Jump to content

tåa

Members
  • Posts

    1,298
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

tåa last won the day on September 17 2010

tåa had the most liked content!

About tåa
 
 
  • Birthday 03/10/1988
 

Contact Methods

  • Website URL
    http://
  • ICQ
    0

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Bygdøy
Contact Information
 
   
Recent Profile Visitors
 
 
8,465 profile views
 

tåa's Achievements

Newbie

Newbie (1/14)

3

Reputation

  1. Eg trudde faktisk oppriktig talt at eg og han hadde ein god tone saman fram til veldig nyleg, og ante ikkje at han hadde noko imot at eg tiltalte han ved namn (noko eg forresten slutta med straks han sa noko om det).
  2. Kva for "hengling" er det eigentleg snakk om her? Eg har stilt spørsmål ved ein del ting Engangsgrill har sagt her inne, jau då, men aldri oppfatta at han tok dette ille opp inntil no dei siste dagane. Og i religionsdebatten spesifikt har han involvert seg 100% på eige initiativ. Og kan nokon vere så snill og presisere kva for personåtak eg har kome med utanom dei aller siste, som faktisk er reaksjonar på langvarig hån frå Engangsgrill si side? Altså, eg er verkeleg lei meg for å ha tatt ein slik tone, men det var ikkje så reint lite eg hadde sett gjennom fingrane med fram til eg gjorde det.
  3. Fjernar dette innlegget òg. Eigentleg ville eg ha alle dei siste innlegga (frå og med det førre eg fjerna) sletta, ettersom eg synest at heile denne avsluttande samtalen er riktig ubehageleg lesing, men ingen av mine førespurnader om sletting har blitt svarte på.
  4. Jo, det gjer eg, men det kjem du vel aldri til å forstå. Altså, eg meiner verkeleg ikkje å bruke di mentale helse mot deg. Om det kan hjelpe for å overtyde deg og andre om det, så kan eg jo seie her så alle kan lese det at eg sjølv bruker eit psykiatrisk medikament og har slitt med mangt og mykje i årevis. Eg har t.o.m. fått tilbod om plass på ein institusjon. Skilnaden mellom oss i denne samanhengen er at eg takka nei, medan du takka ja.
  5. Eg forstår det, men når du aggressivt fortel meg at eg må jo vere heilt sjuk og bør søkje profesjonell hjelp... Vel, det er litt av eit kort å spele. Men igjen, berre sei ifrå dersom du vil ha noko fjerna.
  6. Det er jo ingen løyndom, då. Du har jo snakka offentleg om diagnosen din mange gonger. Kan redigere bort det med institusjonen dersom det er noko du vil ha for deg sjølv.
  7. Sletta det innlegget som stod her, ettersom det kom heilt feil ut. Eg kan berre leggje meg flat, eg veit ikkje kva eg tenkte. Beklagar.
  8. Eg føler at eg er nøydd til å understreke dette: Tilbodet står framleis. Og berre så det er på det reine: Om du så ikkje tek det i bruk, så meiner eg likevel korkje at du er gal (uttrykka eg har brukt er faktisk berre talemåtar) eller ond (!!!), berre at du er ein tosk, i denne samanhengen. Noko som vel er provoserande nok, men du skal vere klar over at fleire menneske eg er glad i har vore større toskar frå tid til annan. Elles vil eg ha sagt at eg trur du skal vere forsiktig med tolke stillheita som eit uttrykk for at folk står på di side. Det kan like gjerne ha (og har sannsynlegvis, spør du meg) å gjere med at folk vegrar seg mot å tråkke i ei myr. I alle tilfelle står ultimatumet mitt (som eg sjølvsagt stiller for min eigen del, ikkje for forumet sin) ved lag.
  9. Alvorleg talt, det er riiiiiiiiiiiiiiiiiiiimeleg fantastisk at du greier å vrenge dette om til at det er eg som har vore frekk mot deg. Eg kunne ha laga ei lang liste over dine stygge kommentarar til meg; den motsette lista ville ikkje kunne kallast ei liste ein gong. Eg "trur eg har rett til å endre deg fordi me møttest ein gong og har chatta litt"? Det var nytt for meg. "Smakløysa i å referere til Breivik samstundes som eg kritiserer muslimar"? Spørsmålet mitt stilte eg jo nettopp for å avverge ei misforståing. Nei, dette nyttar ikkje. Du er tydelegvis ute av stand til å oppfatte det når du har gjort deg sjølv til latter og er fullstendig utargumentert. Du greier ikkje eingong å oppfatte det når du er nedlatande, eller at det er noko i vegen med å ikkje berre unngå å svare på motparten sine spørsmål, men dessutan unngå å forklare kvifor dei ikkje er verde å svare på. Igjen, dersom Diskuterfilm er ein stad der denne komplette galskapen ikkje møter motstand, så tek eg min hatt og går.
  10. Det motsette, utan tvil. Altså, det eg i utgangspunktet reagerte på var jo ideen om at introduksjonen av halalkjøtt på Utøya var eit symbol på kjærleik til "vårt fargerike fellesskap" og kamp mot rasisme. Først etterpå, som ei naturleg oppfølgjing, uttalte eg meg om meiningsløysa i ritualet.
  11. Lyst til å høyre om kjøttkonsumet mitt? Men ja, det er faktisk verre. Med effektivitet får ein i det minste noko verdifullt tilbake. Sjølvsagt ikkje nok, for å seie det mildt, men det er betre enn ingenting. Elles lurer eg fælt på korleis det at eg aldri et halalkjøtt gjer det "enkelt" for meg å kritisere praksisen. For det første trur eg ingenting på at denne byttehandelen er nødvendig for å viske ut desse skiljelinjene, og for det andre løyser han ikkje det eigentlege problemet. Ville du ha tillate praktisering av urett mot menneske på eit slikt grunnlag?
  12. Dette svaret er så ulideleg kvalmande at ord blir fattige. Her blir det konstruert eit motsetnadsforhold mellom menneske- og dyrevern som deretter blir fancy og aggressivt formulert og presentert som om det var eitt eller anna slags blinkskot. Dette intellektuelle barbariet tråkkar så langt over tålegrensa mi at eg føler meg nøydd til å få avklart i kva omfang det har slått rot. Viss ikkje ein tilstrekkeleg stor del av den aktive brukarbasen her inne stig fram og tek tilstrekkeleg skarp avstand frå både standpunktet og retorikken til Engangsgrill, kan eg ikkje konkludere med anna enn av Diskuterfilm ikkje er nokon blivande stad for meg.
  13. Engangsgrill skal få éin sjanse: Dersom han forklarar at han ikkje meinte å seie at halalslakt kan forsvarast og at det er noko i vegen med å bry seg om dyrevern, så skal eg beklage. Dersom han meinte dette, men trekkjer det tilbake og beklagar, så vil eg setje strek over det. Alle andre alternativ kan han halde for seg sjølv. Om Nyhus gidd eg ikkje å seie anna enn at han treff spikaren midt på spissen. Ein risiko eg meiner at eg var på vakt mot.
×
  • Create New...