Jump to content

Jubel-tråd


Svankmajer
 Share

Recommended Posts

Vel, dette er ikkje ferdig, men tida er inne for å publisere det likevel. Formateringa vert litt stygg her, men det får de leve med.

 

Minotauren i Venezia

 

I denne byen hadde den relativt rike familien Behrani invitert innflyttarfamilien Audelaire på middag. Dette var mindre enn hyggeleg. Alle hata desse oppblåste franskmennene, men alle trudde dei var åleine om det. Alle andre, trudde alle, syntest at dei var elegante og ærverdige. Dei hadde jo slik greie på vin! I røynda hadde dei ikkje det, ikkje i fransk målestokk, og italienarar er jo ikkje heilt kunnskapslause på feltet, dei heller. Likevel fekk observasjonane og vurderingane deira flyte ukontroversielt rundt bordet.

 

«Denne raude har eit frekt hint av vissent lauv og naturleg gummi», meinte den franske faren, Jacques.

 

Medan dei fleste var opptekne med å oppretthalde sine tilgjort interesserte miner, tenkte Giovanni helst på boka si. I lange tider hadde han hatt vanskar med å skrive. Hadde han gjennomskoda den falske atmosfæren i lokalet, ville han nok raskt ha funne inspirasjon til ein bestseljar, men så intelligent var han ikkje. Av same grunn ville han kanskje aldri slå gjennom som forfattar.

 

Giovanni sat nest ytst på den eine langsida av bordet. Ytst sat broren, Maurizio, og til høgre sat syster hans, Monica, og deretter mor hans, Sofia. På andre sida hadde franskmennene tekne plass: Sysknene Laurent, Coline og Emeline og mora Lydie. Sønene var plassert overfor døtrene, sjølv om ingen ønskte seg ei kopling av det slaget. Fedrene, Jacques og Orazio, kontrollerte situasjonen frå kortsidene. Rommet bestod i all hovudsak av arvegods frå familien sine glansdagar. Langs begge dei lengste veggane sto flotte bokhyller i den mørkaste mahogni, fulle av bøker som ingen las lenger. Somme av dei var ikkje eingong ekte bøker, men derimot skulpturar av porselen. Orazio peikte ofte uvitande på ei av desse når folk spurde han etter hans favoritt. Bak Jacques var ein staseleg peis, fyrt opp i for høvet, og på kvar side i denne enden av rommet var ei dør som stod i stil med bokhyllene. I taket hang ei lysekrone, og bak Orazio var eit tredelt vindauge som sett ovanfrå var forma som eit symmetrisk trapes. Utanfor og nedanfor kunne ein sjå ein stor, men litt ustelt hage.

 

«Giovanni, kva trur du om vinen?» spurde Jacques. Behrani-familien såg på Giovanni med eit blikk som tydde på at æra deira stod på spel.

«Eg trur at vinen er utmerka», svarte han, og det var heilt sant. Han trudde det. Smaken var altfor søt og unaturleg, men han trudde at dette var hans eiga skuld. Det same gjorde dei andre. Ingen forstod at dette var billig vin på ei dyr flaske.

 

I den augneblinken høyrdest eit frykteleg skrik som gav isingar i hovudet. Alle i rommet snudde seg raskt mot vindauget, og såg på utsida eit vengekledd udyr som klamra seg til karmane. Det strakk armen og kroppen bakover, slo sund glaset og kava seg gjennom brota så det skar seg stygt. Like etter, medan det prøvde å kome seg på beina att, følgde ein sverm av liknande skapningar inn i rommet. Somme av dei kom flygande, andre mangla venger. På få sekund var alt svart av demonhud og mangel på lys. Gjennom kaoset av venger og bein, kunne somme av middagsgjestane skimte noko større som kom inn døra: Ein minotaur gjekk sakte mot Jacqes, løfta eit spyd og kjørte det inn like over øyret hans. Med éi hand løfte han mannen opp med spissen midt i hjerneregionen. Straks kom lyset tilbake då demonane strøymde til, og tok til å slite i seg musklar, indre organ og knoklar. Minotauren sette seg nonchalant ned på den no ledige stolen, og granska menneska.

 

I fleire minutt vart dei sitjande slik. Dei to familiane ville helst sjå vekk, men torde ikkje. Synet av eit medmenneske bli oppeten av demonar kunne ikkje måle seg med frykta for kva minotauren ville gjere dersom dei trossa han. Dessutan var lyden det verste. For ikkje å snakke om at halvparten av dei hata mannen likevel. Minotauren kika frå den eine til den andre, og snudde litt på seg av og til. Til slutt vart han lei av tausheita.

 

«Vel, hald fram», sa han, som for å unnskulde seg. I nokre sekund visste ingen kva dei skulle svare.

«Med all respekt», byrja Maurizio, og vart overraska over kor lett han greidde å ta ordet, «korleis kan vi?»

«Enkelt», meinte minotauren. «De snakka om vinen, gjorde de ikkje? Så, kva trur de?»

«Utmerka», nikka dei til kvarandre, litt nølande.

 

Minotauren tok glaset framfor seg og helte i seg innhaldet. Avgjerda kom raskt. «Dette er skvip!» brølte han. Demonane vart vettskremde, og medan dei rømte til den andre enden av rommet, likna tilstandane på dei som var sett tidlegare.

 

Akkurat då gjekk dei to familiane gjennom ei kort eksistensiell krise. Minotauren var opplagt deira overmann, men korleis kunne han då meine noko slikt? Hadde ikkje alle vore einige om at dette var høg kvalitet? Kva med ekspertisen deira? Tanken på å kunne ha hatt rett var det mest skremmande kvar einaste ein av dei nokon gong hadde opplevd.

 

Demonane krabba sakte tilbake til liket.

 

 

Oppdateringar vil kanskje følgje. ;)

Link to comment
Share on other sites

 
 
 

Arbeide vidare eller ikkje? Det kjem an på ratinga. Litt av poenget med dette opplegget er nemleg å få ei tidleg avklaring på om ein er på veg i riktig retning. Dersom det eg har lagt ut til no er dårleg, er det lite truleg at eg kan redde det med meir arbeid. Kvifor skulle eg då kaste bort meir tid på det? For å trekkje parallellen til The Experimental Gameplay Project igjen: Kyle Gabler er ein av initiativtakarane til prosjektet og hovudskaparen av suksessen World of Goo, som starta som prototypen Tower of Goo. Saman med tre andre forklarar han tankegangen nærmare i denne artikkelen.

 

Embrace the Possibility of Failure - it Encourages Creative Risk Taking

 

It's all about that little trouble-maker we call “risk”. Fear of failure, as far as we can tell, is the reason why movie licenses and double digit franchise games keep getting made. It's like always choosing to go to McDonalds instead of an unexplored new restaurant – always safer to rely on a well-known adequate option rather than take that risky plunge into the unknown but potentially delicious.

 

A good rapid prototyper would realize that failure is ok! That's what prototyping is for, so go crazy! If you fail, there will be dozens more, and chances are, you'll learn something anyway. By embracing the possibility of failure, rewarding experimentation becomes possible.

 

Enforce Short Development Cycles (More Time != More Quality)

 

You only need a few days. It seems like a natural and comforting thing to say, “Hey we made a great game in one week. Therefore, if we spend TWO weeks, it will be TWICE as good!” Of course this isn't the case. We found that generally any gameplay idea can be prototyped effectively in less than one week. Extra slop time tends to yield diminishing returns. Some prototypes, for instance, took just a single evening to throw together, while others got an extra week or two of love. Surprisingly, we found that there was no correlation between time spent in development and how successful the game ultimately turned out.

Link to comment
Share on other sites

 
Synes det er vanskelig å rate. Rating forplikter. Sier jeg 2.3 må jeg komme med begrunnelse, og jeg vil helst ikke late som jeg er skrivelæreren din. Synes det viktigste her er at du har skrevet en historie, og at du har et utgangspunkt for videre arbeid dersom denne historien er interessant i ditt hode, en historie du liker å tenke på.
Link to comment
Share on other sites

 
 
 

Interessert jeg også. Er enig med Bill i at porselensboka var flott. Ellers: hvorfor er det bare Jacques som blir brutalt drept? Er minotauren og demonene en rettmessig hevn skapt av Giovanni pga. Jacques forsøk på å teste ham? Men var det ikke slik at Giovanni selv var for dum til å gjennomskue fasaden her? Likte denne dialogen også:

 

«Vel, hald fram», sa han, som for å unnskulde seg. I nokre sekund visste ingen kva dei skulle svare.

«Med all respekt», byrja Maurizio, og vart overraska over kor lett han greidde å ta ordet, «korleis kan vi?»

«Enkelt», meinte minotauren. «De snakka om vinen, gjorde de ikkje? Så, kva trur de?»

«Utmerka», nikka dei til kvarandre, litt nølande.

 

Dette avsnittet likte jeg minst:

 

Akkurat då gjekk dei to familiane gjennom ei kort eksistensiell krise. Minotauren var opplagt deira overmann, men korleis kunne han då meine noko slikt? Hadde ikkje alle vore einige om at dette var høg kvalitet? Kva med ekspertisen deira? Tanken på å kunne ha hatt rett var det mest skremmande kvar einaste ein av dei nokon gong hadde opplevd.
Link to comment
Share on other sites

 
 

Godt! Får sjå kva eg kan få til, då. Kva var det som fungerte med porselensboka og den dialogen, meiner de?

 

Ellers: hvorfor er det bare Jacques som blir brutalt drept? Er minotauren og demonene en rettmessig hevn skapt av Giovanni pga. Jacques forsøk på å teste ham? Men var det ikke slik at Giovanni selv var for dum til å gjennomskue fasaden her?

Artig tolking! :) Årsaka var nok rett og slett at Jacques var ein irriterande og innbilsk fyr, og dermed eit passande første offer. Dessutan sat han ved den eine kortsida, der eg ville at minotauren skulle sitje. Merk at det alltid var meininga at fleire skulle døy etter kvart.

 

Dette avsnittet likte jeg minst:

Ville du helst hatt det fjerna? Omskrive? For meg var dette avsnittet ganske viktig. Litt av poenget her er nemleg at ingen tør å stole på seg sjølve, og berre diltar trygt etter andre. Avsnittet etablerer korleis minotauren snur opp ned på heile verdsbiletet deira.

Link to comment
Share on other sites

 
 

Porselensboka fungerte vel fordi det var en original idé, godt formulert, og at det skildrer fasaden Orazio/familien skjuler dumskapen sin bak veldig bra, uten å rope noe ut.

 

Det er vel derfor jeg synes det nevnte avsnittet ikke var særlig bra. Her involverer du din egen stemme for mye, går for mye inn og tolker hendelsen, spør retoriske spørsmål, det er for enkelt. Du roper ut "DE HAR EKSISTENSIELL KRISE" og setter for klare ord på absolutt alle følelsene til hovedpersonen. Prøv heller å gå litt rundt det åpenbare og skildre reaksjoner som kan si akkurat det samme, uten at du blir så tydelig i språket. Hint mer. Du må gjerne skrive om, men jeg synes det hadde vært like bra å bare fjerne det. Her smører du på noe som allerede går an å forstå ut i fra situasjonen du skildrer over.

 

Dialogen likte jeg vel fordi den kom såpass uventet på. Jeg hadde vel trodd at det skulle utvikles til et skikkelig blodbad hvor minotauren drepte alle, men så kommer denne absurde samtalen som snur opp ned på det meste.

 

Uff, jeg høres ut som en norsklærer.

Link to comment
Share on other sites

 
 
Har fått fast jobb i kommuna! No slepp eg å søkje på lærarstillinga kvart år. Vanlegvis tek det fleire år for å få fast jobb, men med meg var det nok med 1,5 år.
Link to comment
Share on other sites

 

Grattis til marlowe!

 

Jeg er premittert, og det føles HÆRLIG! Kunne ikke kommet på et bedre tidspunkt.

 

Vil også takke all snøen, den gjorde min gåtur til en lattermild opplevelse. T-baner som står, biler som står fast. Nydelig. En hadde funnet det fornuftig, å rygge -eller kjøre- over skinnegangen. Kun gangfelt, ikke for biler. Der ble han stående, og der ble t-banen stående. Jeg betraktet, lo og gikk hjem.

Link to comment
Share on other sites

 
 
 
  • 3 weeks later...
Var ninjadritings og dansa med (blant annet) Johan Golden og ukjente folk fra KUH og musikktek (har masse telefonnumre jeg ikke vet hvem er til) i natt, hadde et kamera til omtrent hundre tusen på soverommet, og så vidt jeg vet så skjedde ingenting direkte teit. Jeg fylleposta ikke en gang her. Suksess!
Link to comment
Share on other sites

 
 
 
 
Jeg var på Anfield og så Real kampen. Trolig det største jeg har vært med på. Stod med frysninger ca hele første omgang. FOR en stemning!
Link to comment
Share on other sites

 
  • 2 weeks later...
 
 
 

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...
 Share

×
  • Create New...