marlowe 0 Posted November 29, 2009 Report Share Posted November 29, 2009 Etter å ha sett dei fem filmane som blei til gjennom samarbeidet mellom Werner Herzog og Klaus Kinski: Aguirre, der Zorn Gottes (1972), Nosferatu: Phantom der Nacht (1979), Woyzeck (1979), Fitzcarraldo (1982) og Cobra Verde (1987) sat eg att med sterke kjensler om at dette var eit forhold som kosta, og som var strevsomt. Eg har aldri sett ein skodespelar gi så mykje av seg sjølv, på grensa til det overnaturlege. Det var også klart for meg at ingen kven-som-helst kunne ha fått ut dette som regissør. Å gjere dette forholdet, og meir enn det, om til ein ”dokumentar” var eit sjølvsagt val som ein gong berre måtte kome. Mein liebster Feind – Klaus KinskiAllereie ved tittelen og ved filmplakaten til Werner Herzog sin ”dokumentar” Mein liebster Feind – Klaus Kinski (”Min kjære fiende”) som kom i 1999 får vi ein god peikepinn på det ambivalente forholdet mellom to av dei mest signifikante personlegdomane i filmens historie: filmskapar, produsent og manusforfattar Werner Herzog (eg. Werner Herzog Stipetić, fødd i München, Tyskland i 1942) og skodespelar Klaus Kinski (eg. Nikolaus Karl Günther Nakszyński, fødd 18. oktober 1926 i Sopot, tidlegare fristaden Danzig, død i 1991 ). Eit bilete frå innspelinga av deira femte og siste filmprosjekt i lag, Cobra Verde, pryder framsida. Kinski, som den valdelege slavehandlaren Francisco Manoel da Silva, står med sverdet på strupen til regissør Herzog. Ein flott augneblink foreviga av fotograf Beat Presser. Herzog fortel i samtale med fotografen seint i Mein liebster Feind at han liker biletet godt, og at Kinski måtte ha merka seg fotokameraet sitt nærvær. Presser repliserer at Kinski også ville at Herzog ”skulle få det”. Eit bilete som trass i stor dramatikk likevel er fylt av humor og varme. http://www.oslo.diplo.de/Vertretung/oslo/no/06/Nyheter__ark/W__Herzog__Bild__II,property=Galeriebild__gross.jpg Mytene om Klaus Kinski, og også Werner Herzog, er mange. Mykje av dette skuldast nok Kinski sin sjølvbiografi Kinski: All I Need Is Love der han står fram og gir nytt liv til mange av mytene og rykta som har versert kring han, blant anna hans tilsynelatande dårlege forhold til Werner Herzog. I Mein liebster Feind hoppar Herzog uti dette universet med ein gong i form av eit klipp av Kinski ståande på ei scene framføre ei folkemengde på over 5000, deklamerande og aggressiv. Staden er Deutschlandhalle i Berlin, og datoen er 20. november 1971. Kinski prøver å formilde er ei tolkning av bibelhistoria om Jesus Kristus, men blir i staden opphengt i, og provosert av dei mange tilropa frå ein del av publikum. Han svarer med banning og trugslar, og forlét scenekanten også fleire gongar, berre for å vende tilbake til den same stemninga og dei same eigne reaksjonar kvar gong. Trass i at Kinski i oppstarten av karriera var ein respektert framførar av monologar, er det tydeleg at han denne gongen har teke seg vatn over hovudet. Han er Klaus Kinski slik dei fleste kjenner han. (Denne kvelden i Kinski sitt liv er også gjenstand for ein annan dokumentar, Jesus Christus Erlöser, regissert av landsmannen Peter Geyer. Denne kom ut i 2008 og blei sleppt på verdsmarkedet i september 2009.) ”And only if one of you wants to hear me he has to wait until this fucking scum has left” er det siste Kinski ropar før Herzog kuttar scena. Han viser oss bilete av den rasande Kinski som vi kjenner så godt. I eit kort klipp til kjem Kinski på scena nok ein gong, berre for å rive mikrofonen ut av handa på ein annan talar. Kinski går av scena igjen. http://img40.imageshack.us/img40/7953/kinskijesustour.png Vi møter så Herzog sjølv, trakkande i fotspora han har gått før. For å kunne forklare korleis Kinski enda opp som den Jesus-deklamerande personen vi nettopp har sett, vel han å gå tilbake til sin eigen barndom og sine første møte med den eksentriske skodespelaren. Men vi forstår kjapt at den aggressive eksentrisiteten ikkje var noko Kinski fekk i sine seinare år, det var noko han hadde frå tidleg av, frå før Herzog sin familie heilt tilfeldig budde i lag med han i eit kollektiv då Herzog var 13 år. I lag med to som no bur i leiligheita blir fleire utrulege episodar med Kinski gjenfortalt. Vi får høyre korleis han i to dagar og to netter gjekk amok på badet, og korleis do og vask blei knust til kvitt støv og korleis han rasa over at ein av hans skodespelarprestasjonar berre blei kalla ”fantastisk” i staden for ”monumental”, som han sjølv synest han var. Herzog stadfestar mytene om Kinski som sanne. Etter dette går Herzog, i lag med fleire involverte, gjennom dei fem spelefilmane han og Kinski gjorde i lag. Han dreg til Peru, plassen for Aguirre, der Zorn Gottes (1972) og Fitzcarraldo (1982). Innspelingar som var problemfylte og sterkt prega av relativt små budsjett, naturkrefter, byråkrati og ein ustabil Kinski. Herzog kallar skodespelaren for egomanisk. Kinski hadde eit stort behov for å bli sett, og uansett kva som måtte skje med andre, anten det var fly som blei borte eller fotar som blei kappa av, så måtte han vere i fokus. Dei timelange raseriutbrota kunne frustrere dei fleste, men Herzog visste korleis han skulle takle, og utnytte det, til filmens fordel. Stemninga Kinski var i etter utbrota var noko regissøren sat stor pris på, uansett kor mykje ein måtte gå gjennom for å kome dit. Men samtidig ville også Kinski bli provosert, han forstod kva det var Herzog ville. Ikkje mange personar uttalar seg i filmen. Dei få personane som er med, har Herzog vald med omhu. Vi møter blant anna ein av dei som var med som soldat i Aguirre, der Zorn Gottes, Justo Gozalez, vi møter Eva Mattes som spelte mot Kinski i Woyzeck og vi møter Claudia Cardinale som var motspelarinna i Fitzcarraldo. Gozalez skildrar Kinski som ”always impulsive, aggressive, out of control. Hitting everyone.” og han viser fram arret frå då Kinski i eit utbrot slo han med eit sverd. Vi får høyre om statistar som får fingrane skotne av av ein irritert Kinski. Vanvittige handlingar som likevel har noko humoristisk over seg. Eva Mattes blir omtala av Herzog som ei av dei få som har noko godt å seie om Kinski, men trass i at majoriteten nok har eit anna syn, er det den tysk-austerrikske skodespelarinna som får sleppe til. Dei negative sidene til Kinski er velkjende frå før, så eit meir nyansert bilete av han er absolutt på sin plass. Også italienske Claudia Cardinale har eit anna syn på Kinski. Sjølv om ho kallar han paranoid så omtalar ho han også som snill og varmhjerta. Var Klaus Kinski Werner Herzog sitt alter ego på skjermen? Herzog drøftar dette både i Mein liebster Feind og intervjuboka Herzog on Herzog (Cronin, 2002), og det er liten tvil om at dei komplementterte kvarandre. Dei kunne forstå kvarandre utan å seie eit ord, men kanskje viktigast av alt var deira lidenskap og felles forståing for at filmen var det viktigaste. ”If you sink I shall sink too” sa Kinski på eit tidspunkt. Fleire gongar stilte dei opp for kvarandre. Herzog vurderte på eit tidspunkt sterkt å spele rolla som Fitzcarraldo sjølv, etter at Jason Robards måtte melde pass som følgje av sjukdom, men Kinski steppa inn i siste liten. Herzog såg seg sjølv att i mange av rollene som Kinski hadde. Til dømes får vi i ei scene i Mein liebster Feind servert eit klipp frå Aguirre, der Zorn Gottes der Kinski står lent inntil eit tre medan han ser seg mistenksamt og vilt rundt. Dette blir så kryssklipt med eit bilete av Werner Herzog lent inntil eit tre, dog med eit mindre vilt blikk. Kinski fekk ut det Herzog ville. ”He attracted the herd magnetically and I held it together” Men det skal sjølvsagt seiast at dei to også såg svært ulikt på mange ting. Blant anna trekkjer Herzog fram Kinski sine ambivalente tankar om natur, der skodespelaren prisa naturens krefter og erotikk og sørgja for å ha mengder av tidsriktig utstyr til ulike naturopplevingar, samtidig som han nesten aldri sette sin fot i jungelen. Herzog hadde sjølv eit meir pessimistisk og negativ syn på naturen. http://img31.imageshack.us/img31/3800/kinskiherzogmerged.jpg Cobra Verde frå 1987 blei det siste samarbeidet mellom Werner Herzog og Klaus Kinski. Sistnemnte tømde seg sjølv fullstendig på slutten av innspelinga, og Francisco Manoel da Silva sitt seige endelikt fortel mykje om situasjonen Kinski sjølv var i. ”We can not go further. I am no more” sa han, og dei begge var einige om at samarbeidet ikkje kunne halde fram. Dei hadde nådd så langt dei kunne nå. Etter dette viser Herzog oss også Kinski sine siste andedrag som Nosferatu i filmen ved same namn. Der får han for kanskje første gang sjå sola og kjenne verda leve, berre for å døy av det. Men Herzog viser oss også eksplisitte kjensler for Kinski i slutten, der dei to nyt kvarandre sitt selskap i ein båt, leikande og leande. Mein liebster Feind markerte på ein måte nokre vendepunkt for Werner Herzog som regissør. Trass i stor popularitet i Europa og verda elles hadde han aldri hatt skikkeleg suksess i sitt eige heimland, Tyskland. ”The Germans have never liked their poets, not while they are live anyway” har Herzog blant anna sagt om det, og han fortel også om eit folk som ikkje har villa stukke seg fram, med tanke på historia til landet. Kvifor slo så Mein liebster Feind så uvanleg godt an? Ein skulle sjølvsagt tru at ein karakteristisk og kontroversiell person som Klaus Kinski skulle finne sine tilskodarar, då sladder og andres ulukker er populært generelt sett. Ein annan ting er nok at denne ”dokumentaren” nok er meir tilgjengeleg enn fleire av dei andre Herzog har stått bak. Den har ei nokså enkel narrativ løysing då den stort sett er fortald kronologisk, samt at den er veldig direkte i kva den vil formidle, i forhold til for eksempel Fata Morgana, som på ein måte berre skjer og viser utan nokon eigentleg form for handling. Den andre tingen er korleis Herzog sidan starten har blanda fiksjon og fakta, og at han gjer det på ein litt annan måte her. Han gir ofte ”dokumentarane” sine eit svært personleg og subjektivt preg, for betre å få fram sanninga. Han ”tuklar” med fakta. Han opnar til dømes Pilgrimage med eit sitat frå munken Thomas à Kempis som han Herzog sjølv har laga og Dieter Dengler fortel om ting i Little Dieter Needs to Fly som han ikkje gjorde i røynda. Mein liebster Feind er også fortalt subjektivt, det er sjølvsagt tilfellet med alle dokumentarar, men på ein litt annan måte enn kva som har vore norm med Herzog før, jf Herzog sitt manifesto Minnesota Declaration. Vi får servert historia gjennom Herzog og andre, men Klaus Kinski ytrar seg sjeldan. I staden for å gå litt vekk i frå reine fakta som har vore tilfellet før, går Herzog her litt andre vegen. Han tek føre seg mange av rykta som har vore om han sjølv og Kinski, og som blei endå meir blåst opp når Kinski sin autobiografi Kinski: All I Need is Love kom. I Mein liebster Feind fortel Herzog om korleis han og Kinski sat på ein trebenk og fann på dei mest ufyselege orda som kunne skildre Herzog. ”Werner, nobody will read this book if I don’t write bad stuff about you.” sa Kinski, som var i pengenaud. Sanninga, som alltid har vore noko av det viktigaste for Herzog, kjem her fram ved at ein går bort frå det som tidlegare har blitt sagt og baserer seg meir på fakta. Kinski sin autobiografi var lenge den største kjelda til Kinski og hans liv, og lite av det som stod der blei motbevist eller stilt spørsmålsteikn ved. Tidspunktet for når ”dokumentaren” kom var også ikkje tilfeldig. Klaus Kinski døydde i Lagunitas i California 23. november 1991. Skodespelaren blei råka av hjerteåtak, og blei berre 65 år gammal. Werner Herzog var med på å spreie Kinski si oske i Stillehavet ei tid seinare. Som tidlegare nemnt var samarbeidet mellom dei to over for godt, og etter den tøffe innspelinga av Cobra Verde var det mykje dunkelheit over forholdet mellom dei to. ”And had I made the film right after Kinski’s death, I am sure it would have been a much darker work.” Det er liten tvil om at Mein liebster Feind osar av humor, varme og kjærleik. Når historiene om planlagde likvideringar og sjokoladar etne i rein provokasjon har blitt mjukna av tida er det mykje å flire av. Herzog vender tilbake til Jesus-touren og Kinski sin galskap på slutten av Mein liebster Feind, kanskje for å gjere kontrastane til det som så skal kome, endå større. Dei fantastiske scenene av Kinski med sommarfuglen fortel mykje om kva som kan bu i eit menneske, og om dualiteten som finst i oss. Mein liebster Feind har nok gjort mykje for Klaus Kinski sitt ettermæle. Og det er også ein flott siste gest frå Werner Herzog, som har ynskja å vise at Klaus Kinski har fleire sider. http://img31.imageshack.us/img31/4047/kinskisommarfugl.png Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Svankmajer 21 Posted November 29, 2009 Report Share Posted November 29, 2009 Applaus! S, Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
marlowe 0 Posted November 30, 2009 Author Report Share Posted November 30, 2009 Takk for overveldande respons! Er det nynorsken som skremmar, eller var verkeleg teksten så ille? Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
herr_kalkun 9 Posted November 30, 2009 Report Share Posted November 30, 2009 Slenger meg på ryggen til Svankiz. Applaus! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
pretender 4 Posted November 30, 2009 Report Share Posted November 30, 2009 Flott tekst! Bra introduksjon til samarbeidet mellom Herzog og Kinski, som gir lyst til å se denne på nytt. Den seige responsen skyldes jo at man må sette av tid til å lese. Nynorsken er fin. Håper dette er begynnelsen på en rekke lengre tekster fra ditt hold! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
marlowe 0 Posted November 30, 2009 Author Report Share Posted November 30, 2009 Berre "bra"?!? Men teksten er jo monumental! Episk! Håper i alle fall at folk tek seg tid til å lese den, OG diskutere den/rundt den! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
morty 8 Posted November 30, 2009 Report Share Posted November 30, 2009 Jeg pløyde gjennom teksten igår, og har absolutt ingenting å utsette på den. Nada! Veldig godt gjennomført stykke arbeid, spekket med herlige små detaljer. Nynorsken kler forøvrig -på uforklarlig vis- tema perfekt. Som hånd i hanske. Fra meg blir det tommel opp! http://www.smh.com.au/ffximage/2007/11/02/david_lynch_wideweb__470x317,0.jpg Manglende respons skyldes nok det pretender er inne på, og ikke noe utpreget nynorskforakt. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Fubarino 4 Posted November 30, 2009 Report Share Posted November 30, 2009 Slenger meg på hylekoret!Speechless Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Kunstneren 0 Posted December 2, 2009 Report Share Posted December 2, 2009 Herzog hadde sjølv eit meir pessimistisk og negativ syn på naturen. Selv har jeg oppfattet det motsatt, at mange filmene hans er en hyllest av naturen... Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Kunstneren 0 Posted December 2, 2009 Report Share Posted December 2, 2009 Slenger meg på hylekoret! Trodde hylekor alltid var negativt ladet? Hylekor mot Hareide. Hylekor mot FrP. Hylekor mot bensinavgift. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
marlowe 0 Posted December 2, 2009 Author Report Share Posted December 2, 2009 Ein kan vel ha eit pessimistisk syn på naturen samtidig som ein hyllar den? Herzog sa vel at han ikkje såg att noko av det romantiske og erotiske som Kinski såg. Han såg meir dei brutale sidene av den. Det er heller ingen tvil om at natur speler ei stor rolle for Herzog. Han har vel knappast hatt scener som har blitt gjort i studio. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
KAH 3 Posted December 7, 2009 Report Share Posted December 7, 2009 Godt jobba dette Marlowe! Blir litt rørt av å lese om forholdet mellom disse to i nynorsk språkdrakt, hehe. Straks juleferie, så skal snart få lest andre artikler jeg ikke har kikket på enda, samt skrevet min sak om Lessons of Darkness. Bare så det er sagt. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Frenzy 5 Posted December 7, 2009 Report Share Posted December 7, 2009 Flott artikkel, Marlowe. Fikk umiddelbart lyst på et gjensyn med denne Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
marlowe 0 Posted December 10, 2009 Author Report Share Posted December 10, 2009 Takk for skryt! Gir ein motivasjon til å gjere noko liknande ved seinare høve! Kvifor så overraska over at ein slik tekst gjer seg i nynorsk språkdrakt? Synst det er det flottaste skriftspråket vi har her! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
NaN 0 Posted December 11, 2009 Report Share Posted December 11, 2009 Nynorsk er nydelig, velger det alltid når det er et alternativ på steder som Google, på nettlesere etc. Kan bli litt mye i lengden, og nynorskforkjempere oppfattes kanskje som vel ivrige i tjenesten. Så tror jeg det er en god porsjon latskap, vi lever jo i tider hvor studenter blir aggressive om de må lære ting som ikke er 100 % relevant i forhold til selve eksamenen. En kan nesten miste troen på menneskeheten av mindre. Hiver meg på lysten-på-et-gjensyn-etter-å-ha-lest-artikkelen bølgen. Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Kubrick 0 Posted January 2, 2010 Report Share Posted January 2, 2010 Er det nynorsken som skremmar, eller var verkeleg teksten så ille? Aldeles ikke, solid artikkel det her! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.