Jump to content

marlowe

Members
  • Posts

    1,537
  • Joined

  • Last visited

About marlowe
 
 
  • Birthday 05/26/1982
 

Contact Methods

  • Website URL
    http://
  • ICQ
    0

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Møre og Romsdal
  • Interests
    Movies, books, comics, literature, football, family and friends.
Contact Information
 
   
Recent Profile Visitors
 
 
9,090 profile views
 

marlowe's Achievements

Newbie

Newbie (1/14)

0

Reputation

  1. Off. Ein av dei verkeleg store skodespelarane i Hollywood dei seinare åra. Nesten alltid eit prov på kvalitet. Ufatteleg trist.
  2. Her er nokre av mine favorittar (i tillegg til fleire av dei du har ramsa opp): Dig! (Ondi Timoner, 2004) Hated: GG Allin and the Murder Junkies (Todd Phillips, 1993) http://www.youtube.com/watch?v=uuU_D-SLxcw Searching for Sugar Man (Malik Bendjelloul, 2012) Patti Smith: Dream of Life (Steven Sebring, 2008) Anvil: The Story of Anvil (Sacha Gervasi, 2008) http://www.youtube.com/watch?v=FF4H8lB2Y_o The Filth and the Fury (Julian Temple, 2000) Joy Division (Grant Gee, 2007) George Harrison: Living in the Material World (Martin Scorsese, 2011) Neil Young: Heart of Gold (Jonathan Demme, 2006) Rust Never Sleeps (Neil Young, 1979) http://www.youtube.com/watch?v=ir9VmO0cBbQ Joe Strummer: The Future is Unwritten (Julian Temple, 2007) Lemmy (Greg Olliver/Wes Orshoski, 2010) Shine a Light (Martin Scorsese, 2008)
  3. Er ute etter desse: Powell Pressburger 100,- Band of Brothers 30,- The Magnificent Ambersons 15,- Vår, sommer, høst 15,- Knife in the water 15,- Sleepaway camp 10,- Black christmas 10,- Switchblade romance 10,- critters collection 10,- Er Nip/Tuck bra?
  4. Ser den med kritikken av rytme, det er lite som driv historia framover i den andre halvdelen, mot kva som skjedde når handlinga var på øya. Men slik fungerer vel kanskje menneskesinnet, ein blir alltid påverka av det rundt seg, noko som resulterer i at sinnet blir flyktig eller passivt. Men som du seier, dette var intensjonen til Antonioni, sjølv om eg som sjåar sleit litt med å halde meg likegyldig gjennom den siste delen av filmen. Eg såg Professione: reporter for ei tid tilbake, og dette gjaldt vel ein del av den også, utan at eg skal påberope meg å hugse altfor mykje av den. Det har vel kanskje med at der er få plotmessige knaggar å henge minna på. L'Avventura var visst nok kontroversiell når den kom. Gjaldt dette det laussleppte seksuelle preget, inkludert homoseksuelle undertonar, eller meir på det narrative, og mangelen på ei linær fortald historie? Eg kunne sjølvsagt ha prøvd å finne svaret på dette elles på verdsveven, men eg lar i staden deg få briljere endå meir med kunnskapen din om filmen!
  5. Interessant at denne drukningsscena, som ein skulle tru var veldig sentralt for historia, blei teke bort. Også veldig spesielt korleis Anna, og leitinga etter henne, berre svinn henn etter kvart som filmen utspelar seg. Og som du seier, Claudia verkar å ta hennar plass og fjerner henne dermed frå lerretet. I første halvdel av filmen var perspektivet veldig vouyeristisk for sjåaren. Det var nærast slik at ein blei dregen inn i filmen, på godt og vondt. Eg fekk blant anna ei ekkel innvendig kjensle i det kamera blei plassert rett bak Sandro som stod speidande på klippekanten. Ei anna scene der sjåaren blir motvillig observerande, er når Anna og Claudia jagar ut dei andre passasjerane frå eit på båten fordi dei skal kle av seg, og kamera berre kviler bakerst i romet. Synest dette perspektivet endrar seg etter kvart som filmen går. I den siste halvdelen tek ein meir direkte Claudia og Sandro sitt perspektiv, i staden for å stå på utsida. Eg sat for øvrig med ei kjensle av at det var mykje Ingmar Bergmansk over denne, og i sær Persona frå 1966, der dei to kvinnelege karakterane går litt over i kvarandre og nærast blir eitt. Kan vel ikkje vere mykje tvil om at godaste Bergman var inspirert av L'Avventura.
  6. Då har eg akkurat fått sett denne. Som du seier, plottet er ikkje det store her. Etter at leitinga på øya har dabba av, sit vi berre att med karakterane og deira skjebne. Leitinga etter at dei har kome på fastlandet framstår ikkje som hovudfokuset, men meir som ein bidel av forholdet mellom dei to fremste karakterane. Menneska i denne filmen framstår som egosentriske og kyniske, med protagonisten Claudia på sida, både økonomisk og kjenslemessig. Lenge er ho den som observerer dei andre, anten det er under akt eller avkledning. Ho er ein voyeur, før ho sjølv blir ein del av det ho har observert. Karakterane verkar kjenslelause og upåverka av det som skjer rundt dei, uansett kor tragiske hendingar som oppstår: å tenkje på korleis mannen din overser deg blir viktigare enn å leite etter ein forsvunnen person. Og ikkje minst fører denne hendinga Sandro og Claudia saman, sjølv om utgangspunkta deira for dette nok er ulike. For ho sit dette langt inn, ho har skuldkjensle, medan han ikkje ser noko problematisk i det, og er direkte usmakleg. Til slutt får Sandro sitt samanbrot, drege i gong av hans eigne handlingar, men vaknar han og endrar sin veremåte av den grunn? Etter to og ein halv time med desse personane stiller eg meg tvilande til det. Det er ikkje håp for dei.
  7. Håpar på ei framleis raudgrøn regjering, men om Høgre skulle kome seg i posisjon (og det er vel det som er mest sannsynleg i følgje alle), så vil forhåpentlegvis Venstre og KrF også vere med. Mange utanlandske medie stillar seg undrande til at FrP kan kome i regjering etter hendingane i 2011, der eit tidlegare medlem var involvert, og eg ser jo klart den. Eg synest Ap handerte krisa på ein god måte. Reknar med å bli skuffa i morga, men ein veit jo aldri.
  8. Har litt problem med å sjå føre meg korleis Fellaini vil passe inn. Moyes brukar som regel 4-4-2, og om planen er at Fellaini skal direkte inn på laget (og det er vel forventa med den prislappen), så ser Carrick-Fellaini ut som dei som vil bli valde. Det luktar ikkje akkurat kreativitet. Då bør Moyes heller gå for ein 4-2-3-1 med dei to defensivt og evt Rooney eller Kagawa i den framskotne midtbanerolla, samt Young/Welbeck/Nani/Valencia på dei to kantane. Kan bli greitt det, men Moyes verkar å vere ein konservativ type, så det spørs. Øzil vil bli fantastisk for Gunners. Fattar ikkje at United-leiren ikkje heiv seg etter han.
  9. Altfor kort frist, vel? Bestilte filmen via play.com same dag som tråden blei oppretta, men har endå ikkje fått den i posten. Vi får gi runda nokre veker til, tenkjer eg!
  10. Då er det vel berre å takke for laget, blausen, for dette ser ut til å bli ein realitet. Dessverre. Hadde gjerne sett han i United, men Moyes meiner altså at Fellaini er eit betre kjøp (slik det framstår no). Herrera verkar grei nok, sjølv om eg ikkje kjenner noko særleg til han. Blir skuffa om det ikkje kjem inn ei overrasking på tampen, men det skjer nok ikkje. Med dei andre topplaga sine investeringar, samt United sine mangelfulle, kan dette fort bli stygt til slutt. Troppa vi vann med i fjor var vel ikkje akkurat av dei beste Ferguson har hatt å jobbe med. Mange gode signeringar av Liverpool også, og med starten dei har hatt (poengmessig) kan dette bli bra for deira del.
  11. Mitt lag Manchester United blir tippa ein stykke ned på tabellen av fleire (4. og 3. av hhv Nettavisen og VG), og eg kan jo forstå det til ei viss grad. Samtidig har laget ikkje blitt svekka på spelarsida sidan førre sesong, og det kjem definitivt inn nokre nye andlet i løpet av dei neste vekene. Ferguson si påverkning blir sjølvsagt sakna, men eg har likevel trua på at Moyes kan få til noko. Til tider flott kombinasjonsspel mot Wigan, og spesielt Wilfred Zaha blir spanande å fylgje. Tvilar også på at Rooney blir seld til ein PL-rival, så då kan det fort ende opp med at han blir på Old Trafford. Fansen gløymer lett om han leverer bra spel på nytt. Verka å vere mykje optimisme kring Arsenal i starten av overgangsvindauget, men slik det ser ut til no har dei berre kvitta seg med mange brukbare spelarar utan å tilføre noko særleg nytt. Visst nok store skadeproblem foran premieren mot Aston Villa i morgon også.
  12. Bestilt! Fint tiltak. Har sakna Visninger og Rop, så eg skal gjere mitt beste for å bidra slik at aktiviteten her tek seg litt opp. Kjem tilbake med eit rop når eg har fått sett den.
  13. Sky Sports melder at Real Madrid har kome med eit tilbod på £85m for Gareth Bale. http://www1.skysports.com/football/news/11675/8848350/transfer-news-real-madrid-bid-85m-for-tottenhams-gareth-bale Kraftig overpris i mine auge, når ein ser kva minst like gode spelarar som Neymar og Götze gjekk for. Bale har også lite erfaring frå det høgste nivået av internasjonal fotball (sjølv om han rundlurte Maicon i nokre kampar for ei tid tilbake). Sjølv om eg trur at han vil slå til, så tek RM ein heilt annan risiko enn då Ronaldo blei kjøpt, først i fremst i fht kultur og klima. Sjølv om eit sal vil vere eit stort tap for Spurs, så vil ein kunne få 3-4 toppspelarar til klubben for kjøpesummen, om heile summen går direkte til overgangar.
  14. http://images.planetf1.com/13/05/800x600/Sir-Alex-Ferguson-Manchester-United-Premier-L_2943644.jpg http://fantasy.premierleague.com/ Det var no på høg tid med ein ny tråd for det komande fotballåret, samt å sparke i gong Fantasy Premier League. Tradisjonen tru blir det kamp om å bli den smartaste fotballmanageren, og årets Diskuterfilm-liga vil bli den 5. i rekkja. 2013-2014 er på førehand spådd å bli ein av dei opnaste Premier League-sesongane på lang tid. Sir Alex Ferguson har gitt frå seg ansvaret i Manchester United, og inn har erfarne, men troféfattige David Moyes kome. I Chelsea er José Mourinho nok ein gong tilbake i rolla som "The Special One", medan dei lyseblå i Manchester har hanka tak i tidlegare Malaga- og Real Madrid-manager Manuel Pellegrini. Samtidig verkar Arsene Wenger og Arsenal å ha meir pengar å rutte med enn vanleg, eller er det dette som endeleg skal bli Liverpool FC sitt år? Om Fantasy Premier League Kort fortalt går dette spelet ut på at du skal velgje 11 spelarar + fire innbytarar (ein i kvart ledd). Du står fritt til å skifte spelarar og formasjon så ofte du vil mellom rundene, men berre ein av desse overgangane er kostnadsfri per runde. Spelarane får poeng etter innsatsen den runda (mål, assists, halde nullen, eventuell bonus), og tilsvarande minuspoeng/mindre poeng (gule/raude kort, innsleppte mål, straffebom). Kapteinen du vel ut får dobbel poengsum. TIDLEGARE VINNARAR: 2009/2010: marlowe (Flø 2) 2010/2011: blausen (Blausen Dynamo) 2011/2012: Bob_3 (Jason Derulo's) 2012/2013: Eazy Magen /Uruloki (The Boredoms) Meir om reglane finn du her: http://fantasy.premi...ague.com/rules/ Koda til Diskuterfilm-ligaen (classic): 485088-121430 Ligaen startar 17. august Det er sjølvsagt lov å melde seg på etterpå også, men ein vil då få færre runder å sanke poeng på. Vi går for premiering denne sesongen også (sjølv om Uruloki ikkje har brydd seg om dette etter førre sesongs siger), og alle som vil vere med på det må skrive det på denne sidan innan utgongen av august. Kvar enkelt deltakar som seier seg villig til å vere med på premiering stiller med ein DVD, Blue Ray, CD e.a. etter vinnarens eige ynskje, til ein sum av £5-7. Med på premiering: marlowe blausen Outze Frenzy
  15. Skal fikse det! Er elles einig med deg i overgangane. Med unntak av Manchester City er dei aller største kjøpa vore i andre ligaer. Mykje snakk om Fabregas til United, og det ser eg gjerne skje. Litt for godt til å vere sant, men samtidig hadde nok ikkje Moyes og couttalt seg slik om ting ikkje kunne gå seg til.
×
  • Create New...