter-Sellers/dp/B001IWELFY/ref=sr_1_1?ie=UTF8&qid=1289163530&sr=8-1

 

59,50,- hos platekompaniet.no (utgåva er Velkommen Mr Chance): http://www.platekompaniet.no/Film.aspx/DVD/Velkommen_Mr_Chance/?id=D000938

Link to comment
Share on other sites

 
 
 
 
Flott at den fell i smak. Slik eg ser det er der fleire aspekt ved den som kan tolkast på ulike måtar, noko som jo er bra for ein god diskusjon.
Link to comment
Share on other sites

 
 
 

Nå går han på vannet, så det kan jo tyde på en slags Jesus-link. Eller hva ellers har man?

 

 

Tror det heller kan bety at folk er villig til å tro alt, akkuratt som menneskene i filmen trodde han var ett geni. Så prøver regissøren oss til å tro at han plutselig kan gå på vannet.

 

Link to comment
Share on other sites

 
Nokon som har fått sett denne endå då? Er litt avventande slik at fleire får den innabords før eg seier så mykje om den (om eg då har så mykje vetigt å seie om den i det heile teke!).
Link to comment
Share on other sites

 
 
 
Jeg har også sett Being There og er ganske lunken til den. Kan gjerne være med på en debatt om det skulle oppstå, men tror ikke jeg ser filmen igjen med det første.
Link to comment
Share on other sites

 

Jeg har også sett Being There og er ganske lunken til den. Kan gjerne være med på en debatt om det skulle oppstå, men tror ikke jeg ser filmen igjen med det første.

 

Kva var det som gjorde at du berre var lunken til den då? Sjølv fall eg for den med ein gong. Stemninga som både var vakker, tragisk og morosam på same tid. Dei samfunnskritiske aspekta, latterleggjeringa av den amerikanske draumen, der alle kan lukkast med hard og målretta jobbing.

Link to comment
Share on other sites

 

Jeg så denne nå, og dette var flotte greier. Kanskje noe av det beste jeg har sett, faktisk.

 

Slutten kan kanskje være interessant å diskutere?

 

Jeg tolket den vel omtrent som BadSmile: Folkene i filmene opphøyer Chance så til de grader at de er tilbøyelige til å tro at han kan gjøres nesten hva de skulle være, selv gå på vannet. Men dette er kanskje en noe enkel tolkning? Hvorfor er slutten det eneste overnaturlige elementet i filmen? Hvorfor kan Chance plutselig nå gå på vannet? Kan han det egentlig i det hele tatt, eller er det egentlig en illusjon? En løsning kan jo være at det faktisk er en Jesus-link her, selv om jeg ikke tror det.

 

Link to comment
Share on other sites

 

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share

×
  • Create New...