Jump to content

Boba

Members
  • Posts

    119
  • Joined

  • Last visited

Contact Methods

  • Website URL
    http://boba.no

Profile Information

  • Gender
    Male
  • Location
    Mo i Rana
Contact Information
 
   

Boba's Achievements

Newbie

Newbie (1/14)

0

Reputation

  1. «A good many dramatic situations starts with screaming.» *glis* Barbarella er digg! Vil tilrå eit par av dei gamle frå Universal. Då særskilt Creature from the Black Lagoon-trilogien, samt Frankenstein og Bride of Frankenstein. Er samd med Infenso om La planète sauvage, dei som nemnte A Scanner Darkly, Zann om Invasion of the Body Snatchers frå 1956 og Billy om nyinnspelinga Body Snatchers frå 1993. Hekk, eg tek gjerne med nyinnspelinga frå 1978, Invasion of the Body Snatchers, sidan den har Donald Sutherland, Jeff Goldblum, Leonard Nimoy og Veronica Cartwright! Men nyinnspelinga frå 2007, The Invasion, er stort sett søppel. Elles diggar eg Forbidden Planet! Shakespeare blanda med Freud - pluss ein kul robot. Eit par andre som er veldig sjåverdige: The Day the Earth Stood Still Dark City The Incredible Shrinking Man The Fly (nyinnspelinga med Jeff Goldblum er kul, men eg tek helst originalen med Vincent Price) Metropolis THX 1138
  2. Samlinga mi er kring 800 videoar, kring 20 i blått. Førebels har eg dobbelt opp av berre éin film: The Day the Earth Stood Still. Kjem neppe til å kjøpa så veldig mykje av det eg allereie har – DVD-formatet er jo godt nok, er ikkje like stor vinst å byta ut det med BD som med VHS til DVD. Eg har hatt ein BD-spelar i over eit år no, så trenden hjå meg er i allefall at nyinnkjøp med DVD held fram ei stund til. Førebels er utvalet og prisen på BD låk. Ikkje faen om eg betalar 250 kroner for ein nyhendefilm når eg kan få den til kring 100-lappen på DVD. Bluray ser veldig bra ut, men ikkje så bra at eg betalar 100–150 kroner ekstra.
  3. *sukk* Det vert ikkje Kosmorama på meg i år heller. Med mindre nokon har lyst til å husa ein stakkars nordlending for ei veke, då? Det verker som om festivalen vert mindre og mindre for kvart år. År 2 var skikkeleg stas, med m.a. Liv Ullmann, og år 3 var programmet heilt tettpakka med både filmar og seminarar. I år ser det nesten ikkje ut til å vera noko ekstraordinært utover filmane, og dei er det langt færre av enn tidlegare. Det same var stoda for fjoråret. Stjernefaktoren er heller ikkje den største. For all del, Hans Petter Moland og Margreth Olin er stas dei, men dei er liksom ikkje heilt Ullmann eller James Schamus…
  4. Endeleg! Då slepp eg å installera Windows Vista, Windows Media Player 11 og TVUPlayer til årets direktesending. (TVU fungerer i Wine, men diverre ikkje WMP - som krevjast av TVU.)
  5. Boba

    WiMP

    Det tekniske bak Wimp syg. Wimp strøymer musikken i lusne 64 kb/s, medan Spotify kjem i 160kb/s. Kvalitetsforskjellen er STOR. Jau, Wimp kan strøyma i opptil 256 kb/s, men Spotify er betre der òg: 320 kb/s. Vidare nyttar Wimp den ufrie og proprietære kodeksen AAC+. Spotify nyttar Ogg Vorbis. For meg er det dimed ikkje noko spørsmål.
  6. Pride and Prejudice and Zombies, då...
  7. The Zombie Survival Guide. Den einaste boka eg har i nattbordskuffa mi.
  8. Tykkjer Berry hadde ein kul takketale då ho mottok razzie som verste skodespelarinne:
  9. Har kladda på eit slikt innlegg på boba.no i jola, så eg kopierer berre verste-lista derifrå: 1. Frost: Portrait of a Vampire 2. Epic Movie 3. Dracula 3000 4. Meet the Spartans 5. Doom 6. Legion of the Dead 7. Blair Witch 2 8. Dumb and Dumberer 9. Catwoman 10. BloodRayne Har heldigvis gløymt bort halvparten av dei dårlege filmane eg har sett...
  10. Ny og ny, fru Blom… Kom ut på net for to sumrar sidan. Men god er den Kjøp DVD-en, og set på kommentarsporet Commentary! The Musical. Glimrande!
  11. 10/10, men med vill gissing trass i at mesteparten var sånt eg eigentleg lyt hugsa frå Kulset-digresjonar på FILM1001 back in the day...
  12. Hugsar ikkje kvar eg kom i frå. Trur kanskje det var nokon som hadde skrive adressa til DFN på tavla på D3, Dragvoll. Var til og med moderator på DFN, utan at eg veit heilt kvifor.
  13. Metropolis Markens Grøde Nosferatu, eine Symphonie des Grauens The Phantom of the Opera The Kid The General Le Voyage dans la lune Das Cabinett des Doktor Caligari Dr. Jekyll and Mr. Hyde Faust – Eine deutsche Volkssage Chelovek s kino-apparatom Steamboat Willie Ko-Ko's Earth Control Sånn, då kjem eg ikkje på fleire.
  14. Ei betre løysing er å setja opp DNS-en rett. Etter det eg kan hugsa, ligg domenenamnet hjå Domeneshop – og det gjer ting enklare med ein gong. Admin lyt logga inn og gå til «WWW-videresending» i kontrollpanelet for diskuterfilm.com. I dette skjemaet legg du til valet http://diskuterfilm.com -> http://www.diskuterfilm.com ☑ (altså merk avkryssingsboksen attmed tekstfeltet). Då skal det fungera. Ei mellombels løysing for dei med Opera er å leggja til www i opera:config#Network|HostNameExpansionPrefix, evt. klikka seg fram i menyane: Verktøy - Innstillingar - Avansert - Nettverk - Fullføring av tenarnamn - Prøv automatisk namnefullføring med - Prefiks: www. Brigd: Ugg, IP.B. øydela opera:config-lenkja mi. De får kopiera adressa, lima inn i adresselina sjølv, og læst som om de klikka på ei lenkje… Brigd 2: Ugg, IP.B. legg til lenkje til diskuterfilm.com i fyrste avsnitt. Det er ikkje meininga, men det gjer vel kanskje heller ikkje så mykje…
×
  • Create New...