Jump to content

Visninger og Rop, runde 10 - From Here To Eternity


CypheroN
 Share

Recommended Posts

 

Men med japan- og horrorkåring kan man vel ikke forvente særlig mye annet. Folk må ha tid til annet også.

Det er nå ikke akkurat overveldende aktivitet der heller. Som jeg skrev i Japan-tråden, føler kanskje at det foregår litt for mye på en gang akkurat nå.

 

Jeg hadde valgt Du Levande om jeg hadde tenkt på den før Herfra Til Evigheten. Så det har ikke noe med kommentarene her å gjøre.

 

Bare litt.

 

Jeg så andrevalget på fredag. Håper det gjør opp for at jeg ikke kommer til å se From Here To Eternity. ;)

Link to comment
Share on other sites

 

Då fekk eg endeleg sett denne, som den første av alle deltakarane her..

 

Ingen djup film, men eg likte den. Montgomery Clift gjer ein veldig god prestasjon her, ein verkeleg karismatisk skodespelar. Frank Sinatra var meir spinkel enn eg hadde trudd, men klarte seg bra. Burt lancaster gjer også ein god jobb, men han er langt i frå å stele scenene slik som førstnemnte gjer.

 

Vil tru at ein del av emne filmen tek opp, som t.d. utruskap var kontroversielle då filmen kom ut, men sett i fht tida no er dei lite provokative. Ein del av samhandlingane er vel også prega av mykje kliss og klisjéar, men det fungerer greitt for det.

 

Har alltid vore begeistra for spontane musikkscener på film, der karakterane berre slengjer seg med, slike som vi finn i t.d. Diner og Rio Bravo. Trompetscena med Clift fall dermed godt i smak.

 

Sjølv om filmen tek føre seg angrepet på Pearl Harbour, så er ikkje denne handlinga sentral før dei siste 10-15 minutta. Zinnemann vel å fokusere på menneska i staden, og det er liten tvil om at han gjer dette betre enn andre som har prøva å forevige denne hendinga den 7. mai 1941, sjølv om også han til tider er på (og over) grensa til det sentimentale og melodramatiske.

Link to comment
Share on other sites

 
 
Hehe, meinte faktisk at Sinatra var fysisk tynnare enn eg hadde trudd! Prestasjonen hans var ikkje den beste i filmen, men noko rett må han ha gjort sidan han fekk Oscar for "Best actor in supporting role". Synst for øvrig at det er ganske utruleg at denne filmen fekk heile åtte Oscar, deriblant for beste film, samt at den var nominert til endå fleire. Var det smått med utfordrarar i 1953, eller er var det nok at den tok føre seg ei viktig hending i USA si historie?
Link to comment
Share on other sites

 
 

Om vi skal halde fram med opplegget om å bestemme ny runde ei tid i forvegen, er vel tida inne no? Skuffande deltaking på denne runda, synst vi skal vere litt lojale mot opplegget, trass i at filmen kanskje ikkje var den aller mest interessante. :rolleyes:

 

Veit ikkje kven som bør nominerast til neste runde. Kva med Kiddo eller Zann? Dei er vel dei einaste som har posta nokre ord forutan dei som allereie har stått for ei runde.

Link to comment
Share on other sites

 
 
 
 
 
 
 
 
 

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share

×
  • Create New...