Jump to content

Search the Community

Showing results for tags 'religion'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Diskuterfilm 2022
    • Diskuterfilm 2022
  • Film
    • Generell diskusjon
    • Filmer og filmskapere
    • Quiz-forum
    • Liste-forum
    • Meningsmålinger
    • Anmeldelser
    • TV-serier
    • Filmklubb, cinematek, filmfestivaler
    • DVD-forum
    • Egne Filmer
  • Annet
    • Alt og ingenting
    • Samfunnsdebatt
    • Spill
    • Musikk
    • Litteratur og bøker
    • Workstation
  • Museum
    • Filmjournaler
    • Visninger og Rop
    • Månedens Tema

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Joined

  • Start

    End


Group


AIM


MSN


Website URL


ICQ


Yahoo


Jabber


Skype


Location


Interests


Favorittfilmer

Found 1 result

  1. Først av alt: Ja, eg er klar over at eg tidlegare her inne har gått kraftig ut mot den evinnelege religionsdebatten som har ein så dominant plass på internettet, men eg må berre få eit par ting ut av systemet. Eg har rett og slett fått mektig nok av at milliardar av menneske baserer liva sine på urgammal mytologi, og særleg at oppegåande menneske har ei så unnskyldande haldning til dette. For kva faen skal me eigentleg med religion? Kva slags positiv verknad har religion på samfunnet vårt? Kva for sanning og/eller visdom kan religiøse tekster tilby oss? Kva gale hadde hendt dersom me alle la gudstru og anna overtru bak oss? Eg registrerer at svært mange stemmer, både teistiske og ateistiske, tek til orde for at religion er ein god ting, heilt utan å forklare korleis. Det snakkast ml.a. om å finne meining, at det vel må finnast noko meir, men kva ligg eigentleg i dette? Ingen har svar. Dawkins og andre profilerte religionskritikarar vert nedlatande kalla nyateistar, og det hevdast at dei ikkje har forstått kva religion eigentleg handlar om. Vel, kva handlar det om, då? Ingen har svar. Eit anna nedlatande omgrep i sirkulasjon er militant ateisme, i beste fall ein latterleg hersketeknikk. Når folk snakkar om militante muslimar, militante kristne eller militante kva som helst, tolkar alle dette som bokstavleg talt militante menneske, valdelege og krigerske. Som ateist får ein denne merkelappen berre ein er ein kødd, sjølv når den einaste grunnen til køddskapen er at det ikkje finst nokon fin måte å seie sanninga om religion på. Utgangspunktet for at eg tek opp dette no er at eg for litt sidan, etter å ha ergra meg endå ein gong over mas om vår kristne kulturarv og forvirra oppfatningar om at teologi er eit reelt fag, kom fram til at eg skulle lese Bergpreika. Denne legendariske talen seiast å vere sjølve klimakset i Jesu lærdom, og nyt ofte stor respekt sjølv blant ateistar. Her måtte det vel stå noko fint? Akk! Kvar einaste setning er anten meiningslaus, klin sprø eller så grunnleggjande at ein kunne saumfart planeten i ein mannsalder utan å finne eit menneske som ville seie seg ueinig i ho, dessutan med ei tung overvekt av dei to første. Kva med likningane hans? Den der om den godhjarta samaritanen skal visst vere bra? Nope.avi. Bodskapen her er at du skal elske dei som viser deg nåde. Revolusjonerande tenkjar, han der Jesusen! Svovelpredikanten Jesus var heldigvis ingen Muhammed, det skal han ha. Han var ingen brutal krigsherre som gifta seg med ein seksåring og låg med ho tre år seinare. Men eg liker han ikkje av den grunn. Tvert imot misliker eg han, av årsakar som at han tiltalte mor si som kvinne og at han sa han skulle drepe Jesabel sine barn fordi ho spreidde vranglære og praktiserte seksuell umoral. Eg har absolutt ingenting positivt å seie om religion. Gjer dette meg til ein ekstremist? Ein militant ateist? Kan nokon i så fall forklare meg korleis?
×
  • Create New...