Jump to content

tåa

Members
  • Posts

    1,298
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1
Everything posted by tåa
 
 
  1. Eg trudde faktisk oppriktig talt at eg og han hadde ein god tone saman fram til veldig nyleg, og ante ikkje at han hadde noko imot at eg tiltalte han ved namn (noko eg forresten slutta med straks han sa noko om det).
  2. Kva for "hengling" er det eigentleg snakk om her? Eg har stilt spørsmål ved ein del ting Engangsgrill har sagt her inne, jau då, men aldri oppfatta at han tok dette ille opp inntil no dei siste dagane. Og i religionsdebatten spesifikt har han involvert seg 100% på eige initiativ. Og kan nokon vere så snill og presisere kva for personåtak eg har kome med utanom dei aller siste, som faktisk er reaksjonar på langvarig hån frå Engangsgrill si side? Altså, eg er verkeleg lei meg for å ha tatt ein slik tone, men det var ikkje så reint lite eg hadde sett gjennom fingrane med fram til eg gjorde det.
  3. Fjernar dette innlegget òg. Eigentleg ville eg ha alle dei siste innlegga (frå og med det førre eg fjerna) sletta, ettersom eg synest at heile denne avsluttande samtalen er riktig ubehageleg lesing, men ingen av mine førespurnader om sletting har blitt svarte på.
  4. Jo, det gjer eg, men det kjem du vel aldri til å forstå. Altså, eg meiner verkeleg ikkje å bruke di mentale helse mot deg. Om det kan hjelpe for å overtyde deg og andre om det, så kan eg jo seie her så alle kan lese det at eg sjølv bruker eit psykiatrisk medikament og har slitt med mangt og mykje i årevis. Eg har t.o.m. fått tilbod om plass på ein institusjon. Skilnaden mellom oss i denne samanhengen er at eg takka nei, medan du takka ja.
  5. Eg forstår det, men når du aggressivt fortel meg at eg må jo vere heilt sjuk og bør søkje profesjonell hjelp... Vel, det er litt av eit kort å spele. Men igjen, berre sei ifrå dersom du vil ha noko fjerna.
  6. Det er jo ingen løyndom, då. Du har jo snakka offentleg om diagnosen din mange gonger. Kan redigere bort det med institusjonen dersom det er noko du vil ha for deg sjølv.
  7. Sletta det innlegget som stod her, ettersom det kom heilt feil ut. Eg kan berre leggje meg flat, eg veit ikkje kva eg tenkte. Beklagar.
  8. Eg føler at eg er nøydd til å understreke dette: Tilbodet står framleis. Og berre så det er på det reine: Om du så ikkje tek det i bruk, så meiner eg likevel korkje at du er gal (uttrykka eg har brukt er faktisk berre talemåtar) eller ond (!!!), berre at du er ein tosk, i denne samanhengen. Noko som vel er provoserande nok, men du skal vere klar over at fleire menneske eg er glad i har vore større toskar frå tid til annan. Elles vil eg ha sagt at eg trur du skal vere forsiktig med tolke stillheita som eit uttrykk for at folk står på di side. Det kan like gjerne ha (og har sannsynlegvis, spør du meg) å gjere med at folk vegrar seg mot å tråkke i ei myr. I alle tilfelle står ultimatumet mitt (som eg sjølvsagt stiller for min eigen del, ikkje for forumet sin) ved lag.
  9. Alvorleg talt, det er riiiiiiiiiiiiiiiiiiiimeleg fantastisk at du greier å vrenge dette om til at det er eg som har vore frekk mot deg. Eg kunne ha laga ei lang liste over dine stygge kommentarar til meg; den motsette lista ville ikkje kunne kallast ei liste ein gong. Eg "trur eg har rett til å endre deg fordi me møttest ein gong og har chatta litt"? Det var nytt for meg. "Smakløysa i å referere til Breivik samstundes som eg kritiserer muslimar"? Spørsmålet mitt stilte eg jo nettopp for å avverge ei misforståing. Nei, dette nyttar ikkje. Du er tydelegvis ute av stand til å oppfatte det når du har gjort deg sjølv til latter og er fullstendig utargumentert. Du greier ikkje eingong å oppfatte det når du er nedlatande, eller at det er noko i vegen med å ikkje berre unngå å svare på motparten sine spørsmål, men dessutan unngå å forklare kvifor dei ikkje er verde å svare på. Igjen, dersom Diskuterfilm er ein stad der denne komplette galskapen ikkje møter motstand, så tek eg min hatt og går.
  10. Det motsette, utan tvil. Altså, det eg i utgangspunktet reagerte på var jo ideen om at introduksjonen av halalkjøtt på Utøya var eit symbol på kjærleik til "vårt fargerike fellesskap" og kamp mot rasisme. Først etterpå, som ei naturleg oppfølgjing, uttalte eg meg om meiningsløysa i ritualet.
  11. Lyst til å høyre om kjøttkonsumet mitt? Men ja, det er faktisk verre. Med effektivitet får ein i det minste noko verdifullt tilbake. Sjølvsagt ikkje nok, for å seie det mildt, men det er betre enn ingenting. Elles lurer eg fælt på korleis det at eg aldri et halalkjøtt gjer det "enkelt" for meg å kritisere praksisen. For det første trur eg ingenting på at denne byttehandelen er nødvendig for å viske ut desse skiljelinjene, og for det andre løyser han ikkje det eigentlege problemet. Ville du ha tillate praktisering av urett mot menneske på eit slikt grunnlag?
  12. Dette svaret er så ulideleg kvalmande at ord blir fattige. Her blir det konstruert eit motsetnadsforhold mellom menneske- og dyrevern som deretter blir fancy og aggressivt formulert og presentert som om det var eitt eller anna slags blinkskot. Dette intellektuelle barbariet tråkkar så langt over tålegrensa mi at eg føler meg nøydd til å få avklart i kva omfang det har slått rot. Viss ikkje ein tilstrekkeleg stor del av den aktive brukarbasen her inne stig fram og tek tilstrekkeleg skarp avstand frå både standpunktet og retorikken til Engangsgrill, kan eg ikkje konkludere med anna enn av Diskuterfilm ikkje er nokon blivande stad for meg.
  13. Engangsgrill skal få éin sjanse: Dersom han forklarar at han ikkje meinte å seie at halalslakt kan forsvarast og at det er noko i vegen med å bry seg om dyrevern, så skal eg beklage. Dersom han meinte dette, men trekkjer det tilbake og beklagar, så vil eg setje strek over det. Alle andre alternativ kan han halde for seg sjølv. Om Nyhus gidd eg ikkje å seie anna enn at han treff spikaren midt på spissen. Ein risiko eg meiner at eg var på vakt mot.
  14. Sjølv om det er få ting eg har så lite til overs for som AP-hat, så er det ikkje heilt uvanleg at AP-folk får meg til å rynke på nasen. Dei ser faktisk ut til å gå rundt med ei oppfatning om at heile det norske samfunnet kviler på deira idear. T.d. uttalte Hadia Tajik for ei tid tilbake at Høgre godt kunne prøve å ta æra for "den norske modellen", men at han ikkje tilhøyrde dei av den grunn. Right back at you, liksom. Er eg imot multikulturalisme? Det kjem an på kva som meinast med uttrykket. Ulike kulturar kan definitivt leve side om side i eitt og same land. Tankespinn om kulturhygiene ser eg berre ned på. Men dersom multikulturalisme handlar om å leggje seg flat for kva som helst, å faktisk ønskje velkomen sjølv dei mest bestialske idear under dekkje av "toleranse", då vil eg kjempe mot han med nebb og klør. Halalslakt kan ikkje forsvarast på nokon som helst måte, minst av alt med ikkje-argument som "det er kulturen deira". Å ete kjøtt er etisk diskutabelt i utgangspunktet, men det absolutte minimumskravet må då vere at dyra har det bra så lenge dei lever? Eg skulle ønskje det, eg òg, men eg greier ikkje dette lenger. Eg har hatt mange gode samtalar med Engangsgrill, trass i hans tendens til å seie ting som det er komplett umogleg for normale menneske å dekode. Men eg orkar berre ikkje dette lenger. "... konspirasjonsteorier, unnvikende argumentasjon, spørsmål som bare tjener til å tåkelegge diskusjonen, argumenter som aldri kommer fordi du bare vet og så videre." HÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ??!??????????!!!!!!!!!!!!!!!!!!?????????????? Kva for konspirasjonsteoriar har eg kome med? Kva for påstandar har eg lagt fram utan å argumentere for dei? Har eg ikkje i det minste prøvd å svare på alle innvendingar eg har blitt konfrontert med? Og kor mange spørsmål har eg ikkje stilt som berre har blitt ignorerte? For å ta eitt av dei siste tilfella: Engangsgrill viste til dei ti boda som eit døme på korleis humanismen er mynta på kristne verdiar. Eg spurde han om han har lese desse boda (til dei som eventuelt måtte lure på kvifor: Les dei!). Trommevirvel ooooooog... ingenting. For ikkje å snakke om dei jævla hip hop-sitata eller kva faen dei er. "Does it babble about nothing like a drunk atheist?" Høhø, ja du kan få sagt det du. Smooth burn, høhø...
  15. Dersom du hadde vore her no så hadde eg faktisk slått deg. Du er faen ikkje god, Engangsgrill. Dette er siste gongen eg snakkar med deg.
  16. Okei: Terroristen er sjølvsagt eit monster. Eg har ingenting anna enn forakt for han, og meir har eg ikkje å seie om den saka. Samstundes har eg heller ingenting anna enn forakt for ideen om at me bør tolerere avskyelege praksisar, anten det er av "respekt for andre kulturar" eller kva faen som helst. Vestleg kjøtt-"produksjon" er godt over ille nok frå før, og det siste me treng er uhyrlege, religiøst funderte (òg kjend som meiningslause) slaktritual på toppen av det heile. http://www.youtube.com/watch?v=h_bZzxep87c Her forlangar eg at alle legg merke til skilnaden mellom forakt for ein person og forakt for ein idé.
  17. Det finst fleire ting å reagere på i dokumentaren Historien om en øy (EU-spørsmålet vart avgjort på Utøya i 91?), men ingenting avslører meir om AP-mytologien enn når ein heilt på slutten stolt trekk fram introduksjonen av halalkjøtt på sommarleiren som eit uttrykk for "mangfald", for inkludering av ulike kulturar. Dersom dette er eit symbol på kva Utøya står for, så er det faktisk ikkje det spor underleg at Utøya for mange symboliserer ei skummel utvikling. Og sidan folk har så vanskeleg for å sjå skilnaden på snørr og bartar: Er det nokon som er i tvil om kva eg meiner om terroristen?
  18. "Ei demokratisering av sexmarknaden etter Kardemommelova sine prinsipp"? Kva er det for noko?
  19. Dette synest eg er eit perfekt høve til å blåse liv i ein god gammal DF-tradisjon: Party in the jungle!!! http://www.funnystatus.com/wp-content/uploads/2013/05/crazy-little-sloth.jpg Gratulerer!
  20. Er det noko i vegen med at eg bruker namnet ditt? Me har prata ein del saman, så for meg kjennest det litt rart ut å tiltale deg som Engangsgrill. Utover det har eg i grunnen ingenting å seie, for no har du verkeleg gått fullstendig frå sans og samling.
  21. Har faktisk gått i gang med å skrive om noko eg har tenkt på etter denne debatten. Legg det kanskje ut om nokre dagar. Forresten: Korleis deler ein opp sitat med det nye systemet? Eg kan heller ikkje sjå korleis kommunistiske regime skal fungere som noko varselsignal mot anti-religiøsitet. Som eg har sagt tidlegare, så oppfattar eg trua på ein høgare verdsorden som det definerande trekket ved religion. Under kommunismen hadde staten på mange måtar nettopp den rolla. Somme ser jo faktisk på kommunisme som ein religion på linje med alle andre, og det trur eg kan ha mykje med dette å gjere. Vidare vil eg seie at eg sjølvsagt er 100% einig i at autoritære inngrep er fullstendig utelukka, og håpar verkeleg at ingen trudde noko anna, men eg er redd det kan vere frykteleg naivt av meg. Sjølv om eg generelt liker medlemma her inne riktig godt, så har dei gong på gong i årevis gjort det klart at deira evne til å tolke (og ofte ganske enkelt å få med seg) sine meiningsmotstandarar sine utsegn i beste fall er upåliteleg. Alt eg har lese av Bibelen (og det inkluderer dei truleg høgast elska tekstene) meiner eg er dritt, ja. Kva har dette å gjere med å gå til åtak på ideen om tradisjonar og verdiar generelt? Og sidan når var teologi og religionshistorie eitt og same fag? Har du lese dei ti boda? Ahem! For faen. Tonny, kan du vere så venleg å slutte å kalle meg ekstremistisk?
  22. Her feirer de bronsen Wut? Kva gjekk eg glipp av?
 
×
  • Create New...