Jump to content

Valuska

Members
  • Posts

    112
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Valuska
 
 
  1. Absolutt på tide med ei ny kåring! Éin ting er at det har kommi ein del gode norske filmar dei siste åra, men i tillegg har store delar av den norske filmhistoria vorti mykje meir tilgjengeleg. Før måtte ein fjernlåne gamle VHS-kopiar frå Nasjonalbiblioteket for å sjå filmar som var bitte litt obskure, men no er det ganske mykje som ligg ute på diverse strøymetenster,
  2. Lucie (Jan Erik Düring, 1979) Keisam filmatisering av Amalie Skram-roman. Konturane av ei sterk historie ligg her, men den er ikkje lett å oppdage når Jan Erik Düring verkar å vere så uinspirert. Ikkje eingong Gösta Ekman jr. greier å redde dette. Krypskyttere (Hans Otto Nicolayssen, 1982) Andre gjennomsyn. Det er ikkje ofte Espen Skjønberg, Eldar Vågan, Nils Gaup og Hans Rotmo dukkar opp på rollelista i same film. Den handlar om at Forsvaret har øving i eit skogområde som brukast til sauebeite, og dermed kjem dei i strid med lokale bønder. Konflikten her kunne sikkert eigna seg bra som lokalavis-stoff, men det blir litt drygt å lage ein heil spelefilm ut av dette. Det er sjølvsagt artig å sjå Rotmo i rolla som rappkjefta og obsternasig radikalar. (Han presenterer her urpremieren på Tysker’n, som var avslutningssporet på Vømmølåret eit par år seinare. Dette forklarar ein del, for eg har alltid tykt Tysker’n høyrer meir heime i Heimevernslaget-epoken enn i Vømmøldalen.) Men når sant skal seiast er dette ein ganske slapp, tynn og klumsete film. Sátántangó (Béla Tarr, 1994) Niande gjennomsyn. Regnet. Gjørma. Vinden. Béla Tarr sitt monumentale meisterverk er så innmari rik. Handlar den om kommunismen sitt fall i Aust-Europa? Eller om Jesu tilbakekomst? Eller om korleis karismatiske leiarar kan manipulere eit heilt samfunn? Eller handlar den rett og slett om ungarske bønder som vonar på å få ei betre framtid? Filmen er mystisk, likevel så enkel. Den er krevjande, likevel så folkeleg. Eg flirar når eg ser dei fulle bøndene danse i baren, men eg stoppar å le når eg ser stakkars, vesle Estike som ser på dei gjennom vindauget. Dei mange nyansane og dei ulike måtane å tolke filmen på gjer at eg aldri blir lei av å sjå den. Dette er den beste filmen eg nokon gong har sett!
  3. Betyr dette at ingen på bruket har sett den fantastisk absurde Picassos äventyr? I så fall er det mange som som kan glede seg til ein ellevill film med null logikk, dialog på tullespråk og kremen av skandinaviske komikarar. Fritt fram for neste å poste nytt bilde.
  4. Nytt bilde frå same film. Denne karen kjenner vi att:
  5. Dette er frå ein av verdas morosamaste filmar - tykkjer eg, da.
  6. Kva anbefalar du at eg sjekkar ut fyrst? Eg vart ikkje så veldig imponert over Bussen og An-Magritt. Tykkjer det er noko traust og gammaldags over regien hans. Da eg var i 12-/13-årsalderen såg eg Ni liv og Musikanter. Den fyrste er jo grei, men den siste hugsar eg som ganske keisam. Men eg kan gjerne gi Skouen ein ny sjanse. Sully (Clint Eastwood, 2016) Stødig handverk på mange vis, men framstillinga av National Transportation Safety Board som nokre fæle slemmingar, verkar veldig tilgjort. Og ganske riktig: da eg las om filmen i ettertid, fekk eg vite at NTSB ikkje oppførte seg slik i det heile tatt. Kor ofte skjer det eigentleg at filmar basert på sanne hendingar blir betre av at filmskaparane kludrar med historiske fakta? I dei fleste tilfella blir filmane berre meir skjematiske og keisame av "kunstnarisk" fridom. Sully er eit godt døme på det. The Ninth Gate (Roman Polanski, 1999) Underhaldande og spennande thriller. I lange parti av filmen er det nesten ikkje ei einaste valdsscene å finne, men likevel greier Polanski å halde på den gåtefulle spenninga. Dessverre rotar filmen seg bort den siste halvtimen. Luca (Enrico Casarosa, 2021) Veldig fint å sjå ein Pixar-film som ikkje må ty til epileptiske berg- og dalbane-eventyr og kleine musikknummer med alskens krimskrams for å halde på interessa. Dette er fin og triveleg historieforteljing. Kommandør Treholt & ninjatroppen (Thomas Cappelen Malling, 2010) Spenstig konsept og ein del kule visuelle grep. Men sjølv om eg skulle ynskje at eg liker dette, endar filmen opp som berre tull. Plotet er så rotete at det liknar ikkje grisen. Mange flinke folk er involvert i filmen, men det hjelp ikkje det spøtt.
  7. Bussen (Arne Skouen, 1961) Ein bussjåfør (Leif Juster) opplever at arbeidskvardagen blir trua av modernisering og rutepresisjon. Enkel og engasjerande forteljing med Juster i god form, men enkelte rollefigurar – spesielt heradskontorsjefen – er veldig flate. An-Magritt (Arne Skouen, 1969) Regien til Arne Skouen er like rotete som skodespelarane sine forsøk på å snakke rørosdialekt. Det verkar som om Skouen gapar over for mykje når han adapterer Nattens brød - rett nok "berre" dei to fyrste romanane. Det hadde vori interessant å sjå korleis til dømes Jan Troell hadde gjort denne oppgåva. Men Liv Ullmann, Per Oscarsson, Sven Nykvist og førelegget til Johan Falkberget gjer dette til ein ganske sjåverdig film likevel. Gode miljøskildringar!
  8. I helga har eg sett Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin (Rasmus A. Sivertsen og Rune Spaans, 2015) og Knutsen & Ludvigsen 2 – Det store dyret (Gunhild Enger og Rune Spaans, 2020). I dette tilfellet er det ingen tvil om at oppfølgjaren er betre enn fyrstefilmen. Den fyrste prøver for hardt på å fortelje ei fartsfylt historie og oppfylle alle konvensjonane som plar vere i animasjonsfilmar no for tida. Midt i alt maset druknar den absurde og anarkistiske sjarmen vi forbind med Knutsen & Ludvigsen-universet. Oppfølgjaren er heldigvis ganske annleis. Den tar seg god tid til psykedeliske digresjonar med altfor mykje "sukker". Vi får til og med tre avslutningar å velje mellom: «en snill, en slem og en sannsynlig». Det verkar som om Øystein Dolmen har fått større fridom i konseptutvikling og manusskriving her enn i den fyrste filmen. No ventar eg spent på animasjonsfilmen om Bakklandet Bassangforening.
  9. Hei! Artig at forumet er oppe og går igjen! Diskuterfilm er utan tvil den beste filmnettstaden i norsk språkdrakt. Eg har nok aldri vori blant dei mest aktive medlemma og har brukt forumet meir til å lese enn til å skrive, men eg satsar på å bidra til å blåse nytt liv i denne merkelege plassen. Filminteressa mi er like stor som den alltid har vori, og eg er fortsett like glad i Tarr, Bergman, Hasse & Tage og enkelte obskuritetar i NRK Fjernsynsteatret (som til dømes denne). Men eg ser mykje nyare film òg. Favorittfilmane mine frå dei siste åra er Laissez bronzer les cadavres (Let the Corpses Tan), Sorry We Missed You, Mid90s, Da xiang xi di er zuo (Elephant Sitting Still) og You Were Never Really Here. Eg er som sagt på Letterboxd, der eg av og til krotar ned nokre tankar på ein engelsk som sikkert er litt halvdårleg. Edvard Munch er fantastisk, og dei andre store verka til Watkins er også veldig verdt å sjekke ut, sånn som Resan, Fritänkaren og La commune (Pais, 1871). Forresten bør Visninger og rop-konseptet gjenoppstå!
  10. Artig å sjå at aktiviteten har tatt seg opp ein bitte liten smule. Eg blir gjerne med på meir filmsnakk her inne, for denne plassen har eg har verkeleg sakna, og vonar fleire sleng seg på. Hasseåtage har vori framom auga mine i det siste: Släpp fångarne loss, det är vår!Regi: Tage DanielssonSverige 1975Andre gjennomsyn. Begrepet barnefilm for vaksne er kjent for dei fleste, men dette er noko så sjeldan som ein vaksenfilm for barn. Gösta Ekman leverer kanskje filmhistorias mest komiske rolle som ein klumsete og lettlurt fengselsdirektør. Elles er det herlege typeteikningar frå resten av ensemblet også, spesielt frå Lena Nyman, Tage Danielsson, Ernst-Hugo Järegård og Jan Malmsjö. Dette er definitivt ikkje siste gongen eg ser denne fargerike, sprudlande og barnslege filmen. Ägget är löstRegi: Hans AlfredsonSverige, 1975Fantasifull historie om ein fabrikkeigar (Max von Sydow) som utviklar eit rumpe-kleiar-verktøy av egg (!). På heimebane kjem han ikkje overeins med sonen sin (Gösta Ekman). Dette var den fyrste filmen Hans Alfredson regisserte utan hjelp frå Tage Danielsson. Sjølv om denne filmen har mykje av den same anda over seg som Släpp fångarne loss, det är vår, er humoren mørkare og tematikken rettar seg meir mot vaksne. Her er det ødipuskompleks, kapitalismekritikk og naturvern i rikt monn. Eg likte dette godt, spesielt siste halvdel. Heile tjønn-sekvensen midt i filmen er enormt fascinerande og oppslukande. Mannen som slutade rökaRegi: Tage DanielssonSverige, 1972Gösta Ekman må halde seg røykfri i eitt år for å få farsarven på 17 millionar svenska kronor. Denne er ikkje i nærleiken like morosam som dei to ovannemnde, men likevel heilt grei skuring. For det fyrste inneheld den ikkje særleg mykje kompromisslause og fantasifulle ablegøyer, og for det andre er det veldig lite skarpe satiriske skråblikk å spore. På førehand trudde eg filmen ville seie noko artig om overvakingssamfunnet, men der tok eg feil. I staden er dette heilt ok underhalding med ein handfull morosame vitsar som er blott til lyst. Den enfaldige mördarenRegi: Hans AlfredsonSverige, 1982Andre gjennomsyn. Joda, det er mogleg å finne spor av gode gamle Hasse her, sjølv om filmen skil seg kraftig ut samanlikna med Hasseåtage-filmane. Det er artig korleis han blandar saman ulike tidsperiodar og stereotypar og kokar det saman til ei merkeleg og uføreseieleg røre. Men fyrst og fremst er det Stellan Skarsgård som ber verket på skuldrane sine. God film, men den verkar litt forhasta mot slutten.
  11. Akt tre og fire sluttar brått, så versjonen du har sett er truleg riktig. Siste scene i akt fire skulle eigentleg slutte med at biskopen slår Emilie på munnen fleire gonger og fortel ho om den indre lengsla og einsemda si. Eg trur denne avsluttinga vart filma også, for eg har sett eit fotografi frå ho, men den har aldri vorti publisert. Det er synd at den ikkje vart med i den ferdige serien, for i manuset forklarar den ein heil del om psyken til biskopen, og det er nesten så det går an å få litt sympati med honom. Manuset, som i stor grad er skrivi i prosaform, er forresten uhyre artig lektyre.
  12. Fantasia Regi: Norman Ferguson, James Algar, Samuel Armstrong, Ford Beebe Jr., Jim Handley, T. Hee, Wilfred Jackson, Hamilton Luske, Bill Roberts, Paul Satterfield og Ben Sharpsteen USA, 1940 Artig å sjå at den velkjente Disney-streken får utfolde seg i andre former enn vanleg – til og med i abstrakt film. Beethoven- og Ponchielli-segmenta verkar fjasete, og eg skjønner ikkje heilt poenget med å plassere desse segmenta inn i ein elles knallfin episodefilm. Same kva, dette er nok ein av dei beste Disney-filmane eg har sett. Da nao tian gong (kjent som Havoc in Heaven, Uproar in Heaven og The Monkey King) Regi: Laiming Wan Kina, 1965 Marekatta Sun Wukong drar til Himmelen og gjer opprør mot jadekeisaren . Basert på den fyrste delen av Reisa mot vest, som vert rekna som ein av dei fire store klassiske romanane frå før-moderne kinesisk litteraturhistorie. Det er lett å forstå kvifor denne animerte adapsjonen er ein av dei viktigaste milestolpane i animasjonsfilmhistoria (ja, du leste riktig; vi i vesten anar ikkje kva vi går glipp av). Animasjonen er fantasifull med ein enorm detaljrikdom og sterke innslag av visuelle uttrykk som er typiske for taoistisk kultur. Ein får kjensla av at ein forstår kinesisk estetikk betre etter å ha sett filmen. Musikken hjelper også til med dette. Laiming Wan og brørne hans har så til dei grader lukkast i å utvikle ein animasjonsstil som distanserer seg frå andre former i andre verdshjørne. Det aller beste med filmen er det ekstremt smittande humøret som gjennomsyrar den frå start til slutt. Filmen har ein sprudlande entusiasme som får meg til å tenkje på amerikanske The Thief and the Cobbler, som er eit anna underkjent animert meisterstykke. Dessutan har filmen visse politiske undertonar som gjer den ekstra interessant med tanke på at kulturrevolusjonen braut ut kort tid etter at filmen vart ferdig. Ein kan sjå glimt av Mao i både den opprørske helten Sun Wukong og den fælslege jadekeisaren. Filmen vart forboden, og praktisk tala heile den kinesiske animasjonsproduksjonen vart lagt ned under kulturrevolusjonen. I dag har den klassikarstatus i Kina og har fått ein liten kultskare i Sverige, takka vere Hans Alfredson. Dette må vere ein av dei beste animasjonsfilmane eg har sett. Ein funnen skatt! Pafekuto buru (Perfect Blue) Regi: Satoshi Kon Japan, 1997 Debutfilmen til animeregissøren Satoshi Kon, som gjekk bort altfor tidleg, handlar om ei popstjerne som konverterer til skodespelarkarrieren. Filmen blandar draum, fantasi og røyndom etter kvart som hovudpersonen utviklar schizofrene tendensar. Den delvis lynchiske dramaturgien, der grensa mellom draum og røyndom er upåliteleg, fungerer bra. Problematikken knytt til personvernet på verdsveven er overraskande å finne i ein film laga i 1997 (den er basert på ein roman frå 1991, så eg reknar med det er regissøren sjølv som har føydd til denne tematikken). Det er kanskje aller mest interessant å sjå filmen med feministiske briller, der den kvinnelege hovudpersonen er eit offer for det mannlege blikket og utnytta av underholdingsindustrien. Ein tankevekkjande film som får fortalt mykje frå så mange ulike vinklar på skarve 80 minutt. De två saliga Regi: Ingmar Bergman Sverige, 1986 Fjernsynsfilm basert på ein Ulla Isaksson-roman om eit dysfunksjonelt ektepar (Harriet Andersson og Per Myrberg). I likskap med dei andre Bergman-produksjonane etter Fanny och Alexander er dette ein enkel og nedstrippa film, men den inneheld likevel nok slagkraft i knyttneven til at den ikkje vert ein gammalmannsfilm. Somme av dei seine Bergman-filmane, særleg Efter repetitionen og Bildmakarna, er nemleg hemja av den altfor konforme og stødige stilen. Faktisk er De två saliga den mest temperamentsfulle Bergman-filmen eg har sett. Det verkar som om han slepp laus litt av raseriet han har gått og brygga på under skattefusksaka og rehabiliteringa etterpå. Men det er kanskje aller mest manuset til Ulla Isaksson som gir filmen eit litt anna fokus enn kva Bergman ville ha gjort. De två saliga sentrerer seg rundt ei oppmoding i Matteusevangeliet om at ein ikkje skal bryte ekteskapet: «Om høgre auget ditt lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg at du mistar ein kroppsdel, enn at heile kroppen blir kasta i helvete.» Filmen mjølkar dette sitatet så hardhendt at jura nesten dett av, og kjennskapen til det er i stor grad avgjerande for kva ein får ut av filmen. Her er det solbrillemetaforar, augesymbolikk og eit ekteskap som nærmar seg undergangen når rollefigurane ikkje følgjer denne bodskapen. Det er iskaldt, rått og brutalt. Det er ikkje til å unngå å trekkje ein parallellen til Der siebente Kontinent, skjønt Bergman vender seg innover mot sjela, medan Haneke ser på ytre faktorar. De två saliga er diverre sett på som ein av dei minste parentesane i filmografien til Bergman, men dét er det ingen grunn til at den skal vere! Ein sterk og guffen film!
  13. Kolleksjonen Regi: Pål Løkkeberg Noreg, 1963 Keisam Pinter-filmatisering frå Fjernsynsteatret. Tom Tellefsen er litt livlaus i sine yngre dagar. Når Tor Stokke, som aldri skjønner skilnaden mellom teater og fjernsyn, er den beste skodespelaren på herresida, lover det som regel ikkje godt. Hennie Moan er derimot glitrande med sine subtile sideblikk og mystiske framtoning. Stort betre kan ikkje ei tolking av ei typisk horete Pinter-kvinnerolle verte. Landskap Regi: Sverre Udnæs Noreg, 1974 Udnæs er i sitt mest eksperimentelle hjørne når han går laus på denne Pinter-dialogen, som kanskje heller kan kallast to separate monologar som snakkar forbi kvarandre. Eg opplever denne mikroskopisk minimalistiske filmen som veldig krevjande. Alle som har føredommar mot Fjernsynsteatret, får dei innfridde her. For min del går tommelen heller ned enn opp. París Norðursins (Paris of the North) Regi: Hafsteinn Gunnar Sigurðsson Island, 2014 Ein humoristisk far-og-son-har-eit-trøblete-forhold-film som prøver litt for mykje på å vere sjarmerande, hjartevarm og alt det der. Rollefigurane er ikkje så veldig spennande. Ein dose alkoholisme gjer ikkje rollefigurane meir interessant. Dei islandske fjella som blokkerer for omverda er vakkert fotografert av Heima-fotografen G. Magni Ágústsson. (Og apropos: Eg skvatt da faren i filmen dukka opp for fyrste gong, for det er jo søren meg den same fyren som spelar homofob far i Sigur Ròs-musikkvideoen Viðrar vel til loftárása.) The Wolf of Wall Street Regi: Martin Scorsese USA, 2013 Den beste Scorsese-filmen eg har sett, bortsett frå Taxi Driver, The Last Temptation of Christ og sjampanje-reklamen Key to Reserva. Heilt grei film. Går ut i kveld Regi: Palle Kjærulff-Schmidt Noreg, 1961 Fjernsynsteatret var tidleg ute med å løfte fram Harold Pinter. Går ut i kveld (A Night Out (1959)) var etter det eg kjenner til den fyrste Pinter-filmatiseringa av Fjernsynsteatret. På overflata ser dette ut som ei enkel forteljing om ei dominerande mor og ein son som drar ut på fest. Eg opplevde overflata av stykket som veldig banalt til å vere Pinter, og det seier litt! Men som alltid hjå Pinter ulmar det djupare konfliktar, motsetjingar og maktmisbruk i det skjulte. I Går ut i kveld er det enkelt å oversjå dette, noko som kanskje er grunnen til at stykket ofte vert sett på som mindre viktig i forfattarskapet til Pinter. Denne Fjernsynsteatret-filmatiseringa legg vekt på komikken, og eg har ikkje noko problem med det. God og naturleg omsetjing av Arne Skouen. 22. november – Den store leiegården Regi: Sverre Udnæs Noreg, 1969 Fy flate, dette var heilt ville greier. Denne 50 minutt lange filmen er basert på eit teaterstykke av Tom Eyen, best kjent for å ha skrivi Brodway-musikalen Dreamgirls. Vi møter ei rekkje sjølvsentrerte personar som bur i ein leiegard eller eit romskip. Parallelt med dette vert den amerikanske presidentfrua (Rut Tellefsen) intervjua av ein programleiar (Per Theodor Haugen). Eg gir meg ende over. Dette er vanvettig underhaldande! Her er det glitter, blinkande ljos, sprek scenografi og sølvsminka skodespelarar. Heile galskapen liknar på ein homsekultfilm av aller beste merke. Den nydelege futuristiske scenografien av Guy Krogh (ektemannen til Sossen og barnebarnet til Christian og Oda) og ei rekkje ville påfunn som til dømes vektlause gjenstandar gjer det umogleg å vite om handlinga utspelar seg i verdsrommet eller ikkje. Snakkar vi om den fyrste norske science fiction-filmen her? Else Heiberg er kosteleg som snurpete vaktmeister. Egil Åsman er ustyrteleg morosam som homofil frisør. Harald Eide Steen jr. (barndomsvennen til Udnæs) viser at han var ein allsidig kunstnar i rolla som trubadur. Men mest av alt skal Sverre Udnæs ha æra for at alle enkeltelementa i maskineriet fungerer saman. Resultatet er ei grotesk satire over den vestlege sivilisasjonen og egoismen som drivkraft i menneske. Eit fyrverkeri av ein film! Dette er ein funnen skatt. Ein av dei beste norske filmane eg har sett! American Pop Regi: Ralph Bakshi USA, 1981 Etter dei trøblete produksjonsforholda med The Lord of the Rings gjekk Bakshi i gang med eit mindre og enklare prosjekt. American Pop er ein liten familiesaga om fire generasjonar i ein russiskjødisk innvandrarfamilie og møtet deira med amerikansk populærmusikk. Resultatet er ein god teiknefilm med eit imponerande ljodspor. Det forundrar meg at ingen andre enn Bakshi har slått seg opp som animasjonsfilmskapar i USA som siktar seg inn mot eit vaksen publikum. Ginga-tetsudo no yoru (Night on the Galactic Railroad) Regi: Gisaburo Sugii og Arlen Tarlofsky Japan, 1985 Pretensiøs anime som dett mellom to stolar. Symbolikken er for overtydeleg for dei vaksne og for avansert for dei yngste. Frozen Regi: Chris Buck og Jennifer Lee USA, 2013 Dette er stor historieforteljing! Da kan eg til naud leve med at musikknumra liknar på billige Melodi Grand Prix-bidrag. Sen noci svatojánské (A Midsummer Night's Dream) Regi: Jirí Trnka Tsjekkoslovakia, 1959 Fantasifull, men ganske amputert, tolking av komedien til Shakespeare. Trnka har ei heilt spesiell evne til å blåse liv i dokkene sine. Den konstante bruken av forteljarrøyst hemjar meg litt frå å verkeleg leve meg inn i det fortryllande universet, men visuelt sett florerer det av nydelege fargekomposisjonar og forseggjort animasjon som kler historia svært godt.
  14. Trur nok eg har det same problemet som deg. Eg har vanskar med å setje fingeren på kva eg får ut av den. Eller får eg noko ut av den i det heile tatt? For min del har ikkje det noko å seie. Korleis filmen handsamar den samfunnsmessige tematikken knytt til likestilling er eg eigentleg ikkje så interessert i. Det er ikkje difor eg likar den. Det eg likar med den er den meditative atmosfæren som filmen skapar i framstillinga av ein framand kultur. Dei vakre bileta og den autentiske ljoden er nok til at eg glir rett inn i dette magiske universet. Filmen er næring til sanseapparatet og ikkje nødvendigvis til hjernen. Formalistisk ja, men ikkje påtatt. Det var her Under the Skin feila. Kanskje kunne eg sagt noko vettug om Chilla viss eg hadde sett den ein gong til. Men ikkje nødvendigvis.
  15. Viss eg ein gong skal døy av hjarteinfarkt, vert det sannsynlegvis under Kosmorama. Det er hardt å vere tydaling når ein ikkje får ete kokte potetar på ei heil veke. Vonar verkeleg at arrangøren diskar opp med sal av ordentleg mat neste år. Årets utgåve av festivalen vart litt amputert for min del, nett fordi eg prioriterte å få i meg heimelaga mat som det er litt meining i. Mykje av det eg såg var kleint. Mest skuffande var Dirk Ohm-filmen til Bobbie Peers. Eg hadde forventingar i retning av dei Roy Andersson-aktige kortfilmane Sniffer og Spandexmann, men det er ikkje berre difor Dirk Ohm er heilt mislukka. Fleire gonger har den tillaup til noko, men så greier den ikkje å sparke frå etter å ha bøya knea. Flotte enkeltbilete (til dømes ein drukna elg som vert heisa opp frå ei elv) vert øydelagt av raske klipp og hastverk i den narrative progresjonen. Filmen er både livlaus og innhaldslaus. Enda verre er det med hipster-sci.fi.-filmen Under the Skin av Jonathan Glazer, der Scarlett Johansson spelar hulder. Rett nok er musikken bra aleine, men det hjelp ikkje det spøtt på heilskapen. På overflata ser dette for så vidt stilig ut, men inni er den heilt tom. Eg leita desperat etter krokar å hekte inntrykka på, men fann ikkje noko. Eg tykkjer eg høyrer hipster-røyster i hovudet mitt som seier: «Oi, denne filmen har mykje feminisme, sivilisasjonskritikk og psykologiske undertonar som sikkert er veldig intellektuelt.» Men filmen er like fattig som den inkjeseiande filmmeldinga som Terje Eidsvåg skreiv om den (det ser ut som om han hadde fleire ukristelege tidsfristar under Kosmorama, for mesteparten av det han skreiv i løpet av festivalen var jo keisamt). Så kjem vi til smørauget i sølepytten: Å vende tilbake av 25-årige Henrik Martin Dahlsbakken. Dette var så inni granskogen (rettare sagt: oppi snaufjellet) elendig at eg fekk vondt. I tillegg til heilt openbare feilskjær som oppstilte skodespelarar og superkunstig dialog som minna om ei sjølvhøgtideleg utgåve av ein tidleg Wam & Vennerød-film, har den ein heilt forkvakla presentasjon av norsk natur. Kva var eigentleg greia med at rollefigurane fekk tak i ei bjørk midt oppe på snaufjellet? No er fyren i gang med kortfilm med Jan Malmsjö og spelefilm med Bente Børsum (verdas nest beste norske kvinnelege skodespelar). Dahlsbakken har hausta lovord for kortfilmane sine, som eg ikkje har sett, så vonleg er Å vende tilbake berre eit veldig uheldig feilskjær. Det er ikkje utenkjeleg at han kan vekse med tida. Men nok om dei kleine filmane. Den største positive overraskinga var Selma. Eg ana ugler i mosen da andletet til Oprah Winfrey dukka opp, men det heile kjem seg velberga gjennom det. Filmen er ikkje sparsam på krutet. Sir skriv at den grensar til det pompøse, men det er ei underdriving. Filmen er mega-pompøs. Likevel er det forløysande å sjå at også pompøse Hollywood-filmar tør å stirre Det Kvite Huset strengt i auga. Johnson-administrasjonen får gjennomgå så øyra flagrar. Med dette klare samfunnskritiske aspektet, vert det litt feil å avfeie filmen som "oscarbait". Selma er rett nok ikkje i nærleiken like sinna som Malcolm X av Spike Lee, men den er i alle fall hundre tusen gonger betre enn den supernaive The Butler. Eit av dei mange impulsive filmvala eg gjorde under festivalen var Jauja. Eg hadde lyst til å fylle eit tomrom i festivalløypa mi med ein lett og enkel film. Valet fall på noko som IMDb kalla eit westerndrama med Viggo Mortensen. Det må da vere grei skuring. Men fy faen! Jauja er filmpoesi av beste merke, godt hjelpt av eit smellvakkert 4:3-foto av Timo Salminen (best kjent som fotografen til Aki Kaurismäki). Filmen er ein merkeleg meditativ kombinasjon av surrealisme, absurdisme, drøym, røyndom og sanning. Filmen er jordnær samstundes som den verkar teatral og oppstilt. Merkelege greier! Men det merkelegaste av alt: Kva har skjedd med Viggo Mortensen!? Ein ting er at han speler så uhyre nøkternt og autentisk med begge føtene godt planta i den søramerikanske ørkensanda at han er som snytt ut frå eit rustent fotografi frå 1800-talet. Ein anna ting er at han har hamna i ei dvelande filmperle av argentinske Lisandro Alonso, som stod bak den estetisk vakre Los muertos frå 2004. At ein A-skodespelar heller prioriterer slike prosjekt framfor hobbitar, vitnar om ein sjølvinnsikt og eit mot av dei sjeldne. Dessutan snakkar Mortensen (etter det eg kan høyre) like godt spansk som dansk (og trur du ikkje forsyne meg han snakkar flytande fransk og arabisk i Loin des hommes, som var ein anna Kosmorama-film eg såg honom i). Viggo Mortensen, seier eg berre. For ein mann! Men det er The Look of Silence som klatrar til topps på festival-kransekaka for min del. Oppfølgjaren til The Act of Killing er varmare, mindre og meir fokusert enn den fyrste filmen. Ikkje nok med at den er eit par hakk betre, men den greier også å løfte fyrstefilmen og gi større innsikt i den. Det er ikkje på nokon måte meininga å kritisere The Act of Killing, men The Look of Silence handterer den moralske problematikken ved folkemordet i Indonesia langt meir direkte og "ordentleg". The Look og Silence er ikkje like banebrytande og oppsiktsvekkjande som The Act of Killing, men litt betre. Her er filmane eg såg, rangert frå best til verst: The Look of Silence Utomlyonnye solntsem (Brent av solen) Jauja Chilla (40 Days of Silence) An Honest Liar Simindis kundzuli (Corn Island) Selma Relatos salvajes (Wild Tales) Wir sind jung. Wir sind stark. (We Are Young. We Are Strong) Gett (Vivianes kamp) Camp X-Ray Kvinner i for store herreskjorter The Evil Dead Loin des hommes (Far from Men) The Drop La rançon de la gloire (The Price of Fame) The Midnight Swim Marie Heurtin (Historien om Marie) Red Army Corbo Leviathan Svenskjävel Urok (The Lesson) Eliza Graves (Stonehearst Asylum) Blood Moon Gemma Bovery Sume (Sumé – The Sound of a Revolution) Dirk Ohm – Illusjonisten som forsvant Under the Skin Å vende tilbake
  16. Skreiv ikkje du må nynorsk ein gong, Jarmuch? Douglas Regi: Pål Bang-Hansen Noreg, 1970 Eit skittent og støvete portrett av ein usympatisk etterretningsagent. Filmen er i hovudsak kjent for to ting: Det eine er at den var kontroversiell (rett nok berre i ultrapuritanske Noreg anno 1970), og det andre er at Rolv Wesenlund for ein gongs skuld spelar ei seriøse rolle. Mange har skrytt av prestasjonen hans, men eg er skeptisk. Som humorist har han ein uslåeleg taiming på sitt beste, men tittelrolla i ein karakterdriven film som Douglas krev skodespelarprestasjonar av eit ganske anna kaliber. Tidvis verkar det som om Wesenlund er direkte ukomfortabel og ikkje heilt veit kva slags film han er med i. Den alltid solide Tom Tellefsen er derimot mykje stødigare i rolla som kompanjongen hans. Ikkje den mest minneverdige filmen, men det grimme svartkvitt-fotoet og den forholdsvis slagkraftige tematikken trekk opp. The Trials of Henry Kissinger Regi: Eugene Jarecki USA, 2002 Dokumentar som tar utgangspunkt i boka The Trial of Henry Kissinger, som Christopher Hitchens skreiv rett før han fekk seg ein kakk i hovudet. Hitchens og andre samfunnsrefsarar trekk fram døme på Kissinger sine krigsforbrot, medan forsvararane til Kissinger parerer. Ofra for den amerikanske utanrikspolitikken under den kalde krigen (som var alt anna enn kald) får vi ikkje høyre noko frå. Eg opplever dette som ein tørr skuledokumentar om diplomatisk drøvtygging, forsterka av ei autoritær forteljarrøyst av Brian Cox. Eg har bladd ein del i boka til Hitchens og tykkjer den er tusen gonger saftigare. Sleuth Regi: Kenneth Branagh England, 2007 Jude Law har rota med kona til Michael Caine. Slikt blir det bråk av; spesielt når det er Harold Pinter som har tilpassa Anthony Shaffer sitt skodespel til filmformat. Pinter sjølv, som er ein heilt enorm skodespelar, dukkar opp i eit kort augeblikk på ein fjernsynsskjerm, men elles får Law og Caine boltre seg utan innblanding frå nokon andre. Replikkane sit som støypt i kjeftamentet under ordkrigen mellom dei to hovudrolleinnehavarane. Eg har ikkje nok kjennskap til Shaffer til å vite om han skal ha æra for dette, men det er enkelt å kjenne att Pinter sin underfundige og brutale humor og hans intense og tilslørte maktkamp, som sit implisitt i nesten kvar replikk. Den sylkvasse dialogen vert forsterka av det teatrale skodespelet. Som ein motvekt til dei teatrale verkemidla, skapar den stilistiske regien til Branagh passeleg distanse frå teateret. Eg er stor Pinter-fan og skal definitivt sjå fleire filmar han har skrivi manuset til. Eg har ikkje sett Sleuth-filmatiseringa frå 1972.
  17. La Révolution française Regi: David Ambrose og Daniel Boulanger Frankrike, 1989 Kven sa at dramatisert film ikkje kan skildre ei historisk hending utan å forfalske ho? Kven sa at dramatisert film ikkje kan vere like lærerik som ei historiebok? La Révolution française er eit knallhardt spark i ballane til alle som liksom skal forfekte marknadstilpassa tvangstrøyer (men dei kallar det sjølvsagt "kunstnarisk fridom"). La Révolution française er eit påkosta kostymedrama som vart laga i samband med 200-årsmarkeringa av revolusjonsutbrotet. Filmen startar med den skjebneironiske situasjonen der den 17 år gamle Robespierre les ei latinsk tale til ein uinteressert Ludvig XVI. Deretter hoppar vi fram til utbrotet i 1789 og følgjer tumultane heilt fram til giljotineringa av Robespierre. Ein merkar tvert kor historisk korrekt filmen er. Det er forløysande å sjå at ein film kan skildre ei så komplisert handlingsutvikling utan å feige ut på lettvinte snarvegar. Når La Révolution française følgjer faktiske hendingar, eller i verste fall apokryfe hendingar, til punkt og prikke, kjem autentisiteten snikande nesten av seg sjølv. Autentisiteten vert også løfta fram av solide skodespelarar, som fjernar dei dogmatiske klistrelappane som altfor mange av aktørane i den franske revolusjonen har fått. Jean-François Balmer er spesielt overbevisande og leverer ei sympatisk tolking av ein sjenert kong Ludvig XVI. Han er omringa av eit knippe av Europas fremste skodespelarar, som til dømes Jane Seymour som Marie Antoinette, Andrzej Seweryn som Robesipierre, Klaus Maria Brandauer som Danton, Sam Neill som La Fayette, Peter Ustinov som den reaksjonære Mirabeau og Claudia Cardinale som adelsdama Yolande de Polastron. Det einaste ankepunktet eg har mot skodespelarensemblet er at Christopher Lee spelar bøddelen Charles-Henri Sanson. Det er ikkje noko galt med korleis Lee spelar, men sjølve skodespelarvalet skurrar veldig mykje. For det fyrste luktar det unekteleg B-film og erke-antagonist tvert han dukkar opp som ein svartkledd bøddel. For det andre klarar eg ikkje unngå å tenkje på at han som tenåring faktisk var vitne til den siste offentlege giljotineringa i Frankrike. Og for det tredje var det ikkje Charles-Henri Sanson som giljotinerte Marie Antoinette, men sonen hans (som er den einaste historiske feilen eg har oppdaga i filmen). Med tanke på at resten av filmen er så fordømt edrueleg og historisk korrekt, strir valet av Christopher Lee mot filmen sine prinsipp. Men for all del! I løpet av fem timar presenterer filmen ei autentisk og balansert skildring av eit av dei viktigaste politiske omveltingane i menneskehistoria, akkompagnert av passeleg pompøse tonar av fantastiske Georges Delerue. Skal du sjå éin historisk film berre for historia sin eigen del, så veit du kva du har å gjere. For å sitere Woodrow Wilson: «It is like writing history with lightning.» Daliás idök (Heroic Times) Regi: József Gémes Ungarn, 1983 Da eg var unge såg eg The Princess and the Goblin av József Gémes ørten gonger på VHS med øyredøyvande klein røystomsetjing. Denne Gémes-filmen, Daliás idök, er derimot noko heilt anna enn ein kommersiell barnefilm. Likevel er den skuffande i forhold til alle dei enorme gjetorda den har fått. Måling-på-glas-animasjonen er rett nok like eksepsjonelt vakker som alle skal ha det til. Problemet ligg heller i det auditive. Diegetiske ljodeffektar er erstatta med innpåsliten orkestral musikk. Mangelen på ljodeffektar passar dårleg saman med dei mange scenene med mykje ytre handling. Eg trur nok at bileta ville om mogleg sett enda betre ut med ordentleg ljod. Ein sjølvskriven film om du er interessert i animasjonsteknikkar, men elles er det lite å hente her. Teen Witch Regi: Dorian Walker USA, 1989 Tenåringskomedie om ei jente som oppfyller alle draumane sine etter at ho oppdagar at ho eigentleg er ei heks. Klisjear og stereotypar heng på rekkje og rad. Den stinkande eima av ungdomskultur på 80-talet er så påtrengjande at det er umogleg å ikkje oppleve filmen som sjølvironisk – sjølv om eg neimen ikkje er sikker på om det er intensjonen. Dette kjem tydelegast fram i dei hysterisk elendige musikkinnslaga, som er beint fram fantastiske. Teen Witch er farleg nær å hamne i så-dårleg-at-den-er-god-divisjonen, men det er svært strenge kriterium for å hamne i det selskapet. Førebels har eg berre sett The Room, The Butterfly Effect og Turnaround av Ola Solum som har kvalifisert seg. Likevel er Teen Witch grei underhalding av den flaue sorten.
  18. Tradisjonelt plar eg å sjå over 40 filmar, men fordi eg ligg etter med masterskriving, veit eg ikkje kor mykje eg får med meg av festivalen i år. Har enno ikkje sett meg inn i programmet. Den einaste filmen eg veit at eg heilt sikkert skal sjå er opningsfilmen Tusen bitar. Som den største Afzelius-tilhengjaren i Trøndelag, kjenner eg ei slags møteplikt. Likevel er eg skeptisk til filmen. Kanskje fordi ingen får lov til å øydeleggje inntrykket mitt av det største, kulaste, råaste, vakraste og mest fantastiske mennesket som nokon gong har levd; eller kanskje berre fordi tittelen syg. Låta Tusen bitar er tross alt ikkje ei Afzelius-låt (og om den hadde vori det, ville den ikkje vori representativ for musikken hans). Skjønner ikkje kvifor dei gjekk bort frå arbeidstittelen Feberdansen, men det vert spennande å sjå lell. Kjekt om nokon skrik ut viss dei snublar over nokre gullkorn under festivalen!
  19. Den fjerde nattevakt Noreg, 1960 Regi: Arild Brinchmann Historia om den kontroversielle presten Sigismund i Bergstaden var utgangspunktet for ein av dei fyrste produksjonane i Fjernsynsteatret. Filmen vart faktisk spelt inn og sendt på direkten, noko som NRK naturleg nok slutta med ganske fort. Dei teatrale produksjonsforholda fører til at Den fjerde nattevakt innfrir alle føredommane ein måtte ha mot Fjernsynsteatret. Det vert ikkje akkurat betre av at mange av skodespelarane oppfører seg som om dei spelar (nettopp) teater, utan at det er noko poeng med det. Urda Arneberg er heilt krise. Alf Sommer som Ol-Kanelesa er derimot glimrande. Han har eit naturleg nærvær og ber kvar einaste scene han er med i. I tillegg snakkar han bra rørosdialekt. Takka vere Alf Sommer og kvikke replikkvekslingar, som sikkert er henta frå Falkberget sjølv, er ikkje filmatiseringa av Den fjerde nattevakt så altfor ille lell. Kong Lear Nore, 1985 Regi: Per Bronken Filmnasjonen Noreg har hatt lange tradisjonar med å lage folkelege filmar, spesielt folkelege komediar. Difor er det innmari frigjerande å sjå dei same skodespelarane levere botnsolide tolkingar i ein filmatisert Shakespeare-tragedie som om det er den største sjølvfølgja i verda. Knut Wigert i tittelrolla får kompani av veteranen Lasse Kolstad og yngre skodespelarar som Nils Ole Oftebro, Per Frisch, Svein Sturla Hungnes og Per Jansen. Her snakkar vi om sjølve kremen av norske skodespelarar på 80-talet. Dialogen held seg tett opp til førelegget (trur eg). Settingen er derimot flytta til ei tid som kan minne om fyrste verdskrig. Dette distanserer filmen frå den historiske røynda, ettersom den presenterer eit univers som er direkte ukorrekt. Men det er eigentleg berre kult. Om ein ser bort ifrå ein traust fekteduell mellom Frisch og Hungnes, er dette ei gjennomført kul Shakespeare-filmatisering. Det var tider det; da NRK nytta lisenskronene på slike elleville fantasiar. Kraftidioten Noreg, 2014 Regi: Hans Petter Moland Hemnhistorie der Stellan Skarsgård ryddar vekk gangsterar like effektivt som han brøytar snø med brøytebilen sin. Moland nyttar mange av dei same ingrediensane som i En ganske snill mann. Hovudskilnaden er at karakterane er mykje meir eindimensjonale i Kraftidioten. Til dømes er antagonisten Greven slem, slem og berre slem. Det er herleg å sjå at Pål Sverre Hagen (som eg vanlegvis kan styre meg for) skjønner både kor karikert skurken skal vere og at Kraftidioten er ein tullefilm som treng ein superfæl og flat Disney-skurk som antagonist. I likskap med karakterane er også heile filmuniverset snudd på hovudet og presenterer eit Noreg som ikkje er til å kjenne att. Fleire norske filmmeldarar trekk fram at filmen kommenterer det norske sosialdemokratiet, men eg ser ikkje heilt den. Bortsett frå ein dialog om at alle velferdsstatar ligg i snørike område på kloden og eit par (unødvendige) scener med Atle Antonsen som ihuga senterpartist, er det lite som minner om Noreg i filmen. Universet er for fjernt til det. I staden legg Moland som vanleg vekt på den meir universelle mannsrolletematikken som vi finn i dei tidlegare filmane hans. Eg har ingenting imot fleire humoristiske gangsterfilmar frå Moland. Play Sverige, 2011 Regi: Ruben Östlund Minimalistisk og realistisk film om fem tenåringsgutar som på utspekulert vis overtalar tre jamgamle gutar til å gi frå seg eigendelane sine. Eg registrerar at filmen har blesi mykje liv i debatten om multikulturalisme i Sverige. Eg greier ikkje å sjå at filmen, som er inspirert av reelle hendingar, broderer ut denne tematikken noko vidare. Berre folk som opplever byen som det normale og bygda som ein annan planet greier å oversjå filmen si framstilling av byen som ein kald og kynisk stad. Karakterane bryr seg berre om dei som høyrer til deira eiga gruppe. Elles er dei like distanserte frå kvarandre som kameraet er frå motiva. Alle situasjonane spring ut frå at folk ikkje kjenner kvarandre i det anonyme bysamfunnet. Anonymiteten vert underbygd av den kalde og minimalistiske stilen. Eg er overraska over at "ingen" andre opplever filmen i hovudsak som ein kritikk av urbanismen. Eg har rett og slett aldri opplevd ein film som problematiserer byen så sterkt, så brutalt og så nådelaust som Play. Dette er noko av det beste eg har sett av nyare svenske filmar. Det realistiske filmspråket fungerer enormt bra og vert suverent supplert med uhyre truverdige unge skodespelarar.
  20. Artig å sjå at fleire er interessert i den grovt oversette seine karrieren til Peter Watkins! Filmen vart utgjeven på regionfri DVD for nokre få månader sia. Eg kjøpte den på franske Amazon til ein rimeleg penge: http://www.amazon.fr/Le-Voyage-Peter-Watkins/dp/B00ESFB05M/ref=sr_1_2?ie=UTF8&qid=1386174724&sr=8-2&keywords=LE+VOYAGE
  21. To Kill a Priest Regi: Agnieszka Holland USA, 1988 Uhyre spennande film som er laust basert på dei siste åra av livet til Solidarność-aktivisten pater Jerzy Popiełuszko. Christopher Lambert spelar godt i hovudrolla, sjølv om den tause presten ikkje gir honom så mykje å spele på. Det er derimot Ed Harris som verkeleg tar kaka. I rolla som offiser i tryggleikstenesta portretterer han ein mann som må slå ned på demonstrantane samstundes som han skal vere ein omsorgsfull familiefar. Jo da, vi har sett slike dobbeltrolledilemma mellom jobb og familieliv før, men aldri så godt skildra som her. Harris leverer ein av dei sterkaste skodespelarprestasjonane eg nokon gong har sett. Eg har aldri vori nokon Harris-tilhengjar, men herre fred, han er jo heilt enorm! Minst like sterk er regien til Agnieszka Holland. Ho lèt fleire ulike partar i konflikten få komme til ordet og handsamar alle med stor respekt. Det mest interessante er at eg får like stor sympati til offiseren som til presten (men som ikkje passa inn i Roger Ebert si svartkvite og veldig platte melding av filmen). At dette er ein fantastisk film, skjønner ein allereie etter å ha sett det fantastiske anslaget; filmar med så botnsolide anslag har rett og slett ikkje lov til å utvikle seg til å bli dårlege. Songteksten til Joan Baez understrekar det dualistiske forholdet mellom presten og offiseren med bibelske undertonane i den smellvakre songen The Many Crimes of Cain, komponert av legendariske Georges Delerue. To Kill a Priest er ein gløymd skatt. Bles støvet frå denne filmen så fort som rår og lèt den få den plassen den fortener. Dette er den fyrste filmen eg ser av Holland, og ettersom den er berre ein liten parentes i karrieren hennar, er det lov å vone på noko stort her. Hitlerjunge Salomon Regi: Agnieszka Holland Tyskland, 1990 Eg måtte sporenstreks sjå meir av Holland, og dette er nesten like bra som To Kill a Priest. Hitlerjunge Salomon (som av ein eller annan merkeleg grunn er meir kjend under den internasjonale og veldig inkjeseiande tittelen Europa, Europa) er basert på den utrulege og sanne historia om den jødiske tenåringen Salomon Perel sine opplevingar under andre verdskrig. Perel hamnar i den eine livsfarlege situasjonen etter den andre, men bergar seg på mirakuløse vis. Sjølv om handlingsreferatet i filmen kan høyrest ut som ein Idi i smotri-liknande skrekk-odyssé, er Hitlerjunge Salomon forbausande lystig i tonen. Det sterkaste trekket med filmen er at den aldri er moraliserande eller prøver å ta standpunkt overfor dei merkelege og litt kontroversielle vala hovudpersonen tar. Ein underhaldande film med ei ekstremt forbausande historie. For å avslutte med ein floskel: Det er berre sanne historier som kan vere så utruleg som denne. Enskilda samtal Regi: Liv Ullmann Sverige, 1996 Ekstremt intenst! Pernilla August og Samuel Fröler spelar Anna og Henrik Bergman for andre gong. Ullmann vidareførar Ingmar Bergman sitt manus med så stødig hand at det overgår det meste Bergman har gjort. Dei sterke skodespelarprestasjonane tydar på at Ullmann har arva det same talentet for personinstruksjon som Bergman hadde – og litt til! Fy flate, dette er uhyre sterke saker! Ein av dei 20 beste filmane eg nokon gong har sett! The Hobbit: The Desolation of Smaug Regi: Peter Jackson USA, 2013 Alt ser ut som plastikk. Universet er jålete og tilgjort. Og som så mange har peikt på før meg: filmen er for lang! Likevel er denne oppfølgjarfilmen betre enn den fyrste. Vanlegvis har eg ikkje sansen for den barnselege action-akrobatikken ein finn i Tolkien-filmatiseringane til Jackson, men "tynnene på ville vegar"-scena er eit klart unnatak. Olivier, Olivier Regi: Agnieszka Holland Frankrike, 1992 Laust basert på ei sann historie om ein 9 år gammal gut som forsvinn frå familien og dukkar opp att seks år seinare. Filmen er ikkje like mega-sterk som dei to ovannemnde Holland-filmane. Kanskje er ho best til å skildre politiske konfliktar frå nyare europeisk historie enn dysfunksjonelt familieliv med eit ødipalt bakteppe. Men for all del, filmen er god den! Det er forbausande at Holland har inkludert ei bihistorie om psykokinese utan at det har nokon som helst innverknad på resten av historia. Det skapar ei underleg blindgate, som eg fell pladask for. Flott film! Even Hitler Had a Girlfriend Regi: Ronnie Cramer USA, 1992 Søppel-kultfilm om ein tryggleiksvakt som er avhengig av porno og prostituerte. Tittelen har alt ein søppelfilmtittel skal innehalde. Diverre vert ikkje filmen meir enn ein tidvis småmorosam mjuk-mjukpornofilm. Atlantis: The Lost Empire Regi: Gary Trousdale og Kirk Wise USA, 2001 Det som startar som ein smidig animasjonfilm som intelligent smeltar saman ulike tidsperiodar i eitt og same univers, vert liksom-artig kaos så fort bipersonane vert presentert. Det er kjekt å sjå Disney-filmar utan synging og dansing i ny og ned, men elles er det ikkje mykje positivt å hente her. Resan (The Journey) Regi: Peter Watkins Kvart einaste minutt av denne 15 timar lange gigant-dokumentaren er fylt med hardslåande fakta om verda – om våpenindustrien, om fattigdom, om språkleg diskriminering, om kvinneundertrykking i Algerie, om Hiroshima- og Nagasaki-åtaka, om norske styresmaktar sine naive evakueringsplanar, om transport av masseøydeleggingsvåpen gjennom sivile nabolag, om mangelen på fredsundervising i skulevesenet, om manipulerande klipping i audiovisuelle nyhendesendingar, om korleis fredsaktivistar vert marginaliserte av media, om latterleg nøye arrangerte politiske toppmøte og om korleis uskuldige menneske har fått ressursgrunnlaga sine øydelagt som følgje av atomprøvesprengingar. Dette er Peter Watkins sitt magnum opus. Den lyt vere pensumfilm for alle menneske i heile verda – frå Leningrad til Quebec, frå Stjørdal til Polynesia. Til tross for den kompliserte strukturen med mange parallelle tema, er dette ein enkel film som snakkar eit enkelt språk. Watkins prøver aldri på å vere noko anna enn folkeleg, lettfatteleg og ikkje-elitistisk. At han presenterer stoffet på ein enkel måte, passar godt inn i den anti-autoritære ideologien hans. Ein kan for så vidt kritisere Watkins for å stille for mange leiande og retoriske spørsmål, men denne kritikken bleiknar når Watkins demonstrerer korleis fjernsynsnyhenda manipulerar tilskodaren med raske klipp på ein langt, langt verre måte. Resan markerar for alvor eit vendepunkt i Watkins sin filmografi. Etter Resan laga han Strindberg-biografien Fritänkaren og Parisarkommunen-skildringa La commune (Paris, 1871). Begge er i likskap med Resan rasande kritiske til monoformen, som Watkins meiner er den einaste formidlingsforma som vert nytta i fjernsynet og kommersielle filmar i dag. Men det er med Resan at bodskapen kjem best fram. Resan er ikkje berre den viktigaste filmen Watkins har laga; den er den viktigaste filmen eg nokon gong har sett! Store delar av filmen er spelt inn på Stjørdal. Her er nokre klipp: http://youtu.be/TmFxcTIzUog
  22. Obyknovennoye chudo (An Ordinary Miracle) Regi: Mark Zakharov Sovjetunionen, 1978 Musikalkomeide om ein trollmann (Oleg Yankovskiy) som møter ein bjørn som er forvandla til ein mann. Filmen byr på ei handfull morosame dialogar, og den alltid karismatiske Andrey Mironov er som vanleg veldig til stades når han visar seg framom kameraet. Men elles er filmen keisam, fyrst og fremst på grunn av at den veldig teatrale stilen ikkje tilfører noko anna enn eit kvelartak på alt film er. Sorok pervyy (The Forty-first) Regi: Grigoriy Chukhray Sovjetunionen, 1956 Nydeleg fargefilm lagt til borgarkrigen om ein raud snikskyttar som forelskar seg i ein kvit offiser. Der propagandafilmen Trinadtsat (Therteen) av Mikhail Romm framstiller ørkenen som ein nådelaus levande organisme, festar krigsveteranen Chukhray fokuset på menneska som kjempar mot naturen. Saman med den sentrale kjærleikshistoria vert dette ein meir human og mindre propagerande krigsfilm. Dei prangande landskapsbileta er ikkje berre veldig, veldig vakre, men dei framstiller også ein hard natur som sakte og uhyggeleg tar livet av den eine karakteren etter den andre – anten det er knusktørr ørkensand eller hardhjarta uvêr på sjøen. Slutten er enorm! Vam i ne snilos... (Love and Lies) Regi: Ilya Frez Sovjetunionen, 1981 Enkel og småsøt film om eit West Side Story-aktig kjærleiksforhold mellom to tenåringar, der ungdommen forstår meir om kjærleik enn foreldra. Filmen spelar underleg lite på seksualitet og fysisk kontakt mellom hovudpersonanene – dei kyssar ikkje eingong – men klarar likevel å formidle ei truverdig kjærleikshistorie. Den er langt frå å verte noko En kärlekshistoria, men grei nok lell.
  23. Na srebrnym globie (On the Silver Globe) Regi: Andrzej Zulawski Polen, 1988 Filmen vart spelt in på midten av 70-talet, men vart stoppa av dei polske styresmaktene før den var ferdig på grunn av at budsjettet sprakk. Ein kan ikkje sjå bort frå at det var politiske grunner også. I 1988 vart filmen derimot utgjeven med kommentarar av Zulawski for å fylle att hòla der dei ufullførte scenene skulle vere. Filmen er basert på dei to fyrste voluma av ein romantrilogi av Jerzy Zulawski, gammalonkelen til Andrzej, og handlar om to jordiske vitjingar til ein framand planet, gjort på to ulike tidspunkt. Den fyrste vitjinga er skildra gjennom astronautane sine eigne kamera (her snakkar vi 20 år før funne filmopptak vart popularisert med The Blair Witch Project). Men dette er berre førebokstaven i det grensesprengande levenet Zulawski trykkjer i trynet vårt her. Han nyttar nesten konstant rørleg kamera, ulike fargetonar og eit oppjaga tempo som får filmen til å sjå langt yngre ut enn kva den er. Den surrealistiske atmosfæren, forsterka av ekstremt ekspresjonistisk skodespel og heilt ville kostyme, får filmen til å likne meir på ein grøssarfilm enn ein science fiction-film. Ankepunktet mitt mot filmen er at eg sleit veldig med å følgje historia og fekk dimed ikkje så stort utbytte av eventuell symbolikk som truleg ligg her. Dei rastlause kamerarørslene er likevel nok til å hypnotisere meg i "apatisk sikling"-modus dei gongene eg datt av det narrative lasset. Eg har aldri kommi over ein eldre science fiction-film som ser ut som om den like gjerne kunne vorti laga i dag. Na srebrnym globie er ikkje så veldig langt unna å verte det. Treasure Island Regi: Raoul Ruiz USA/Frankrike, 1985 Modernisering av klassikaren til Robert Louis Stevenson. Dette er den fyrste filmen eg ser av Ruiz (jau, eg veit dette ikkje er den mest opplagte staden å byrje, men det vart no berre sånn). Filmen er like uføreseieleg og tulleruskete som rollelista (ein ung Melvil Poupaud, ein vaksen Jean-Pierre Léaud, Anna Karina og Martin Landau). Dette er korkje ein barnefilm, ein vaksenfilm, ein konvensjonell film eller ein meir kunstnarisk film. Filmen er ei udefinerbar røre som er så snedig at resultatet er veldig underhaldande. Eg har aldri sett maken eigentleg. Släpp fångarne loss, det är vår! Regi: Tage Danielsson Sverige, 1975 Ein lang mann (Tage Danielsson) og ei lita dame (Lena Nyman) skal få Ernst-Hugo Järegård ut or fengselet. Men i vegen står verdas mest tomsete fengselsdirektør (Gösta Ekman) Barnsleg svensk satire av beste merke. Å sjå Jan Malmsjö syngje og danse veggimellom på fengselscella er verdt filmen aleine. Hundhotellet Regi: Per Åhlin Sverige, 2000 Denne gongen er ikkje Per Åhlin i det politiske hjørnet, men konstruerer heller ei harmlaus Agatha Christie-liknande detektivhistorie. Tomas von Brömssen er kosteleg som nervøs resepsjonist. Hundhotellet er vel verdt ei vitjing, men eg vil mykje heller reise til fantastiske Melonia. I huvet på en gammal gubbe Regi: Tage Danielsson og Per Åhlin Delvis live-action og delvis animert film, der Tage Danielsson og Per Åhlin slår seg saman og leverer varene på kvart sitt felt. Ja, dette er like herleg som det høyrest ut som! Ein gammal mann (Hans Alfredson) hamnar på aldersheim, der han mimrar tilbake på livet sitt. Den svært enkle animasjonen framstiller det ufullstendige minnet til mannen på ein glimrande måte. I løpet av ein time og eit kvarter formidlar filmen ei detaljrik livshistorie heilt frå vogge til aldersheim. Szaffi Regi: Attila Dargay Ungarn, 1985 Taletrengt og masete animasjonsfilm. Eg skjønner ikkje om filmen er mynta på born eller på vaksne. Eg fattar heller ikkje korleis Vuk-regissør Dargay kunne lage noko slikt. Snorkande keisamt. Chirin no suzu (Ringing Bell) Regi: Masami Hata Japan, 1978 Denne liknar derimot mykje meir på Vuk. Små søte dyr teikna med barnslege og enkle strekar er plassert inn i eit mørkt og nesten grotesk univers. I dette tilfellet dreier det seg om eit lam som mistar mora si under eit ulveåtak. Tommel opp for den tilsynelatande harmlause stilen som får seg eit kraftig og velretta slag i andletet når mørkret trugar. Men elles er tematikken om å bryte naturen sine grenser i overkant velkjent. L'âge d'or Regi: Luis Buñuel Frankrike, 1930 Artig surrealistfilm stappfull av snertne og litt sinte kommentarar. Som vanleg er borgarskapet og religionen skyteblinkar når Buñuel tar ladegrep. Det er ikkje alt eg forstår, til dømes at ein mann sparkar ein fiolin nedover gata. Anten er det eg som er dum som eit julebrød, eller så er det Buñuel som ikkje tykkjer det er så farleg at alt skal innehalde bodskap. Artig film er det lell. Kanskje meir artig enn god. Thunderheart Regi: Michael Apted USA, 1992 Den einaste motivasjonen eg hadde til å sjå Thunderheart var at den er laust basert på Wounded Knee-konflikten i 1973 og historiene om indianaraktivistane Leonard Peltier og Anna Mae Aquash, som eg har fått kjennskap til gjennom viskunsten til den grådig underkjente Jim Page. Filmen er heilt som forventa. Indianarkulturen blir presentert gjennom auga til den kvite mannen – med alle klisjeane og stereotypane som høyrer heime. Val Kilmer spelar ein FBI-agent som har andletet dynka i juksesveitte i tillegg til Sioux-blod i årene. Han står dimed i eit personleg dilemma. Heilt etter boka. Michael Apted har sjølvsagt veldig, veldig gode intensjonar bak filmen, men den ville nok vorti langt meir autentisk og overbevisande dersom også han og manusforfattaren hadde hatt ein dose indianarslekt i blodet; for dette utanfråperspektivet dei støttar seg på er så til dei gradar romantiserande. A Field in England Regi: Ben Wheatley Storbritannia, 2013 Eg vart heilt nøydt til å sjå denne etter det Morty skreiv. Jo da, dette var ein snedig lekkerbisken til den nette sum av tre hundre tusen pund. Filmen er heilt klart best når dei psykedeliske og surrealistiske scenene får fritt spelerom. Sto dney do prikaza (100 Days Before the Command) Regi: Hussein Erkenov Sovjetunionen/Russland, 1994 Ikkje-narrativ film om ungdommar i ein militærleir. Framstillinga av Sovjetunionen som eit totalitært og fullstendig kjenslelaust system passerte ikkje sovjetisk sensur da den vart ferdig i 1990, så filmen vart ikkje synt fram offentleg før Berlin-festivalen i 1994. Den svært tydelege homoerotikken gjorde ikkje saka enklare. Narrativt sett er filmen utfordrande. Scenene får liten eller ingen konsekvens for det som skjer seinare i filmen. Igjen forsterkar dette den vonlause situasjonen hovudpersonane står i, utan at eit einaste fnugg av menneskelege kjensler vert uttrykt direkte. Dei er fanga inne i ein vond sirkel som det er umogleg å komme ut av. Forunderleg film som eg ikkje gløymer med det fyrste.
 
×
  • Create New...